Data, kjønn og pedagogikk

Alt frå IKT og samfunn, skuleleiing og pedagogikk til spesialpedagogikk og læring i kulturelt komplekse samfunn skal lokka nye studentar til Det utdanningsvitskaplege fakultetet når Kvalitetsreforma blir innført frå hausten 2003.

- Når me set saman dei ordinære studieprogramma og etterutdanningsstudia så er me sjølvsagt merksam på kva type studium me kan få flest mogleg inntekter frå, vedgår Bjørnar Sarnes.
Foto: Trine Nickelsen

Det vil også vera to forskjellige studieprogram innanfor både pedagogikk og spesialpedagogikk. To av studieprogramma tar for seg desse faga som disiplinærstudium medan dei to andre studieprogramma er retta inn mot dei studentane som vil ta desse faga som profesjonsstudium, opplyser fakultetsdirektør Bjørnar Sarnes og rådgjevar Tone Vold-Johansen til Uniforum.

- Me vil dessutan etablera eit eige bachelorstudium i allmennpedagogikk, og frå hausten 2002 kan me også tilby eit masterstudium i utdanningsleiing, fortel Tone Vold-Johansen.

Døvetolking og teiknspråk

Både ho og Sarnes er svært opptekne av at dei har lykkast med å få sydd saman fleire tverrfakultære studieprogram.

- Studieprogrammet i kvinne- og kjønnstudier har me etablert i samarbeid med Det samfunnsvitskaplege fakultetet, medan me samarbeider med Institutt for kriminologi og rettssosiologi når det gjeld
Studieprogrammet i barne- og ungdomskunnskap.

- Etterutdanningsstudiet i læring i kulturelt komplekse samfunn vil me ta betaling for frå dei som er tilsette i skulesektoren, medan det vil vera ope og gratis for alle dei andre studentane ved fakultetet. Dessutan vil me allereie frå hausten 2002 starta opp eit studieprogram i teiknspråk og tolking, fortel Sarnes.

Han veit at det ikkje er eit fag som vil vera økonomisk lønsamt, men han ser det likevel som svært viktig.

- UV-fakultetet har eit nasjonalt ansvar for å tilby undervisning i døvetolking og i teiknspråk. Difor vil me tilby dette faget, sjølv om studentgrunnlaget vil vera ganske tynt. Så får heller UiO og Utdannings- og forskingsdepartementet bli einige seg i mellom om kven som skal dekka desse kostnadane, slår han fast.

Studiekvalitet viktig

Han er også godt nøgd med den entusiasmen dei tilsette har vist for å få sydd saman studieprogram.

- Studiekvalitet er jo eit viktig stikkord for Kvalitetsreforma. Og om me klarer å få til ei betre synleggjering og ei betre oppfylgjing av kvar student, så skal me få dette til. Sidan me også vil prøva å få studentane på kvart studieprogram til å fylgja kvarandre gjennom heile studiet, vil det bli lettare å få til ein kullidentitet, er Tone Vold-Johansen og Bjørnar Sarnes einige om.

Dei ynskjer heller ikkje å underslå det faktum at det fylgjer pengar med kvar student.

- Når me set saman dei ordinære studieprogramma og etterutdanningsstudia så er me sjølvsagt merksam på kva type studium me kan få flest mogleg inntekter frå. Difor vil me tilby etterutdanningskurs i leiing, som kan passa både for skuleleiarar, leiarar for statlege kompetansesenter og for leiarar i næringslivet. Det vil dessutan innfri Utdannings- og forskingsdepartementets behov for å styrkja vidareutdanninga av skuleleiarar, konstaterer Sarnes.

- I utdanningsplanen blir det lagt opp til at kvar student skal fylgjast opp frå første til siste dag på studiet. Men det vil også seia at studenten har plikt til å levera dei oppgåvene fakultetet pålegg han eller henne å levera inn og samtidig stilla opp på forelesingane. Og dersom dei vitskapleg tilsette som ikkje har undervisning, kan brukast til rettleiing, trur me at dette kan gå bra, seier Sarnes og Vold-Johansen.

20. juni vil studieprogramma bli godkjent av fakultetsstyret før Kollegiet skal vedta dei endelege studieprogramma ved UiO i september.

Studieprogram ved UV-fakultetet:

Profesjonsretta spesialpedagogikk
Allmennpedagogikk
Profesjonsretta pedagogikk
IKT og samfunn
Kvinne- og kjønnsstudiar
Barne- og ungdomskunnskap

Emneord: Undervisning Av Martin Toft
Publisert 18. apr. 2002 11:21 - Sist endra 10. des. 2008 14:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere