- Ikkje berre kvinner blir diskriminerte

- Eg reagerer på korleis universitetsleiinga nektar å behandla diskriminering som eit ålment fenomen, men berre er opptatt av diskriminering av kvinner. Det seier stipendiat Dag Øistein Endsjø, som klaga Noreg inn for ESA for brot på EØS-direktivet om likebehandling av kvinner og menn etter at fleire professorat blei øyremerkte for kvinner.

- Ikkje berre kvinner blir diskriminerte, seier stipendiat Dag Øistein Endsjø, som klaga Noreg inn for ESA på grunn av praktiseringa av øyremerkte professorat for kvinner.
Foto: Martin Toft

Dersom klagen blir tatt til fylgje, kan Noreg ikkje berre bli tvunge til å fjerna ordninga med øyremerking av professorat for kvinner, men landet kan også bli nøydd til å revidera likestillingslova. Det vil ikkje stipendiat Dag Øistein Endsjø ved Institutt for kulturstudiar bli lei seg for.

Gradert diskriminering

- For meg er det klart at dei norske styresmaktene har gradert diskriminering etter kor viktig dei synest den er. Øvst på lista kjem diskriminering av kvinner, deretter diskriminering av etniske minoritetar og nederst på lista kjem diskriminering av seksuelle minoritetar og funksjonshemma, meiner Endsjø.

Han trur ikkje kjønnsskilnadane i Akademia berre er ein fylgje av diskriminering av kvinner, og at situasjonen vil bli verre utan øyremerking av professorat for kvinner.

- Det finst diskriminering på Universitetet i Oslo, men både av menn og kvinner. Og det er slett ikkje sikkert at den skeive fordelinga av kvinner og menn i vitskaplege stillingar har å gjera med kjønn. Det er ikkje sjølvsagt at menn er flinkare til å skaffa seg mellombelse engasjement. Dei mennene som ikkje kjem seg fram, kva med dei? Skal dei bruka olbogane? spør Endsjø.

Han synest at det viktigaste bør vera likebehandling av kjønna.

Hjelpelause

- I dag blir kvinnene framstilte som hjelpelause. Etter mi meining er det mykje viktigare å gå laus på diskriminering som fenomen, anten det går utover kvinner eller menn, etniske grupper, seksuelle minoritetar eller andre grupper. Difor synest eg at Studentparlamentet i Oslo har gått rett veg ved å etablera ein eigen diskrimineringskontakt i staden for ein person som berre tar seg av kjønnsdiskriminering. UiOs likestillingsrådgjevar burde fått eit tilsvarande utvida mandat, seier Endsjø.

Kvalifikasjonar viktigast

Han er oppteken av at det skal vera kvalifikasjonane og ikkje kontaktflata til ein person som skal vera avgjerande for kven som skal tilsetjast ved universiteta og høgskulane.

- Både historieprofessor Francis Sejersted ved UiO, professor i litteraturvitskap ved UiB, Ellen Mortensen og førsteamanuensis i religionshistorie, Bjørn Qviller, UiO, har påpeika tilfelle av kameraderi i forskings- og universitetsmiljøa. På den måten blir det heller aldri mogleg for dei som er for originale i forskinga si å bli tilsette ved ein norsk forskingsinstitusjon. Eit godt døme på det er den verdskjente norske litteraturforskaren, Toril Moi, som aldri fekk verken stipend eller fast stilling i Noreg, noko ho derimot fekk i USA, trekkjer Endsjø fram.

- Det er denne typen diskrimering som kan råka alle uavhengig av kjønn, som det må reagerast mot på universiteta, meiner Endsjø.

Han vil også be UiO undersøkja kvifor prosentdelen kvinner blant nytilsette er så skeiv i forhold til nyutdanna med doktorgrad.

- Det finst nemleg ingen tal som kan forklara kvifor så mange kvinner forsvinn frå Akademia etter at dei er ferdig med doktorgraden, påpeikar han.

Emneord: Universitetspolitikk, Likestilling Av Martin Toft
Publisert 20. sep. 2002 11:58 - Sist endra 10. des. 2008 15:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere