Thabo Mbeki talte til 500 på UiO

Over 500 personar møtte opp på forelesinga til Sør-Afrikas president Thabo Mbeki i Georg Sverdrups hus måndag 13. mai. I forelesinga la han vekt på å forklara kva Den nye partnarskapen for Afrikas utvikling (NEPAD) går ut på. Etter foredraget måtte han også svara på kritiske spørsmål om korrupsjon, korrupte statsleiarar, valet i Zimbabwe og borgarkrigen i Sudan.

- Ny partnarskap for Afrikas utvikling skal fremja demokrati og økonomisk utvikling i Afrika, sa Thabo Mbeki i forelesinga han heldt på UiO 13. mai.
Foto: Trine Nickelsen

I foredraget sitt understreka Thabo Mbeki sterkt kor viktig Den nye partnarskapen for Afrikas utvikling (The New Partnership for Africa`s Development) kan bli for ei lysare og meir demokratisk framtid for Afrika.

- Dette vil innebera stabile styresett, ein kultur med respekt for menneskerettane og folkeleg deltaking i dei styrande organa. Kort sagt skal me gjera alt me kan for å fremja demokrati i Afrika. Me vil også styrkja dei konfliktførebyggjande verkemidla på regionale og kontinentale nivå, og me vil syta for at desse verkemidla blir brukte til å byggja opp fred og tryggja freden.

- Eit mål vil dessutan vera å byggja opp ein varig makroøkonomisk stabilitet gjennom å utvikla høvelege standardar og mål for finans- og pengepolitikk. Det kan sikrast ved å innføra institusjonelle rammeverk som kan oppfylla desse måla. Dessutan vil det vera naudsynt å etablera eit rammeverk med gjennomsiktige og legale kontrollorgan for finansmarknaden og for revisjon av private selskap og offentleg sektor, sa Mbeki.

Han kom også inn på korleis ein slik utviklingsplan for Afrika kunne få positive fylgjer for andre sider av det afrikanske samfunnet.

Nedkjemping av AIDS, malaria og tuberkulose

- Dette vil kunna revitalisera og utvida satsinga på utdanning, teknisk kompetanse, sikra mattryggleiken og gi ei god helseteneste høgste prioritet for å nedkjempa sjukdomar som malaria, AIDS, tuberkulose med fleire. Det må også satsast på ei auka og viktigare rolle for kvinnene i den sosiale og økonomiske utviklinga ved å fremja utdanning av kvinner innan undervisning og fagarbeid. Slik kan me sikra at dei kan få tilgang til kreditt og delta for fullt i det politiske og økonomiske livet i landa våre, påpeika Mbeki.
Han såg dessutan klart behovet for å fremja utviklinga av ein infrastruktur, ein landbrukssektor og vidareforedling av landbruksvarer som kan tena både innanlands- og utanlandsmarknaden.

- Men då er det naudsynt at Vesten byggjer ned tiltaka som vernar deira eige landbruk mot import frå landa i Afrika, understreka Mbeki.

Moderne vitskap

- Dessutan vil det vera naudsynt å setja i verk tiltak som vil gi folk tilgang til fordelane til den moderne vitskapen, inkludert informasjons- og kommunikasjonsteknologi og bioteknologi. Vern av miljøet er også eit svært viktig tiltak, la han til. Han viste til at i avisoverskriftene har Afrika ofte vore synonymt med ei negativ utvikling.

- Men talet på fleirpartival i Afrika og talet på folk som har brukt stemmeretten sin, har aldri vore så høgt som etter 1990, trekte han fram. Mbeki viste til at Organisasjonen for afrikansk einskap (OAU) allereie har vedtatt ikkje å godkjenna statsleiarar som kjem til makta ved bruk av militære midlar.

- Den nye partnarskapen for Afrikas utvikling vil i tillegg oppmoda dei afrikanske landa til å etablera organ som kan forhindra korrupsjon og konfliktar, fremja statlege administrasjonsorgan og styrkja den demokratisk kontrollen og gjennomføra juridiske reformer, sa Mbeki, som også peika på det faktum at dei afrikanske leiarane har blitt samde om å etablera eit eige overvakingsorgan som skal passa på at dei afrikanske landa fylgjer opp intensjonane i denne utviklingsplanen.

Den afrikanske unionen (AU)

- Frå juli i år, vil Organisasjonen for afrikansk einskap (OAU) slutta å eksistera og bli erstatta med Den afrikanske unionen (AU). Den vil arbeida for større einskap, meir solidaritet og større sosioøkonomisk integrering av det afrikanske kontinentet. Organisasjonen skal arbeida for fred, tryggleik og stabilitet på heile kontinentet. Den skal dessutan jobba for å heva levestandarden til det afrikanske folket, fortalde Mbeki ei lydhøyr forsamling i Georg Sverdrups hus, som gav han ein hjarteleg og ståande applaus etter foredraget.

Kritiske spørsmål

Det hindra likevel ikkje at han fekk mange kritiske spørsmål både frå afrikanske og norske studentar, forskarar og journalistar etter at møteleiaren, rektor Arild Underdal, gav ordet til publikum. Ein afrikansk journalist og mediestudent frå Uganda ville gjerne vita korleis Mbeki og dei andre afrikanske leiarane kunne hindra at pengehjelp frå Vesten til slutt hamnar på dei afrikanske leiarane sine konti i europeiske bankar.

Mbeki vedgjekk at det var eit problem og viste til behovet for å etablera eit organ som kan sikra at økonomisk hjelp frå Vesten verkeleg går til utdanning og ikkje i lomma til politiske leiarar. På spørsmål frå ein student frå Sudan om kva Sør-Afrika vil gjera for å skapa fred i Sudan, viste han til at Nigeria har fått oppgåva med å få regjeringa i Sudan og SPLA-geriljaen til å forhandla om ei fredsløysing.

- Konflikten blir ikkje løyst om resten av verda blandar seg inn i desse forhandlingane, meinte Mbeki. Når det gjaldt spørsmålet om kva han meinte om valet i Zimbabwe og opposisjonen sine klare prov på at president Robert Mugabe vann valet på grunn av valfusk, viste han berre til at det same hadde den franske høgreekstremisten Jean Marie Le Pen hevda etter at president Jacques Chirac vann valet med over 80 prosent av stemmene i Frankrike.

Mbeki gav også uttrykk for takksemd overfor Noreg og dei andre nordiske landa for at dei hadde støtta ANC i kampen mot apartheid i Sør-Afrika lenge før raseskilleregimet mista makta.

- Eg er glad for at dei nordiske landa også støttar opp om planen for Ny partnarskap for Afrikas utvikling (NEPAD), sa den sør-afrikanske presidenten, før han avslutta besøket ved Universitetet i Oslo.

Dei som vil lesa heile foredraget til Thabo Mbeki, kan gå inn på fylgjande nettside: http://www.dfa.gov.za/docs/mbek135b.htm

Emneord: Internasjonalisering, Sør-Afrika Av Martin Toft
Publisert 14. mai 2002 12:05 - Sist endra 10. des. 2008 15:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere