Forskingsrådet skal omorganiserast

Regjeringa vil dela Forskingsrådet inn i tre avdelingar som skal erstatta dei seks områda rådet er delt inn i i dag. - Me har særleg tatt omsyn til kritikken som er komen frå dei som held på med grunnforsking og frå næringslivet, seier statsråd Kristin Clemet.

- Regjeringa går inn for å dela Forskingsrådet inn i tre avdelingar, seier utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet.
Foto: Martin Toft

Dei tidlegare seks områda skal altså delast inn i tre avdelingar som blir organiserte etter funksjon. Det vil bli ei avdeling for fag- og disiplinutvikling, ei avdeling for innovasjon og brukarinitiert forsking og ei avdeling for strategiske satsingar. Hovudstyret vil også få ein sterkare og tydelegare profil enn tidlegare, melder Utdannings- og forskingsdeptartementet i ei pressemelding. I mai i år gjorde regjeringa det klart at den gjekk inn for at modellen med eit forskingsråd skulle vidareførast, men med store endringar samanlikna med dagens organisering.

I dag er Forskingsrådet delt inn i dei seks områda, bioproduksjon og foredling, industri og energi, kultur og samfunn, medisin og helse, miljø og utvikling og naturvitskap og teknologi. Det er regjeringa sitt framlegg til ny funksjonsinndeling som no er klar, og som skal vera grunnlaget for nyorganiseringa av Noregs forskingsråd. Rådet fordeler nærare 4 milliardar kroner til forskings- og utviklingsarbeid ved universitet, høgskular, institutt og i næringslivet. Sjølv meiner regjeringa at dei har tatt spesielt omsyn til grunnforsking og innovasjonsretta forsking i spørsmålet om ny organisasjonsmodell.

Omsyn til grunnforskinga

- I arbeidet med organisasjonsmodellen har me særleg tatt omsyn til kritikken som er komen frå dei som held på med grunnforsking og frå næringslivet om at Forskingsrådet ikkje differensierer nok mellom dei forskjellige brukargruppene. Dei ulike gruppene har ikkje same behov. Det vil difor vera fornuftig med ei avdeling som først og fremst har brukarar innan grunnleggjande forsking og ei avdeling som arbeider med innovasjon og oppdragsforsking, seier utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet, som understrekar at det vil vera Forskingsrådet som arbeider vidare med den konkrete utforminga a modellen.

Hovudstyret vil få færre medlemar og skal ha ei sterkare og tydelegare rolle enn tidlegare. Det skal framleis også vera styre på avdelingsnivå, men dei skal knytast tett opp til hovudstyret. Endringane i strukturen til Forskingsrådet skal fremjast for Stortinget i samband med at statsbudsjettet for 2003 blir lagt fram 4. oktober.

Emneord: Forskning, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 10. sep. 2002 12:18 - Sist endra 10. des. 2008 15:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere