-FN må styrkjast, meiner Pérez Esquivel

-Det er naudsynt med ei styrking av FN og ei demokratisering av Tryggingsrådet for at FN skal få meir makt i verdssamfunnet.

- Eg trur ikkje på nokon rettferdig krig, berre på rettferdige saker, seier fredsprisvinnaren Adolfo Pérez Esquivel.
Foto: Martin Toft

Det sa vinnaren av Nobels fredspris frå 1980, menneskerettsaktivisten Adolfo Pérez Esquivel frå Argentina, i eit foredrag i Georg Sverdrups hus på Blindern 5. desember.

- FN må få meir makt gjennom ei demokratisering av Tryggingsrådet, slik at ikkje USA kan halda fram med å ta seg til rette over heile verda slik landet har gjort både i Colombia, i Irak og i Afghanistan. Eg trur ikkje på nokon rettferdig krig, berre på rettferdige saker, sa Pérez Esquivel, som syntest at tildelinga av Nobels fredspris til FN for 2001 kunne innebera ei styrking av FNs rolle i verdssamfunnet.

Pérez Esquivel var i Noreg i samband med markeringa av Nobelprisens 100-årsjubileum.
Han sette også fokus på Latin-Amerika.

- Det er ikkje utan grunn at Latin-Amerika blei kjent som diktatura sitt kontinent frå 1965 til 1990. I løpet av denne tida fekk 80 000 latinamerikanske offiserar opplæring i tortur og andre tvilsame militære metodar på amerikanske militærakademi i Panama og i USA. Resultata blei tusenvis av drepne, forsvunne, torturerte og personar i eksil frå heile Latin-Amerika. Til slutt blei det så gale at denne politiske situasjonen kom på FNs bord.

- Etter at demokratiet har vendt tilbake til Latin-Amerika, kjempar me i dag for rettferd og mot at dei som braut menneskerettane under militærdiktatura, skal få straffefridom. I tillegg strir me med ei utanlandsgjeld som fører til at regjeringane blir tvungne til å føra ein politikk som gjer at dei fattigaste må lida enda meir enn før, konstaterte Argentinas andre fredsprisvinnar gjennom tidene.

Emneord: Latin-Amerika, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 10. des. 2001 16:23 - Sist endra 10. des. 2008 15:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere