Ny visjon skal selja UiO

"Vi skal utfordre kunnskapens grenser og gi fremtiden en begynnelse. " Denne setninga blir Universitetet i Oslos visjon om framlegget til omdømmeprosjektet får tilslutning i Kollegiet.

- Formålet med ei slik kommunikasjonsplattform er å skapa eit betre bilete av merkevaren Universitetet i Oslo, seier informasjonsdirektør Helge Kjøllesdal og prosjektleder Birgitte Blom.
Foto: Ståle Skogstad

Omdømmeprosjektet er sett i gang av UiO-leiinga som i samarbeid med selskapet Dinamo har kome fram til ei kommunikasjonsplattform med framlegg til ein felles idé for verksemda, ein visjon, lovnader og verdiar. Kollegiet skal 11. juni diskutera om plattforma gir eit samlande og dekkjande uttrykk for det Universitetet i Oslo vil framstå som i kommunikasjon med resten av samfunnet og dei som arbeider og studerer på universitetet.

Kraftsenter

- Den felles ideen for verksemda blir at UiO skal vera eit vitskapleg kraftsenter på høgt internasjonalt nivå, for utvikling og deling av kunnskap og forståing. I ein forklarande underdel heiter det at gjennom eit mangfald av livskraftige og uavhengige fagmiljø skal universitetet gi verdifulle bidrag til innovasjon og samfunnsutvikling, fortel informasjonsdirektør Helge Kjøllesdal og prosjektleiar Birgitte Blom i Informasjonsavdelinga som har hatt ansvaret for å koordinera prosjektet.

- Når me har valt å ha med ordet kraftsenter i den felles ideen for verksemda til UiO, er det fordi det seier at me er noko meir enn ein institusjon. UiO skal vera eit kraftfullt, energigjevande og energiskapande sentrum i kunnskapssamfunnet med ei "eigenvekt" av kunnskap og kompetanse som er så stor at den verkar som ein magnet på studentar, forskarar og samarbeidspartnarar i inn- og utland. Grunnen til at me har valt å fokusera på eit høgt internasjonalt nivå, er at me ikkje ynskjer å måla oss mot andre universitet og høgskular i Noreg, men at me har som siktemål å levera kvalitet som held mål internasjonalt, påpeikar Kjøllesdal og Blom.

- Det er talet på prisar, graden av publisering, kor mange samarbeidsprosjekt universitetet har med dei beste universiteta i utlandet og interne og eksterne evalueringar som skal måla om UiO held høgt internasjonalt nivå eller ikkje, forklarar Kjøllesdal.

- UiO er dessutan den einaste institusjonen i Noreg som på brei basis kan ha ein slik ambisjon og kunna realisera den, legg han til.

Visjonen og den felles ideen for verksemda ved UiO er blitt utforma av ei prosjektgruppe der dekanane har vore i fleirtal. Selskapet Dinamo har vore prosessrettleiar som gjennom fleire møte og "workshops" på universitetet har fått innspel og idear som ei prosjektgruppe, ei arbeidsgruppe og ei ressursgruppe har jobba vidare med før det blei sett ned på papiret.

- Også sjølvevalueringa, Langtidsplanen (2000- 2004) og ei eiga spørjeundersøking blant studentar har vore ein del av grunnlaget før me utforma ei kommunikasjonsplattform for UiO, fortel Blom.

Skepsis

- Eg legg ikkje skjul på at me møtte ein god del skepsis frå leiarane ved UiO då me lanserte dette prosjektet først gong rett før jul. Men etter kvart har skepsisen forsvunne, og alle dekanane utanom ein, ynskte sjølve å vera representerte i prosjektgruppa. Slik kan også omdømmeprosjektet lettare bli forankra hos toppleiarane ved UiO, og på den måten blir det også deira ansvar å få realisert innhaldet i kommunikasjonsplattforma, seier Kjøllesdal.

Verdiar

Prosjektet har kome fram til at verdiane som skal prega UiO i all kommunikasjon med omverda, er at dei tilsette frå forskarar til teknisk/administrativt tilsette er utfordrande, merksame, glødande og ansvarlege.

Lovnader

I tillegg kjem UiO med fire lovnader både overfor studentar og andre som har med universitetet å gjera:

1. Ei utdanning som gir fleire varierte karrierar og ei fagleg og personleg plattform som held i møte med framtidige utfordringar.

2. Ambisiøse fagmiljø med integritet, fridom til fordjuping og gode sjansar for utvikling gjennom nær kontakt med framifrå forskarar ute og heime.

3. Eit universitet som er aktivt engasjert i utviklinga av det norske kunnskapssamfunnet gjennom dialog og samarbeid.

4. Eit studie- og arbeidsmiljø der eit godt samspel mellom krav og støtte fremjar det beste i oss.

- Både visjonen, den felles ideen for verksemda, lovnadane og verdiane som er sette opp i kommunikasjonsplattforma, skal vera med i den kommunikasjons-planen som skal lagast for UiO. Det blir eit anna prosjekt som skal leggjast ut på tilbod slik at fleire selskap kan vera med på å konkurrera om det oppdraget, fortel Helge Kjøllesdal, som legg til at arbeidet med ein kommunikasjonsplattform har kosta rundt 600 000 kroner.

Varselsklokker

- Formålet med ei slik kommunikasjonsplattform er å skapa eit betre bilete av merkevaren Universitetet i Oslo. Det var fleire spørjeundersøkingar blant studentar om deira inntrykk av UiO der universitetet måtte sjå seg slått av NTNU, som fekk varselsklokkene til å ringja. No skal me sjølve gjera noko for å laga eit heilt anna og meir positivt bilete av UiO, seier Kjøllesdal, som presiserer at Kollegiet har siste ord i denne saka.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 5. juni 2002 09:57 - Sist endra 10. des. 2008 15:35

Logg inn for å kommentere