Foreslår eige bachelor-fakultet

UiO bør seriøst vurdera om ikkje all lågare grads undervisning utanom profesjonsstudiar kan handterast av eitt fakultet eller ein "undergraduate school". Det foreslår kollegierepresentantane Camilla Serck-Hanssen og Kristian Gundersen i eit lesarinnlegg i Uniforum.

"UNDERGRADUATE SCHOOL": - Kollegierepresentantane Camilla Serck-Hanssen og Kristian Gundersen foreslår eit eige fakultet eller "undergraduate school" for alle lågaregradsstudiar.
Foto: Martin Toft

Dei viser til at det i dag er tilsett rundt 140 personar i administrasjonen til allmennfakulteta, det vil seia HF-, MN-, SV-, og UV-fakulteta. Med innføringa av 50 studieprogram trur dei at det vil koma krav om å auka talet på administrativt tilsette.

Vil unngå byråkratisering

- Dersom det blir etablert eit felles fakultet for lågaregrads-undervisning, kan dette frigjera ressursar som studieprogramma kjem til å trengja slik at me unngår ytterligare byråkratisering, seier Gundersen og Serck-Hanssen til Uniforum.

Dei fryktar begge at programstyra for studieprogramma er i ferd med å utvikla seg til eit fjerde styringsnivå ved UiO, i tillegg til instituttstyra, fakultetsstyra og Kollegiet.

- Det er dessutan heilt klart at når kvar student skal få ein skriftleg utdanningsavtale med universitetet, ja, då vil det vera behov for nokon som kan administrera denne avtalen på kvart studieprogram. Difor vil me overføra ein del av dagens ressursar på fakulteta til dei administrative oppgåvene dei nye studieprogramma vil føra med seg, understrekar Serck-Hanssen og Gundersen.

Felles bachelor-fakultet

- Det kan løysast om alle studieprogramma på bachelor-nivå blei administrerte av eit felles fakultet. På den måten kunne kvar av studieprogramma svært lett få ein eigen koordinator utan at det ville vera naudsynt å auka talet på administrativt tilsette ved fakulteta. Dessutan kunne det også ført til at enkelte administrative stillingar blei omgjorde til vitskaplege stillingar, seier dei to kollegierepresentantane.

Begge er overtydde om at fakulteta ikkje treng administrera forsking og undervisning på master- og Ph.D.-nivå.

- Dette kan fullt og heilt fagmiljøet ved institutta ta ansvaret for i langt større grad enn eit fakultet. Det ser ut som om allmennfakulteta ikkje lenger har vesentlege oppgåver, men samtidig bind dei store personellressursar, påpeikar Gundersen og Serck-Hanssen.

Ikkje UiOs hovudoppgåve

- Sjølv om lågaregrads-undervisning er viktig med omsyn til rekrutteringa og som økonomiske mjølkekyr, er det ikkje UiOs hovudoppgåve. Det er forsking og undervisning på master- og Ph.D.-nivå. Me er difor redde for at universitetet skal satsa for mange ressursar på lågaregrads-undervisning. Mange ser allereie no på UiO som ein stor høgskule med eit lite universitet midt inne i, påpeikar dei to.

- UiO må satsa mest på det me er best på. Opprettinga av ein "undergraduate school" vil rasjonalisera verksemda og synleggjera utgiftene. Samtidig kan ein bli flinkare på dei spesielle utfordringane undervisninga på lågare grad har, legg Kristian Gundersen til.

Rektor Arild Underdal ved UiO ser behovet for endringar, men trur ikkje eit eige fakultet er svaret.

- Eg tvilar på at eit eige "bachelor-fakultet" vil vera ei hensiktsmessig løysing, men ser for meg eit studieorgan som kan ta vare på viktige samordningsoppgåver og sikra ein effektiv og profesjonell administrasjon, seier han til Uniforum.

- For ikke å overbelasta fagmiljøa, har me i første omgang valt å ta vare på dei nye studieprogramma gjennom enkle tilpassingar av den organisasjonsstrukturen me har i dag. Samtidig har me byrja på ein diskusjon av meir djuptgripande endringar. Eit viktig mål bør vera å få eit betre samla grep om primæroppgåvene, understrekar Underdal.

Les også debattinnlegget på side 12 i Uniforum nr.11.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 25. sep. 2002 10:26 - Sist endra 10. des. 2008 15:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere