UiO-evalueringa overraskar ikkje Underdal

- Den eksterne evalueringa går mykje lenger enn sjølvevalueringa i å peika på behovet for ei sterkare sentral styring av Universitetet i Oslo. Det meiner rektor Arild Underdal er den største skilnaden mellom dei to evalueringane av UiO.

- Den eksterne evalueringa overlet prioriteringsarbeidet til dei styrande organa ved UiO, konstaterer rektor Arild Underdal.
Foto: Ståle Skogstad

- I dag er universitetet for desentralisert til at det er mogleg å få gjennomført alle oppgåvene me står overfor, meiner den eksterne evalueringskomiteen. Samtidig peikar på dei på tiltak som kan gjerast som dei truleg ikkje har tenkt nok gjennom dei kostnadsmessige fylgjene av. Eit av råda til komiteen er nemleg at me bør satsa enda meir på hovudfags- og doktorgradsstudiar. Det kunne me nok ha lyst til å gjera, men universitetet kan tapa mange pengar om me tar inn færre lågaregradsstudentar, konstaterer rektor Underdal.

- Det ville ført til at det ville blitt mindre pengar til undervisning på høgare grad, legg han til.

Kvalitetssikring

UiO-rektoren har også lagt merke til at komiteen rår universitetet til å ta fleire radikale steg enn før.

- Evalueringa ber oss om å konsentrera oss om færre område, men samtidig får me ikkje noko råd om kva område me bør nedprioritera. Prioriteringsarbeidet har den eksterne komiteen overlate til UiOs styrande organ, understrekar han. Den eksterne evalueringa ber også UiO om å etablera eit system for kvalitetssikring av undervisning og forsking.

- Komiteen tilrår at me lagar eit meir heilskapleg system for kvalitetssikring og difor er me også i ferd med å sjå korleis utanlandske universitet som har kome langt i dette arbeidet har innretta seg, seier Underdal, som varslar at konklusjonane i evalueringa får fylgjer både for organiseringa av universitetet og prioriteringa til dei styrande organa ved universitetet.

- Gjennom arbeidet med studiereforma er me allereie godt i gang med dette arbeidet. Den breie evalueringa av UiO gir også eit godt grunnlag for arbeidet me gjer både med studiereforma og arbeidet med å styrkja forskinga, slår han fast.

Ikkje overraska

- Er du overraska over innhaldet i den eksterne evalueringa?

- Nei, det er eg ikkje. Også då dei var på synfaring her, la komiteen fram mange av sine førebels konklusjonar. Det som overraskar meg mest er at komiteen i så stor grad byggjer på UiOs sjølvevaluering. Det viktigaste bidraget til den eksterne evalueringa er at den gir fleire eksplisitte råd og har fleire samanliknande data mellom UiO og andre norske og utanlandske universitet, avslører Underdal.

Kollegiet og dekanane vil ha ei samla gjennomgang av den eksterne evalueringa på eit møte i midten av juni medan Kollegierådet vil ha med seg råda som gjeld organisering, styring og leiing under seminaret om organiseringa av UiO onsdag 15. mai. Same dag vil heile innhaldet i den eksterne evalueringa av UiO bli offentleggjort.

Emneord: Universitetspolitikk, EVA Av Martin Toft
Publisert 14. mai 2002 09:36 - Sist endra 10. des. 2008 16:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere