Det seier førsteamanuensis i fransk ved Klassisk og romansk institutt, Solveig Schult Ulriksen, som nyleg blei tildelt den franske ordenen ordre des Palmes académiques, for dei 34 åra ho har arbeidd som universitetslærar i fransk og for innsatsen sin for fransk-norsk samarbeid.
- Eg synest at eg har vore heldig som har jobba med eit fag som har gjort det mogleg for meg å vera kulturformidlar mellom Frankrike og mitt eige land. Etter at eg blei tilsett som vit.ass. ved Universitetet i Oslo i 1968 har eg vore her, fortel Schult Ulriksen, som dessutan har fått tid til å omsetja fransk litteratur til norsk.
- Eg har faktisk omsett den irske dramatikaren, Samuel Beckett, som også skreiv på fransk, frå fransk til norsk. Men også franske klassikarar som Balzac og Diderot har eg omsett.
- Har du omsett norsk litteratur til fransk?
- Nei, eg synest det rette er å omsetja frå framandspråket til morsmålet sitt når det gjeld skjønnlitteratur. Det er det ein omsetjar kan best, og dermed blir også språket best på den måten, meiner Schult Ulriksen. I dag er det forholdsvis få studentar som tar fransk ved UiO. Men etter studentopprøret i 1968 var situasjonen heilt annleis.
- På byrjinga av 1970-talet var det 100 studentar i semesteret på fransk. Mange av dei kom frå studiar på SV-fakultetet. Sjølv om studenttalet i dag ligg langt under dette, så synest eg at interessa for Frankrike har auka i Noreg. Det er mange som kjøper seg hus der nede, og det er mange som lærer seg språket på andre måtar enn å studera det på universitetet.
- Men korleis kan de få fleire studentar til å ta
fransk?
- Det viktigaste er å ha engasjerte og dyktige lærarar i den
vidaregåande skulen. Berre slik kan interessa for franskfaget
vekkjast hos elevane. Difor satsar Seksjon for fransk no
sterkt på etter- og vidareutdanning av fransklærarar, seier
Schult Ulriksen. Akkurat no er ho sterkt involvert i
førebuingane til den 15. skandinaviske romanistkongressen,
som Klassisk og romansk institutt skal skipa til frå 12. til
17. august.
- Til no har 210 personar meldt seg på, og me håpar at nokon kan hjelpa oss med å få sydd saman finansieringa av denne kongressen, nemner ho.
Logg inn for å kommentere