- Programmet som blei sendt 21. april 2001, hadde ein oppslutnad på 3 prosent frå sjåarane den laurdagen det blei sendt. Det vil seia at over 100 000 personar såg heile programmet medan 300 000 var innom. Dette var eit samarbeidsprosjekt mellom Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi og Institutt for samfunnsforsking. Og fleire utanlandske fagtidsskrift ynskjer no opptak av dette programmet, fortel Arild Boman.
Kunnskapskanalen er eit samarbeidsnettverk mellom universitet, høgskular og forskingsinstitusjonar som har sendeavtale med NRK. Også program frå Noregs idrettshøgskule og NTNU har stor oppslutnad.
Førstkomande laurdag 27. april kl 14.10 kjem Kunnskapskanalen på lufta i NRK 1 med programmet Forståing av verdiar med den franske sosiologen Raymond Boudin.
- I gjennomsnitt ser over 30 000 personar kvart einaste
program på Kunnskapskanalen. I løpet av sendetida er
125 000 personar innom deler av programma. Det er like høge
tal som underhaldningsprogramma som går på andre kanalar
samtidig. Dette viser kor viktig formidlingskanal for
forsking Kunnskapskanalen er blitt. Ein del sendingar har
også gått på Internett, seier Arild Boman, som i framtida
håpar det skal bli mogleg å utvida slike sendingar.
- SV-fakultetets program frå paneldebatten om Rasisme og framtida til fleirkulturaliteten i Europa, som Kunnskapskanalen sende før påske, er eit døme på eit fagmiljø som tar fagleg ansvar for å bidra til analyse og forståing av viktige samfunnsspørsmål, meiner Boman.
Biologiserie for NRK
Oppslutnaden om Kunnskapskanalen er blitt lagt merke til. Difor er InterMedia, UiO no i gang med å laga ein biologiserie om norsk flora frå sjøen til høgfjellet. Det første programmet blir sendt laurdag 4. mai klokka 11.55, det neste laurdag 11. mai kl. 11.55 og det siste truleg 18. mai kl. 12.50.
Logg inn for å kommentere