Sidan 1975 har Seksjon for japansk ved Institutt for austeuropeiske og orientalske studiar fått mellom 6000 og 12 000 kroner i bokgåve frå¨The Japan Foundation. Dette utgjer mellom 12 og 35 prosent av det samla bokbudsjettet for japansk litteratur. Bøkene er både på japansk og engelsk, og dei fagansvarlege bestemmer sjølve kva bøker som skal kjøpast inn, opplyser seksjonssjef Anette Breder Koch ved Universitetsbiblioteket til Uniforum.
- Det er ei stor ære for meg å få høve til å marknadsføra japansk språk og litteratur på denne måten, sa ambassaderåd Yasuo Takase under ei kort markering i Georg Sverdrups hus. I dag studerer 30 norske studentar japansk ved Universitetet i Oslo.
Logg inn for å kommentere