Kunne ikkje lova pengar til FUNMAT

Statssekretær Bjørn Haugstad i Utdannings- og forskingsdepartementet kunne ikkje lova meir pengar til den nasjonale planen for forsking på funksjonelle materiale (FUNMAT), då han deltok på eit seminar om prosjektet denne veka.

- Eg håpar det skal vera mogleg å få realisert visjonane bak FUNMAT-prosjektet som ein del av arbeidet med å lyfta norsk forsking fram i kunnskapssamfunnet, seier Bjørn Haugstad.(Foto: UFD)

- Eg kan ikkje koma med noko anna enn ei viljeserklæring om at regjeringa ser det som viktig å satsa på dette feltet. Men det er noko som heiter budsjettprosess, og difor kan eg ikkje i dag stå her og lova meir pengar til dette svært viktige prosjektet. Men det fortener absolutt å bli lyfta opp, sa Haugstad.

Initiativtakarane bak FUNMAT-prosjektet, Universitetet i Oslo, NTNU, SINTEF og Institutt for energiteknikk (IFE) har bede om at styresmaktene satsar 150 millionar kroner årleg i ein tiårsperiode på forskinga på funksjonelle materiale. Utviklinga av nye materiale kan få store verknader for miljøet, datateknologien og den medisinske forskinga.

Blant anna kan forskinga føra til at hydrogen kan bli eit svært viktig alternativ til dei fossile brennstoffa. Haugstad var overtydd om at dette var ei forsking som det var viktig å satsa på, men han meinte at det måtte bli ein nasjonal dugnad der også det private næringslivet tok sin del av kostnadane.

- Det er liten grunn til at staten skal dela ut pengar til økonomisk motivert forsking når det private næringslivet heller kan gjera det. Samtidig ser eg klart at den forskinga som kan vera samfunnsmessig lønsam, ikkje alltid er like lønsam reint bedriftsøkonomisk. Men det er klart at det finst grunnforsking som aldri vil vera økonomisk interessant for næringslivet. Det er nok lettara å driva med teknologiforsking enn med ein doktorgrad om polsk vitskapshistorie, som kona mi held på med. Dei som driv på med slik grunnforsking, har det nok økonomisk vanskeleg for tida. Samfunnet har likevel stort behov for grunnforsking, konstaterte Haugstad.

Han såg også svært positivt på synenergieffekten mellom doktorgradsstudentar som går til næringslivet og seinare held fram kontakten med forskarane ved universiteta.

- Difor kjem regjeringa til å støtta opp om grunnforskingsmiljøa. Me vil også gå inn for å lata eit utanlandsopphald bli ein fast del av doktorgrads- og postdok-utdanninga, lova Haugstad, som gjentok at han såg svært positivt på FUNMAT-prosjektet.

- Også regjeringa ynskjer å styrkja forskinga på dette området, og arbeidet med å utvikla miljøvenleg energi vil også trekkja vekslar på denne forskinga. Håpet mitt er difor at det skal vera mogleg å få realisert visjonane bak FUNMAT-prosjektet som ein del av arbeidet med å lyfta norsk forsking fram i kunnskapssamfunnet, sa statssekretæren.

Emneord: FUNMAT, Forskning Av Martin Toft
Publisert 22. feb. 2002 13:47 - Sist endra 10. des. 2008 15:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere