Moderat endring av exphil-studiet

Med 13 mot 12 stemmer vedtok fakultetsstyret ved HF i førre veke å gå inn for ei moderat endring av exphil-studiet. Mindretalet ville ha langt meir radikale endringar i dette studiet.

- Exphil blir noko meir integrert i kvart studieprogram, og blir ikkje det førstesemesterstudiet det er i dag, fortel prodekan Christopher Prescott ved HF-fakultetet.
Foto: Ståle Skogstad

Fleirtalet i fakultetsstyret sluttar seg til evalueringsrapporten si forståing av at exphil skal gi ei felles innføring i det historiske grunnlaget og dei normative føresetnadene for vitskapleg verksemd. Undervisninga skal likevel leggjast slik til rette at den kan knytast til dei einskilde studieprogramma der det er ynskeleg, går det fram av vedtaket.

Når det gjeld framtida til exfac, så sluttar fleirtalet i fakultetsstyret seg til at innhaldet i exfac må utarbeidast innanfor ei felles ramme for å sikra konvertibiliteten.

Felles universitetsstyring

- Dette vil seia at exphil i framtida i stor grad vil vera som i dag, administrert av Rådet for exphil akkurat som tidlegare og under felles universitetsstyring. Hovudskilnaden er at exphil blir noko meir integrert i kvart studieprogram, og ikkje blir det førstesemesterstudiet det er i dag. Dessutan vil det koma under ein sentral universitetskontroll, seier prodekan Christopher Prescott ved HF-fakultetet.

Sjølv tilhøyrde han og resten av dekanatet mindretalet på 12 som både ville ha ei meir radikal omlegging og ei desentralisering av exphil-studiet.

- Det er eit vedtak som det går an å leva med. Me er i alle fall einige om at både exphil og exfac må integrerast i kvart einskild studieprogram når Kvalitetsreforma er innført hausten 2003, understrekar Prescott, som gjerne vil ha presisert at verken han eller dekan Even Hovdhaugen nokon gong har gått inn for å avskaffa exphil.

Orientalsk filosofi

- Det har me aldri gått inn for. Me har derimot hatt eit ynskje om til dømes å integrera nokon emne frå orientalsk filosofi og meir relevant lingvistikk inn i exphil-studiet for dei som skulle studera til dømes kinesisk eller japansk, forklarar Prescott. Han meiner det er urimeleg når det er blitt framstilt som om dei som jobbar for å innføra Kvalitetsreforma, vil motarbeida dagens exphil-studium.

- Det er slett ikkje tilfellet. Inntrykket vårt er at det er undervisningsformene ved exphil det har vore ein del problem med, ikkje det overordna målet til studiet. Dei fleste universitetstilsette sluttar seg til desse måla, men det er usemje om korleis ein best kan oppnå dei. Innføringa av Kvalitetsreforma er faktisk eit fint høve til å gå inn og finna ut korleis relevansen og forma til exphil-faget kan betrast. Ideala i dette studiet bør integrerast meir i alle dei framtidige studieprogramma ved HF, seier han.

Læringsformene må endrast

- For å få ned dei dramatiske fråfallstala vil det vera naudsynt å endra læringsformene på exphil-studiet, konstaterer Prescott. Han legg til at exphil- studiet allereie er nokså forskjellig frå det det var på den tida då mange av dei som no er kritiske til omlegging, var studentar.

- Eg tvilar på om førstesemesterstudiet i dag fungerer som det felles danningsberande kurset fleire hevdar at det er. Dei utdannings- og samfunnsmessige rammene kring førstesemesterstudiet har også endra seg og gjer at me må spørja om nye perspektiv og større variasjon er naudsynt, meiner Prescott..

- Med nye rammer og læringsformer vil det bli lettare for dei ambisiøse exphil-forelesarane å undervisa og få utfalda evnene sine som lærarar. Det vil bli betre for dei å gi undervisning som er meiningsfylt for studentane og faglærarane i programma. Slik sett er omlegging av førstesemesterstudiet og Kvalitetsreforma ikkje det trugsmålet mange ser ut til å frykta, men reforma kan derimot virka som ei kjelde til revitalisering av byrjarstudiet, konkluderer han.

Kollegiet vil 28. februar gjera det endelege vedtaket om framtida til exphil-studiet.

Emneord: Undervisning Av Martin Toft
Publisert 6. feb. 2002 15:52 - Sist endra 10. des. 2008 15:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere