Gresk juntaminister framleis medlem i norske vitskapsakademi

Den tidlegare justisministeren til den greske militærjuntaen, professor Johannes Triantaphyllopoulos er framleis medlem i Det Norske Vitskapsakademiet og i Det Kongelige Norske Videnskapers Selskab i Trondheim. Det viser ein gjennomgang som Uniforum har gjort av medlemslistene til dei to vitskapsakademia.

Det Norske Vitskapsakademiets bygning i Drammensveien.
Foto: Martin Toft

- Det er ei stor skam at ein tidlegare gresk juntaminister har mottatt slik heider frå akademiske institusjonar i Noreg, seier professor Manolis Papathomopoulos til Uniforum. Han var med og suspenderte Triantaphyllopoulos for tre år frå professorvervet hans ved Universitetet i Athen etter gjeninnføringa av demokratiet.

Papathomopoulos er pensjonert professor i klassiske fag ved Universitetet i Ioannina. Ved Det Kongelige Norske Videnskapers Selskab i Trondheim er også vinnaren av Nobels fredspris, Elie Wiesel ein av dei utanlandske medlemane. Og ved Det Norske Vitskapsakademiet er norskprofessor Ljubisa Rajic ved Universitetet i Beograd ein av dei utanlandske medlemane.

- Eg kan ikkje forstå korleis norske akademiske institusjonar kan vera med og æra ein tidlegare juntaminister på denne måten. Han var justisminister i tre veker i 1968, men det blei likevel funne alvorleg nok til at dei professorane som i 1975 var med og skulle bestemma eventuelle sanksjonar mot han, alle gjekk inn for å suspendera han på livstid frå stillinga som professor ved Universitetet i Athen. Det var synspunkta til dei andre medlemane i disiplinærkomiteen som gjorde at han til slutt berre blei suspendert for tre år, fortel Manolis Papathomopoulos til Uniforum.

Djupt såra over heider

I desember 2001 sende han eit brev til Universitets- og høgskulerådet og til rektorane og styra for dei fire norske universiteta der han gav uttrykk for kor djupt såra og lei seg han hadde blitt over bodskapen om at Triantaphyllopoulos hadde blitt æra både med medlemskap i to norske vitskapsakademi og med ein kongeleg orden. I brevet viser han til at Triantaphyllopoulos var justisminister under det greske militærdiktaturet akkurat på same tid som Noreg, Danmark, Sverige med støtte frå Nederland klaga til Den europeiske menneskerettskommisjonen over at Hellas hadde brote menneskerettskonvensjonen. Landa fekk medhald, og det førte til at Hellas mista plassen sin i Europarådet.

"Juridisk ansvarleg for tortur"

"Triantaphyllopoulos var moralsk og juridisk ansvarleg for praktiseringa av tortur som Den europeiske menneskerettsdomstolen skulda det greske militærregimet for. Medan han var justisminister var han også ein viktig bidragsytar til utforminga av ei ny "grunnlov". Det faktum at Triantaphyllopoulos blei invitert til å delta i strategiarbeidet til dette regimet kan ikkje ha vore tilfeldig: Han må ha hatt eit nært forhold til juntaen frå første stund. Ingen som ikkje hadde støtta synspunkta til dette regimet, ville ha blitt utnemnd til ein slik statsrådspost", skriv Papathomopoulos i brevet til dei norske universiteta.

Skapte drama ved norsk institutt

Det var våren 2000 det første gong blei kjent i Aftenposten at justisministeren i den greske militærjuntaen i 1968, pensjonert professor i rettshistorie, Johannes Triantaphyllopoulos hadde mottatt Den Kongelege Norske Fortenestorden i tillegg til medlemskap i Det Norske Vitskapsakademiet og i Det Kongelige Norske Videnskapers Selskab i Trondheim.

Denne æra blei han til del etter at han hadde selt ei boksamling på 15 000 bind med antikke tekstar og forskingslitteratur for 1,5 millionar kroner til Det norske instituttet i Athen årsskiftet 1989/90. Vilkåret var at Triantaphyllopoulos fekk ein stad å sitja dersom han ville nytta bøkene på instituttet.

Då professor Synnøve des Bouvrie frå Universitetet i Tromsø overtok som instituttstyrar 1. januar 1999, oppdaga ho at det også var kome opp eit portrett av Johannes Triantaphyllopoulos og kona hans vis-a-vis portrettet til dronning Sonja. Då ho like etter fekk vita om fortida hans, fjerna ho portrettet frå veggen saman med innskrifta som fortalde at bøkene var Johannes Triantaphyllopoulos´ bibliotek. Des Bouvrie viste til at det er ein innarbeidd praksis at ingen kan ta merksemda frå eit portrett av dronninga.

Som erstatning hengde ho opp ein bronseplakett med namnet hans på inne i biblioteket. Presseoppslag om saka både i Aftenposten, Adressavisen og i Uniforum nr. 9/2000 og 10/2000 førte til stor uro ved instituttet, og det gjekk hardt utover instittutstyrar Synnøve des Bouvrie.

Ho har seinare følt seg motarbeidd av styret for Det norske instituttet i Athen, går det fram at eit brev som ho sende til Universitets- og høgskulerådet 13. desember 2001. Der bad ho også om anerkjenning for den rolla ho har hatt som varslar (whistleblower) i Triantaphyllopoulos-saka.

Legitimerte regimet

Brevet frå den greske professoren Manolis Papathomopoulos gir henne fleire gode kort på handa når det gjeld måten ho har reagert på.

"Det viktigaste Triantaphyllopoulos og dei 120 andre høgtståande akademikarane som samarbeidde med juntaen gjorde, var å legitimera regimet ved hjelp av deira høgt akta akademiske posisjonar. På den måten forvirra dei folk både med og utan utdanning," skriv Papathomopoulos. Han avsluttar brevet med å visa kor viktig rolle dei norske styresmaktene spelte med den faste haldninga si mot den greske militærjuntaen frå 1968-1974.

Stor skade

"For meg ser det ut som om mine norske kollegar, som har halde fram med å gjera ære på Triantaphyllopoulos, ikkje har forstått kor stor skade dei har gjort på det norske universitetssamfunnet. Dei skulle først og fremst ha vist sin solidaritet med dei greske kollegaene sine som var offer for undertrykking og brot på menneskerettane medan dei var i hendene til juntaregimet. For fleirtalet av det greske folket er dette slett ikkje gløymd historie, skriv Papathomopoulos.

Då Uniforum tok kontakt med han på telefon for kort tid sidan hadde han enno ikkje mottatt noko svar på brevet til Universitets- og høgskulerådet.
- Triantaphyllopoulos er framleis medlem i dei to norske vitskapsakademia. Meiner du at Det Norske Vitskapsakademiet og Det Kongelige Norske Videnskapers Selskab i Trondheim bør eksludera han som medlem?

- Det er ikkje eg som skal fortelja to vitskapsakademi i eit demokratisk land kva dei skal gjera. Men eg synest ikkje det skulle vera naudsynt å heidra ein person som har vore justisminister for den greske militærjuntaen, seier Papathomopoulos til Uniforum på telefon frå Athen.

Uniforum har også bede om ein kommentar frå leiar for Universitets- og høgskulerådet, rektor Kirsti Koch Christensen ved Universitetet i Bergen. Ho seier seg lei for at ho ikkje har høve til å kommentera denne saka før avisa går i trykken, sidan ho er på reisefot. Christensen lovar derimot å sjå nærare på saka når ho er tilbake igjen i Bergen. Preses Karsten Jakobsen ved Det Kongelige Norske Videnskabers Selskap i Trondheim kan heller ikkje kommentera saka før etter postmøtet i vitskapsselskapet 8. mai. Uniforum vil fylgja opp saka både i nettutgåva http://uniforum.uio.no og i neste nummer av papirutgåva.

Emneord: Menneskerettar, Sentrene Av Martin Toft
Publisert 8. mai 2002 11:24 - Sist endra 10. des. 2008 15:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere