Ny leiar for Kollegierådet

Dekan Knut Kaasen ved Det juridiske fakultetet er valt til ny leiar for Kollegierådet. Han overtar etter dekan Stein A. Evensen ved Det medisinske fakultetet. Med seg i arbeidsutvalet får han odontologistudent, Ingvild Nyquist Borgeraas og Tomas Sandvig, som er representant for dei teknisk/administrativt tilsette ved Universitetet i Oslo. Det nye arbeidsutvalet til Kollegierådet blei valt på møtet den 15. februar.

Publisert 18. feb. 2002 16:10 - Sist endra 10. des. 2008 15:35
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere