Norsk menneskerettsdommar kritiserer Vitskapsakademiet

- Det kan setjast spørjeteikn ved det etiske og faglege skjønnet når Vitskapsakademiet med kremen av den norske intelligentsiaen let ein tidlegare gresk justisminister frå juntadiktaturet vera medlem. Det seier dommar Hanne Sophie Greve ved Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg.

- Vitskapsakademiet har plikt til å opptre etisk og fagleg forsvarleg, seier menneskerettsdommar Hanne Sophie Greve. (Foto: Universitetet i Bergen)

I juni 2000 blei det kjent at mannen som var justisminister i den greske militærregjeringa i 1968, professor i rettshistorie ved Universitetet i Athen, Johannes Triantaphyllopoulos, ikkje berre hadde fått tildelt Den kongelege norske fortenestordenen, men også var blitt medlem i Det norske Vitskapsakademiet og Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim.

Bakgrunnen for denne æra var at han hadde selt ei boksamling på 40 000 bind, som seinare viste seg å innehalda 15 000 bind , til Det norske instituttet i Athen. Denne "bokgåva" var eit av argumenta for at han blei tildelt den kongelege ordenen og fekk medlemskap i dei to norske vitskapsakademia.

- Korleis ville Noreg ha reagert om akademikarar i Sverige hadde gjort ære på ein nordmann som hadde blitt straffa for brotsverk under Den andre verdskrigen og kommentert det med at desse brotsverka hevar me oss over og gjer likevel ære på han? spør ho retorisk. Vitskapssakademiet forsvarar altså medlemskapen med at Triantaphyllopoulos berre var justisminister for militærregjeringa i tre veker før han såg kva veg det bar.

Kritisk periode

- Dette argumentet tek ikkje brodden av hovudinnvendinga mot professoren. Vitskapsakademiet må sjå på kva tre veker dette var. Det var ein kritisk periode, då juntaen ville fremja ei ny grunnlov for å legitimera seg sjølve, og då trengte dei eit godt namn som justisminister. Dette var samtidig som Noreg, Danmark og Sverige med støtte frå Nederland kom med framlegg om å ekskludera Hellas frå Europarådet på grunn av dei omfattande brota på menneskerettane i landet.

- Difor blei han også suspendert frå professorstillinga si ved Universitetet i Athen i tre år etter at demokratiet var gjeninnført. I alle krigar og dikturperiodar er det nokre lagnadstimar som er særs viktige. Dei tre vekene som Triantaphyllopoulos var justisminister var svært viktige i juntaperioden, konstaterer Hanne Sophie Greve.

Heimlandet dømmer

- Vitskapsakademiet har plikt til å opptre etisk og fagleg forsvarleg. Triantaphyllopoulos blei straffa for eit forhold som hadde direkte relevans til hans faglege virke som professor i rettshistorie. Når heimlandet hans har sett dette som eit problem og straffa han for det, så bør ikkje akademikarar i eit anna land heva seg over det og overprøva ei slik avgjerd med å seia at "han berre var justisminister i tre veker,"konstaterer ho.

- Også etter reglane for Den internasjonale straffedomstolen, som nyleg blei oppretta, er det heimlandet til personen som er sikta, som skal døma han, så sant det er mogleg. Internasjonalt har det vore og framleis er det eit stort problem å få straffa tidlegare toppleiarar. Det har ført til at tidlegare diktatorar som Baby Doc frå Haiti og Idi Amin frå Uganda har kunna leva i sus og dus i fridom i andre land. Det gjer ikkje saka betre at dei som blir straffa, blir gitt utanlandsk heider og "oppreising."legg ho til.

- Eg ser med undring på at Vitskapsakademiet ikkje ser dette som eit problem. Det skulle ha vore interessant å få vita om Vitskapsakademiet har brukt ein av sine eigne juristar eller ein annan jurist for å kunna overprøva ein tidlegare gresk straffereaksjon mot denne mannen, seier Hanne Sophie Greve til Uniforum.

Emneord: Menneskerettar, Forskning Av Martin Toft
Publisert 31. mai 2002 11:34 - Sist endra 10. des. 2008 15:33
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere