HF først ute med omstilling til Kvalitetsreforma

Antikk kultur og klassisk tradisjon og Program i medievitskap . Dette er to av dei studieprogramma du truleg kan ta ved HF når Kvalitetsreforma er innført frå hausten 2003. Dermed ligg HF-fakultetet langt framme når det gjeld å omstilla seg til denne reforma.

- Dei vitskapleg tilsette har vist både glød og entusiasme i oppgåva med å koma med framlegg til studieprogram for bachelorgraden, synest Terje Spurkland.
Foto: Ståle Skogstad

Fakultetet har allereie klart framlegg til 15 forskjellige studieprogram i språk, historie, musikk og filosofi. Alle studieprogramma vil leia fram til ein bachelorgrad med høve til påbygging til ein mastergrad. Alle studentane vil i framtida bli tatt opp på kvart studieprogram og ikkje ved kvart fakultet.

Kvart studieprogram vil vera sett saman av fleire modular av kurs frå 15 til 20 studiepoeng, og alle vil stå i ein viss relevans til kvarandre.

Førsteamanuensis Terje Spurkland ved Mellomaldersenteret har leia moduliseringskomiteen ved HF-fakultetet, og er positivt overraska over engasjementet til dei vitskapleg tilsette ved fakultetet.

Glød og entusiasme

- Dei har vist både glød og entusiasme i oppgåva med å koma med framlegg til studieprogram for bachelorgraden. Det kan vera at dei alle har hatt ei kjensle av at noko måtte gjerast med dagens undervisningsopplegg, og difor ikkje har funne nokon grunn til å setja seg imot dei naudsynte endringane. I alle fall trur eg resultatet blir at HF i framtida vil kunna tilby meir interessante studium enn i dag. På den måten har nok omlegginga gått mykje betre enn me kunne ha frykta, konstaterer Spurkland.

Han vedgår at det ikkje har vore lett å omstilla seg frå å tenkja i grunnfag og mellomfag til å tenkja i program.
Modulisering av gamle fag

- Alle gamle fag og disiplinar skal no koma i ein heilt ny kontekst eller samanheng. Dei gamle grunn- og mellomfaga skal delast opp i modular som går inn i ulike studieprogram som alle studentane må kontraktfesta seg til å gjennomføra. Den viktigaste skilnaden frå før er at om nokon ynskjer å studera fransk språk, men ikkje fransk litteratur og kulturkunnskap, så vil det vera mogleg innanfor eit av dei programma, samtidig som det også skal vera mogleg å studera språk "på gamlemåten" med både språk, litteratur og kultur. Om folk vil ta eit lite kurs i latin for å stå betre rusta før dei skal studera kyrkjehistorie, så vil det også vera høve til det, forklarar Spurkland, som også ser mange andre fordelar med desse studieprogramma.

Meir profesjonsretta

- Dei vil alle bli meir profesjonsretta. Programmet i medievitskap vil til dømes gi studentane ei utdanning i journalistikk medan programmet i konservering vil utdanna konservatorar. I tillegg kjem det til å bli utvikla eit program for dei som kan tenkja seg å bli lærarar i den vidaregåande skulen. Andre program kjem til å bli meir retta mot ei forskingskarriere, fortel Spurkland.

Kvart program vil få ein felles innføringsdel, og så blir resten ei blanding av valfrie og obligatoriske modular.

- Det geniale med denne ordninga, seier Spurkland, er at kvar modul kan gå inn i meir enn eit program. Fleirbruk av modular er ein viktig føresetnad.

Ein bachelorgrad vil vera på til saman 180 studiepoeng med 80 poeng til fordjupingsfag og 40 poeng til diverse støttefag og 20 studiepoeng til exphil/exfac. Eitt års studium vil utgjera 60 studiepoeng. Studieåret vil vera på ti månader med meir intensiv undervisning heile tida.

- Studentane får meir lån og stipend for å klara dette. Difor vil me også krevja at dei studerer på heiltid, og legg alle ekstrajobbar til helgane, understrekar Spurkland.

Dette er dei 15 framlegga til studieprogram ved HF:

Antikk kultur og klassisk tradisjon
Litterært program
Områdeprogram (Aust-Asia/Midtausten m.fl.)
Program i arkeologi
Program i filosofi
Program i historie
Program i konservering
Program for kulturstudiar
Program i medievitskap
Program i mellomalderstudiar
Bachelor i musikk
Program for religionsstudiar
Program i språk
Språk, logikk og informasjon
Program for estetiske studiar

Framlegg til dei endelege studieprogramma skal vera ferdig 2. april før dei skal opp til endeleg godkjenning i fakultetsstyret i mai.

Emneord: Undervisning, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 6. feb. 2002 10:26 - Sist endra 10. des. 2008 15:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere