Med Internett som medisinsk oppslagsbok

Medisinsstudentar får no sjansen til å konkurrera i kven som er best til å finna medisinsk informasjon på Internett. Det er dei fire medisinske fakulteta ved universiteta i Noreg som utlyser denne konkurransen fredag 25. januar. Den er også open for norske medisinstudentar i utlandet. Førstepremien er på 10 000 kroner.

Oppgåva går ut på å driva med søk, selektering og prioritering av informasjon med relevans for medisin, som til dømes ein diagnose. Emnet blei opplyst på nettsida http://www.med.uio.no/ikli/fagmiljo/ferdighets/Internettkonkurranse.html fredag 25. januar.

Konkurransen har Det medisinske fakultetet ved UiO og Intervensjonssenteret ved Rikshospitalet som utgangspunkt, og det er professorane Frode Lærum og Erik Fosse som har tatt initiativet til denne konkurransen. Fristen for å levera inn svar på på denne Internettkonkurransen er sett til 8. februar, går det fram av nettstaden til Det medisinske fakultetet ved UiO.

Emneord: Medisin, Studentsaker
Publisert 25. jan. 2002 15:17 - Sist endra 10. des. 2008 15:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere