- Regjeringa ynskjer ikkje å dela opp Forskingsrådet, men ser for seg store endringar i dagens system. Ein kan difor snakka om etablering av eit heilt nytt forskingsråd, seier utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet. Men ho understrekar at grunnforsking og innovasjonsretta forsking må takast langt betre vare på enn i dag. Samtidig er det viktig å få til gode koplingar på tvers av fag og sektorar for å utnytta det potensialet som ligg i å ha eitt forskingsråd.
Omorganisering
- Sjølv om den framtidige organiseringa til Forskingsrådet på langt nær er klar, meinte Regjeringas forskingsutval at det var viktig å få avklart spørsmålet om det skulle vera eitt eller fleire forskingsråd. Når me til slutt konkluderte med at me ville lata Forskingsrådet halda fram med å vera eitt råd, så var ei av dei viktigaste årsakene til det at kritikken mot rådet eigentleg ikkje har noko å gjera med at det berre er eitt råd, men derimot har med den interne organiseringa av rådet å gjera. Difor ynskjer me heller å omorganisera Forskingsrådet enn å splitta det opp i fleire mindre råd, seier statsråd Kristin Clemet. Ho legg til at norsk forsking er betre i dag enn før Forskingsrådet blei danna i 1992.
Grunnforsking
- På fleire område kunne likevel Forskingsrådet ha fungert
betre, meiner Clemet.
- I evalueringa av Forskingsrådet var det gitt ei svært
stemoderleg handsaming både av grunnforskinga og den
humanistiske og samfunnsfaglege forskinga. Regjeringa legg
vekt på at Forskingsrådet må ha respekt for grunnforskinga
sin eigenart, og ikkje berre avvisa søknader om støtte til
slik forsking med at den fell utanfor eit av dei strategiske
forskingsprogramma. Næringslivet har dessutan klaga på at
Forskingsrådet ikkje er tilpassa næringslivet sine behov.
Difor vil me setja i verk tiltak for å få auka den
næringsretta forskinga. Ikkje minst viktig er det å trekkja
opp grensa mellom Forskingsrådets og Statens nærings- og
distriktsutbyggingsfonds ansvarsområde, fortel Clemet, som
gjerne vil peika på dei tinga som Forskingsrådet har gjort
bra.
- Ikkje minst gjeld det fordelinga av forskingspengane frå EU, den auka satsinga på forskingsformidling og arbeidet med etablering av senter for framifrå forsking. Og både i Sverige og Storbritannia diskuterer styresmaktene om dei skal organisera forskinga i eitt råd i staden for i fleire råd som i dag, konstaterer Clemet.
Tverrgåande samordning
Regjeringa meiner at det må leggjast større vekt på den tverrgåande samordninga. Dette gjeld mellom fag og sektorar og mellom grunnforsking, oppdragsforsking og innovasjon. Difor kjem Forskingsrådets styringsstruktur til å bli gjennomgått for å ta vare på desse omsyna. Regjeringa er dessutan overtydd om at Forskingsrådet må bli ein meir open arena og vera i dialog med langt fleire enn i dag.
- Dette vil seia at Regjeringas forskingsutval vil trekkja inn folk frå forskingsmiljøa, folk frå næringslivet og folk frå resten av samfunnslivet før viktige avgjerder skal takast. Fleire må trekkjast med i utvikling av strategiar og forskingspolitiske prioriteringar og satsingar. Difor har me i vår hatt fleire møte på universitet og høgskular, seier Clemet.
- Forskningsrådet vil framleis vera ei viktig kjelde for forskingspolitisk rådgjeving, men bør ikkje ha monopol på dette slik det er i dag, understrekar statsråden, som oppfordrar alle som har ei meining om Forskingsrådet til å koma med både kritikk og framlegg til forbetringar i dette framlegget. Det endelege forslaget til organisering av Forskingsrådet vil bli lagt fram for Stortinget i samband med statsbudsjettet til hausten.
Halv siger
Rektor Arild Underdal ved Universitetet i Oslo ser framlegget
frå regjeringa som ein halv siger.
- Det virkar som om grunnforskinga og den innovasjonsretta
forskinga kan bli tatt betre vare på i ein slik modell enn i
dag. Føresetnaden er sjølvsagt at både grunnforskinga og den
innovasjonsretta forskinga blir organiserte på sine eigne
premiss. Eg ser dette framlegget som iallfall ein halv siger,
seier Underdal, som reknar med at regjeringa vil ta imot
fleire innspel til konkrete endringar.
- Eg tolkar dette som ein invitasjon til å delta i den vidare diskusjonen om korleis den framtidige organiseringa av Forskingsrådet skal bli. Slik eg ser det, vil dette føra til ganske radikale endringar av det Forskingsrådet me kjenner i dag, og det ser eg på som positivt, understrekar Underdal.
Logg inn for å kommentere