- UiO har ingen personalpolitikk

- UiO har ingen gjennomtenkt personalpolitikk.
- Nyrekrutterte forskarar får ofte tildelt oppgåver som hemmar dei medan dei etablerer seg som forskarar
- UiO må styrkja omdømmet sitt som lærestad for å kunna rekruttera fleire studentar
- UiO held god nordisk standard, men er ikkje blant Europas leiande universitet

Dersom sjølvevalueringa hadde vore ein rein reklame for UiO, ville me ikkje ha lært noko av den, meiner rektor Arild Underdal.
Foto: Trine Nickelsen

Dette er ein del av konklusjonane i den sjølvransakande og sjølvkritiske sjølvevalueringa av Universitetet i Oslo, som blei godkjent av styringsgruppa og Kollegiet like før nyttår. Tre fagkomitear har sett på UiO som heilskapleg organisasjon, som forskingsorganisasjon og som studieorganisasjon. Alle einingar ved universitetet har fått høve til å uttala seg om forskjellige sider ved denne læringsinstitusjonen.

Medan Christopher Prescott og Ole Petter Ottersen leia faggruppene som såg på UiO som høvesvis studieorganisasjon og forskingorganisasjon, blei faggruppa som såg på UiO som heilskapleg organisasjon leia av Arild Underdal. I dag har han overtatt som universitetsrektor etter Kaare R. Norum, og han er godt nøgd med å ha fått ein rapport som dokumenterer UiOs sterke og svake sider på bordet same dagen han tok til i jobben som rektor.

- Folk utanfor universitetet er opptekne av kor ærleg og sjølvkritisk denne evalueringa er. Det er eg glad for å høyra. Dersom sjølvevalueringa hadde vore ein rein reklame for UiO, ville me ikkje ha lært noko av den. Dette viser at me er sterke og stolte nok av arbeidsplassen vår til at me kan stå fram og seia at ikkje alle ting ved UiO er slik som me ynskjer.

Fylgjer opp rapporten

Han viser til at UiO ikkje slår seg til ro med dårlege evalueringar av undervisning eller forsking.

- Nei, me er godt i gang med studiereformarbeidet, og vil fylgja opp evalueringa også når det gjeld forsking, fortel Underdal.

No skal ein ekstern internasjonal komité under leiing av tidlegare rektor ved Stockholms universitet, professor Inge Jonsson, overta stafettpinnen og setja i gang arbeidet med ei institusjonsevaluering av UiO. Tidlegare er det blitt gjort slike evalueringar av universiteta i Bergen og i Tromsø.

- Når den eksterne komiteen er ferdig med rapporten sin i mai, skal Kollegiet og resten av universitetsleiinga ha ein samla gjennomgang av rapporten og finna ut kva tiltak som må setjast i verk for å betra blant anna studiekvaliteten og forskingskvaliteten ved UiO, konstaterer UiOs rektor.

Personalpolitikken for dårleg

Det er ikkje minst personalpolitikken ved UiO som får hard medfart i sjølvevalueringa. Det blir peika på fleire arbeidsvilkår som må betrast dersom personalet skal kunna utføra arbeidet sitt og ikkje minst få høve til å oppretthalda eller heva kvaliteten. Blant det vitskaplege personalet gjeld dette særleg samanhengande tid til forsking, mangelfull og varierande kvalitet på vitskapleg utstyr, ujamnt nivå og tilgang på teknisk assistanse i mange utstyrskrevjande fag og for lite driftsmidlar til eiga forsking.

Med omsyn til det teknisk-adminstrative personalet, går det fram av at dei fleste stort sett er nøgde med UiO som arbeidsgjevar, men ikkje med lønsvilkåra. Ein av dei tinga som kan bli betre er oppfyllinga av ynsket om og behovet for kompetansehevande tiltak. Arbeidsgjevarsida meiner derimot at det teknisk-administrative personalet har den naudsynte kompetansen for å gjera arbeidet sitt.

Sjølvevalueringa gir dei tilsette rett i at ynsket om kompetanseheving ikkje blir innfridd av universitetet. Den konstaterer at dette ikkje berre skuldast ressursmangel, men også den kjensgjerninga at UiO har få institusjonelle ordningar for kompetanseutvikling for det teknisk-administrative personalet som gruppe. Dermed blir dette i stor grad overlate til den einskilde sitt personlege initiativ. Det finst retningslinjer for verkemiddel og rutinar og tolkingar av rettar og plikter, men i mindre grad samlande målsetjingar for bruk av oppmuntringar (incentiv) og tiltak. Institusjonen manglar eit einskapleg policy-dokument. I eigenevalueringane kjem det fram klare utsegner om at det ikkje finst nokon personalpolitikk ved institusjonen, går det fram av rapporten.

Forgubbing

Frå tidlegare er det også kjent at det er ei forgubbing av dei vitskapleg tilsette ved UiO. Gjennomsnittsalderen er i dag på 53 år og er stigande. Fleire fagmiljø slit med rekrutteringa til forskarutdanning og til faste stillingar. Det blir difor kome med framlegg om at yngre forskarar må skjermast betre i den perioden dei legg grunnlaget for den seinare vitskaplege karrieren sin.

Eit tiltak kunne vera ei spesiell "oppstartspakke" for alle nytilsette, blir det gjort framlegg om i sjølvevalueringa. For å styrkja sitt omdøme som lærestad, må UiO gjera noko med studiemiljøet. I dag er det mange utdanningssøkjande som er overtydde om at universitetet er eit masseuniversitet som ikkje greier å skapa eit godt studiemiljø.

Kan ikkje vera heildekkjande

Når det gjeld forsking, blir det peika på at ingen universitet i dag kan vera heildekkjande innan fagportefølje og forsking. For å kunna halda eit høgt internasjonalt nivå er det naudsynt å identifisera satsingsområde der institusjonen har særlege føresetnader for å lykkast, og så satsa heilhjarta på desse områda, står det i sjølvevalueringa. Utan å peika på konkrete fag, blir det vist til dei forskingsområda der institusjonen allereie har vist styrke.

Rådgjevar Olaug Kristine Bringager ved Studie- og forskingsadministrativ avdeling, har vore prosjektleiar for sjølvevalueringa av Universitetet i Oslo. Med rapportane frå dei tre faggruppene som grunnlag har ho og prosjektsekretær Kathrine Myhre sydd saman sjølvevalueringsrapporten "Virkelighet og visjon. UiO - et universitet i en brytningstid".

- Alle dei vitskapleg tilsette har fått rapporten i posthyllene sine. Alle einingane ved UiO har også fått tilsendt fleire ekspemplar. Dei som vil ha eit eige eksemplar, kan ta kontakt med oss. Men alle har også høve til å lesa rapporten på nettet. Eg vil på det sterkaste oppmoda dei til å setja seg godt inn i innhaldet og konklusjonane i sjølvevalueringa slik at dei kan ta del i diskusjonen om korleis UiO kan bli enda betre, seier Bringager.

Den eksterne komiteen

Desse personane skal utføra den eksterne institusjonsevalueringa av UiO.
Professor Inge Jonsson (leiar), tidlegare rektor ved Stockholms universitet
Direktør John Brennan ved Centre for Higher Education Research and Information, London
Rektor Torger Reve, Handelshøyskolen BI
Fylkesmann i Rogaland, Tora Aasland
Professor Ole Didrik Lærum, tidlegare rektor ved Universitetet i Bergen
Student Signe Sætra Aanby, Noregs Landbrukshøgskule

Emneord: EVA, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 18. jan. 2002 11:03 - Sist endra 10. des. 2008 16:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere