Gonoréforsking kan gi vaksine mot kolera

Forskar Hanne Winther-Larsen ved Bioteknologisenteret har nyleg oppdaga det tidlegare ukjente gonoré-molekylet PilV. Dette molekylet er heilt naudsynt for at gonoré-bakteriane skal festa seg til humane celler. Oppdaginga kan gjera det mogleg å framstilla vaksine både mot gonoré, hjernehinnebetennelse og kolera.

Forskar Hanne Winther-Larsen ved Bioteknologisenteret har oppdaga eit tidlegare ukjent molekyl i gonorébakterien. Professor Michael Koomey har vore rettleiaren hennar under dette arbeidet.
Foto: Ståle Skogstad

- Det var ei god blanding av flaks og planlagt jakt på dette molekylet som førte til at eg med god hjelp av rettleiaren min, professor Michael Koomey, fann fram til dette molekylet, seier Winther-Larsen. - I dag er det ingen vaksine mot gonoré. Den viktigaste oppdaginga me har gjort til no, i tillegg til at me har funne ut at dette nyoppdaga molekylet PilV er heilt naudsynt for at gonorébakteriane skal festa seg til humane celler, er det faktum at PilV er eit konstant molekyl. Dette skil det frå dei to tidlegare kjente og variable gonoré-molekyla PilC og PilE, som også er naudsynte for at gonoré-bakteriane skal festa seg til menneskeceller. Føresetnaden for at me kunne påvisa dette molekylet var at kartlegginga av gonorégenomet allereie var gjort, opplyser forskar Hanne Winter Larsen til Uniforum.

Ho er for tida postdok.-stipendiat medisinsk mikrobiologi ved Bioteknoligisenteret, men har doktorgrad i bioteknologi frå NTNU i Trondheim. Winther-Larsen trur oppdaginga hennar kan få positive fylgjer også for behandlinga av andre sjukdomar.

- Strukturane, også kalla organellane, som veks ut av gonorébakterien blir brukte i første trinn i ein infeksjon. Desse organellane er svært like liknande strukturane i andre bakteriar, som til dømes kan gi oss hjernehinnebetennelse og kolera. Difor kan denne forskinga føra til at det blir utvikla betre vaksinasjonar mot desse sjukdomane i framtida. Akkurat no er eg mest interessert i å finna ut korleis organellane fungerer i gonokokkane. Når me har funne ut noko om gonokokkane, vil me også automatisk få meir kunnskap om andre bakteriar, som til dømes dei bakteriane som gir oss hjernehinnebetennelse, fortel ho.

Til no har arbeidet hennar vore finansiert av Forskingsrådet, men stipendperioden er ute til sommaren. Ho håpar difor at Forskingsrådet eller andre institusjonar syter for at det blir løyvd pengar til vidare forsking på dette feltet.

Internasjonal oppsikt

Funna hennar har også vekt oppsikt internasjonalt. Det viser det faktum at ho nyleg fekk publisert ein artikkel om oppdaginga si i det amerikanske forskingstidsskriftet The Proceedings of the National Academy of Sciences.

- Det er berre artiklar om forskingsfunn som kan reknast blant dei beste ti prosent innan sitt fagfelt som blir publisert i det tidsskriftet. Det viser kor viktig grunnforsking Hanne Winther-Larsen har gjort, fortel rettleiaren hennar ved Bioteknologisenteret, professor Michael Koomey. Han meiner ho har gjort eit pionerarbeid innanfor infeksjonsmedisin.

- Funna til Winther-Larsen gjer det mogleg å forstå korleis slike infeksjonssjukdomar virkar på ein heilt annan måte enn tidlegare, konstaterer Koomey. Han meiner denne forskinga opnar mange nye vegar i arbeidet med å forhindra at slike sjukdomar bryt ut.

- Det er altså mogleg å bruka molekylære teknikkar for å finna fram til metodar som kan forhindra at slike sjukdomar oppstår. Til no er det svært få laboratorium i Noreg som har drive med slik forsking, medan det er fleire i USA og Europa. Eg håpar at desse forskingsfunna vil føra til at norske styresmakter satsar meir på forsking innan infeksjonsmedisin enn det er blitt gjort til no, seier Koomey.

- Eg synest det er utruleg spennande med infeksjonsbiologi, og eg håpar eg kan halda fram med denne forskinga også i framtida, legg Hanne Winther-Larsen til.

Emneord: Forskning Av Martin Toft
Publisert 11. jan. 2002 11:22 - Sist endra 10. des. 2008 15:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere