4 millionar til misjonærlingvistikk

Klassisk og romansk institutt ved UiO har fått tildelt 4,2 millionar kroner av Forskingsrådet til forsking på dei første grammatikkane på spansk og portugusisk over urfolkspråka i Amerika og i Asia. - Målet vårt er å trekkja dei spanske og portugisiske misjonærlingvistane fram i lyset og gi dei den plassen dei fortener i historia om språkvitskapen, seier prosjektleiar Otto Zwartjes som er professor i spansk.

- Me vil trekkja misjonærlingvistane fram i lyset igjen, seier prosjektleiar Otto Zwartjes ved Klassisk og romansk institutt.
Foto: Ståle Skogstad

- Dei første europeiskspråklege grammatikkane over urfolkspråka i Asia og Amerika blei lagde av spanske og portugisiske misjonærar, og målet vårt er å trekkja dei fram i lyset igjen og gi dei den plassen dei fortener innan historia om språkvitskapen, fortel prosjektleiar Otto Zwartjes.

Han er professor i spansk språk ved Klassisk og romansk institutt, og skal i samarbeid med professor Even Hovdhaugen ved Institutt for lingvistiske fag vera ansvarleg for dette forskingsprosjektet.

Kan læra av misjonærlingvistane

- Den aller første grammatikken over eit indianarspråk blei publisert av spanske misjonærar i Mexico i 1547. Den grammatikken skildra nahautl, som var aztekarane sitt hovudspråk. Faktisk så trur eg at måten desse misjonærlingvistane frå 1500- til 1800-talet skildra eit ikkje-indoeuropeisk språk på, også kan vera nyttig for lingvistar i det 21 hundreåret. Gjennom dei siste 100 åra har mange sagt at misjonærgrammatikkane ikkje har vore gode nok, men eg meiner at dei ikkje kan samanliknast med dagens grammatikkar, derimot må me tolka resultata av arbeida deira utifrå deira eiga samtid, seier ein engasjert Zwartjes.

Misjonærlingvistikk er blitt definert av professor i språkvitskap, Even Hovdhaugen, som studiet av ordbøker og grammatikkar skrivne av misjonærar. Zwartjes og Hovdhaugen tilhøyrer verdas fremste forskarar på misjonærlingvistikk, og begge har publisert bøker om dette temaet.

Forskingsprosjektet skal gå over tre år og vil inkludera seks forskarar i Noreg som skal samarbeida med forskarar på Filippinane, i Brasil, Mexico og Spania. Dei vil studera misjonærgrammatikkar over til dømes mandarin i Kina, japansk i Japan, tagalog på Filippinane, mapuche i Chile, tupi i Brasil og mochica i Peru. Neste år vil verdas fremste ekspertar på dette området samlast på verdas første internasjonale konferanse om misjonærlingvistikk på Voksensåsen hotell i Oslo.

Globaliserer misjonærlingvistikken

- Dette prosjektet skal bidra til å globalisera faget misjonærlingvistikk ved å kryssa nasjonale, språklege og religiøse grenser. Mange manuskript er til dømes aldri blitt publiserte, og mange gamle verk har heller aldri blitt analyserte på ein god nok måte, fortel Zwartjes, som trur det kan gjerast mange interessante funn innan denne forskinga.

Renessansen

- Svært lite er gjort med asiatiske misjonærgrammatikkar skrivne av spanske og portugisiske misjonærar, sjølv om desse går inn i den same religiøse og koloniale tradisjonen som me finn i Amerika. Heller ingenting er gjort når det gjeld analyse av lingvistiske idear og språkteoretiske spørsmål i misjonærgrammatikkar sett i samanheng med spansk-og portugisiskspråklege grammatikkar, skrivne i Europa i renessansen, konstaterer Zwartjes. Forskingsprosjektet vil også sjå nærare på misjonærarbeid i samband med omsetjingshistorie.

- Ingen har sett på korleis misjonærane handterer dei renessanse-humanistiske ideane i praksis når dei omset religiøse tekstar til urspråka, understrekar Zwartjes, og viser til at det i Europa på denne tida for første gong utvikla seg nye idear, metodar og metalingvistiske aspekt for å skildra nasjonale språk som mest ikkje var skildra før.

- Det er ikkje lenger haldbart å oversjå dei hundrevis av grammatikkar for indianske urspråk, der ein møtte akkurat dei same utfordringane. I mange tilfelle blei det utvikla "revolusjonære" metodar. Desse dokumenta er ein viktig del av språkvitskapen si historie, og Universitetet i Oslo kan spela ei viktig rolle på dette feltet, er han overtydd om.

"Hovudurspråk"

Den katolske misjonærtradisjonen involverte alle dei religiøse ordenane.

- Dei kom fram til ukjende land med målet om å kristna dei lokale folkegruppene, som snakka forskjellige og inntil då ukjende språk. Dei forsøkte å læra seg dei framande språka for å kunna gjennomføra planane sine om å gi indianarane kristendomsundervisning på ein enklare og meir effektiv måte. Difor valde dei som regel ut eit "hovudurspråk", som dei studerte og lærte såpass bra at dei kunne læra dette språket bort til folk frå andre stammer. Dette førte til at fleire urfolk i løpet av få generasjonar var i ferd med å mista sine eigne språk. Slik blei quechua i Peru, nahautl i Mexico, chibcha i Colombia, aimara i Peru og Bolivia, tupinambá i Brasil og guarani i Paraguay, Brasil og Argentina etablerte som generelle språk.

- Men misjonærlingvistane lagde også grammatikkar over språk som i dag er utdøydde, og difor gir dei oss forskarar heilt unike opplysningar om desse språka, forklarar Zwartjes.

Emneord: Forskning, Lingvistikk
Publisert 24. jan. 2002 11:38 - Sist endra 10. des. 2008 14:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere