- Akkurat som forslaget frå studentane understrekar det kor viktig det er at exphil skal bestå av fellesstoff med ein bestemt type innhald. Det er viktig at alle studentane får ei innføring i tema som viser fram føresetnadene for den type verksemd som skjer på eit universitet, seier Serck-Hanssen.
Ho understrekar det faktum at å studera ikkje berre dreier seg om å læra seg noko, men også om å forstå at og kvifor det blir stilt visse krav til kva som kan telja som eit bidrag til vitskap.
- Det er vanskeleg å sjå at Austens filosofi, som har vore
foreslått som eit mogleg innhald til exphil, kan ha ein slik
funksjon. Temaet er sjølvsagt interessant nok, men det viser
ikkje kvifor studiet av asiatiske språk er styrt av visse
grunnleggjande vitskaplege normer.
Det er dette perspektivet studentar på eit universitet bør
innførast i, i motsetning til dei som tar språkkurs, meiner
ho.
- Når det gjeld exfac, er det viktig å sikra at studentane får eit godt innhaldsmessig tilbod som kan vinklast mot studieprogramma deira, samtidig som ein tar problemet med konvertibilitet på alvor. Det vil blant anna seia at denne delen ikkje må fyllast med fagspesifikt metodestoff, avsluttar Serck-Hanssen.
Kollegiet vil 28. februar gjera det endelege vedtaket om framtida til exphil-studiet.
Logg inn for å kommentere