Arresterte for å vera studentar

Rundt eit bord på restaurant Proffen sit seks menn i 80-åra og pratar om det som skjedde den 30. november 1943. Då blei dei saman med 1200 studentar og ein del universitetslærarar arresterte av tysk politi og tyske soldatar og samla i Universitetets Aula.

Arresterte av tyskarane i 1943. Frå venstre C.F. Hasseltvedt, Birger Nossum, Sigmund Strømme, Johan Baarli, Knut Erik Tranøy og Knut Eidem
Foto: Ståle Skogstad

Dei seks mennene heiter Birger Nossum, Johan Baarli, C.F. Hasseltvedt, Knut Erik Tranøy, Sigmund Strømme og Knut Eidem. For desse seks enda arrestasjonen opp med nærare to år i forskjellige fangeleirar i Tyskland. Men arrestasjonen førte også desse mennene saman i eit vennskap som har vart i nesten 60 år. Ein gong i månaden samlast dei for å minnast tida i tysk krigsfangenskap.

Arrestasjonane

Den tidlegare historie- og engelskstudenten, Sigmund Strømme fører ordet:
- Eg budde på Studenterhjemmet i Underhaugsveien, då det kom rykter om det som skulle skje. Så fort eg kunne, fann eg fram bøkene, og på veg ut kika eg gjennom vindauga og oppdaga at huset allereie var omringa av tyske soldatar. Så blei eg arrestert og ført til Aulaen. Heldigvis hadde eg tidlegare klart å setja fyr på dei illegale avisene som eg og andre studentar hadde oppbevart på instituttet i 2. etasje i Aulaen, minnest Strømme.

Realfagsstudent Johan Baarlis historie er annleis.
- Dei tyske militære stoppa meg i Lille Grensen, oppdaga at eg var student og førte meg direkte til Aulaen, fortel Baarli.

- Arrestasjonen av meg skjedde på trikken til Sognsvann. Då trakk ein tysk sivilist ein pistol og tvang meg til å visa legitimasjonen min. Då fann han sjølvsagt ut at eg var student, og slik blei også eg ført til Aulaen, hugsar dåverande sosialøkonomistudent, Birger Nossum.

Filosofistudent Knut Erik Tranøy var på lesesalen då tyskarane kom. - Eg kollokverte gamalnorsk saman med Knut Aubert - som sidan fall i den store trefninga ved Grantangen i Eggedal i april 1945. Me blei varsla i tide, men sidan eg og familien min allereie hadde vore arresterte og i fengsel, var eg redd for at andre også skulle koma i heisen i staden for meg om eg hadde stukke av, fortel Tranøy.

Realfagsstudent C.F. Hasseltvedt blei arrestert på Farmasøytisk institutt medan han akkurat skulle til å ringja for å fortelja om det som heldt på å skje.

- Då blei telefonrøret brått slått hardt ut av handa mi av ein tysk soldat. Deretter blei eg frakta til Aulaen, fortel han. Der dukka Rikskommissær Josef Terboven og SS-general Wilhelm Rediess opp. Sistnemnde skjelte ut studentane for å ha handla som ei motstandsgruppe mot den tyske okkupasjonsmakta, og for å ha deltatt i sabotasjehandlingar og i illegale organisasjonar. Terboven gav Rediess i oppdrag å erklæra at studentane skulle overførast til ein særskilt leir, altså ingen konsentrasjonsleir, i Tyskland. Dei kvinnelege studentane skulle permitterast frå universitetet og dra til heimkommunane sine.
Dei seks 80-åringane på Proffen var blant studentane som blei førte til ein interneringsleir i Stavern. Fem av dei var også blant dei 291 første studentane som blei sende med fangeskipet Donau til Stettin i Tyskland.

Hjernevask i SS-leir

- Me blei ført direkte til oppdragingsanstalten (Erziehungsanstalt) Pölitz. Det blei eit grusomt opphald der me blei stengde inne på eit bittelite rom.
Derifrå sende dei oss til St. Andreas, utanfor Sennheim i Elsass, til ein SS-leir for "germanske frivillige". Tyskarane trudde nemleg at dei skulle klara å indoktrinera oss til å bli gode nasjonalsosialistar berre me kom oss bort frå studentmiljøet i Oslo. Me fekk difor utdelt SS-uniformer, men me nekta å bruka dei dersom ikkje SS-runer, dødningehovud, hakekrossar og andre nazisymbol blei fjerna. Trugsmåla frå leirleiinga var nyttelause, og til slutt blei merka fjerna.

- I nærare fem månader gjorde SS-folka alt dei kunne for å hjernevaska oss og innprenta oss naziideologien. På same måten som med SS-soldatane fekk me tatovert inn blodtypen vår på overarmen. Då tyskarane til slutt fann ut at hjernevasken ikkje hadde lykkast, blei me sette til hardt kroppsarbeid med to skift i døgnet, fortel Strømme, Baarli og Hasseltvedt.

Studentar i fangedrakt

I januar 1944 blei den andre gruppa på 350 studentar frå Stavern sendt til Tyskland. Dei blei sende direkte til konsentrasjonsleiren Buchenwald. Også her forsøkte tyskarane å gjera studentane til gode nazistar gjennom undervisning i naziideologi.
- I Moskva fekk dei nyss om at dei norske studentane fekk dårleg behandling i fangeleirane i Tyskland. For å demonstrera det motsette let tyskarane oss bli
studentar i fangedrakt ved universiteta i Freiburg og i Heidelberg. Heile tida medan me var der, var me under oppsikt frå SS-folka, så vanlege studentar var me
ikkje akkurat, fortel Eidem, Baarli og Strømme.

I desse byane opplevde dei også bombeåtaka frå dei amerikanske og britiske flya.
- I Freiburg blei eg vitne til korleis 1000 engelske bombefly la heile byen flat og etterlet seg 20 000 døde i ruinane på eit bombetokt, fortel Baarli.
- Me opplevde truleg alt som det går an å oppleva i ein krig av bombeåtak, å bli skotne på og av dårleg fangebehandling, legg han til.

- Det var berre ein utruleg flaks som gjorde at me overlevde opphaldet i Tyskland, meiner nokon av dei. For Sigmund Strømme tok fangenskapen slutt etter at han nytta høvet til å rømma etter forvirringa etter eit alliert bombeåtak, og han fekk kontakt med dei amerikanske styrkane som engasjerte han som tolk mellom dei og tyskarane. For dei andre kom redninga i form av Dei kvite bussane til Raudekrossen og svensken Folke Bernadotte.

- Til slutt kom me til ein leir i Sverige for å kvitta oss med moglege smittsame sjukdomar frå opphaldet i Tyskland, seier Baarli.

- I den fangeleiren der eg sat, heldt me på å spela eit slag kort den 9. mai,
då det brått var nokon som ropte; Noreg er fritt. Krigen er over! Me reagerte me å spørja "Kven er det som gir neste kort? Grunnen var at me gjennom så lang tid og med så mange forskjellige meldingar, reagerte ved ikkje å reagera, forklarar Nossum.

Heimkomsten

Den 25. mai 1945 kom toget med tysklandsstudentane til Østbanestasjonen i Oslo. 17 av dei 650 studentane kom ikkje tilbake. Dei mista livet under fangenskapen i Tyskland.

Seinare blei det kjent at Josef Terboven blei kalla inn på teppet til Hitler,
Goebbels og Himmler i Tyskland for å ha gitt ordren om arrestasjonen av dei norske studentane. Alle tre meinte at det hadde vore eit feilgrep, ikkje fordi dei tenkte på studentane, men på grunn av frykta for den internasjonale reaksjonen i dei nøytrale landa.

Påskotet til Terboven for å arrestera studentane, var det faktum at fire personar med tilknyting til motstandsmannen Petter Moen den 28. november sette fyr på Aulaen.

Tyskland i dag

- Kva inntrykk har de av Tyskland i dag?

- Eg har dratt tilbake til Tyskland kvart år sidan krigen, og mi oppfatning er at den nye generasjonen tyskarar er av ei heilt anna støyping enn krigsgenerasjonen, meiner Sigmund Strømme.

- I dei åra eg jobba for forskingssenteret CERN i Sveits, heldt me tyskarane utanfor både styring og forsking heilt fram til 1965. Deretter slapp me dei til for fullt, og i dag er dei i fremste rekkje i Europa både når det gjeld
forsking og økonomi, konstaterer Baarli.

Når det gjeld fangeskapen i Tyskland, er det ein person dei gjerne vil gi ros til.

- Dottera til universitetsrektor Didrik Arup Seip, 20 år gamle Wanda Hjort, kartla kvar alle dei norske fangane var i Tyskland. Då krigen var over, var
det mogleg for dei norske styresmaktene å finna ut kvar dei norske krigsfangane var, takka vera hennar arbeid, fastslår vennegjengen som alle redda livet, men også blei venner for livet etter fangenskapen i Tyskland.

(Andre kjelder: Anders Bratholm: Den tyske aksjonen mot Universitetet for 50
år siden, Arild Klemmetsrud: Kampen om Universitetet, begge artiklar frå Per G. Norseng (red.) Universitetet stengt, Universitetsforlaget, 1994)

Emneord: Universitetshistorie, Feature Av Martin Toft
Publisert 10. mai 2002 17:00 - Sist endra 10. des. 2008 14:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere