Har tjuvstarta med Kvalitetsreforma

Matematisk institutt har innført både bokstavkarakterar og obligatorisk innlevering av oppgåver for førsteårsstudentane. - Det blir mykje meirarbeid for oss, men det er også moro å pressa studentane litt, seier kursleiar Arne B. Sletsjøe.

Arne B. Sletsjøe og Heidi Raude ved Matematisk institutt viser kor mange innleveringsoppgåver dei må halda greie på annankvar fredag.
Foto: Martin Toft

Kvalitetsreforma for høgare utdanning ber universiteta om å innføra bokstavkarakterar frå A til F og fleire obligatoriske innleveringar av oppgåver for studentane. Desse tiltaka er allereie innførte ved Matematisk institutt ved UiO, opplyser førsteamanuensis og kursleiar for byrjarkursa i matematikk, Arne B. Sletsjøe til Uniforum.

- Då me fekk det første krisevarselet om at den kraftige nedgangen i talet på matematikkstudentar i 1997, fann me ut at me måtte gjera noko. Difor blei det sett ned ei gruppe som kom med framlegg til tiltak som kunne gjennomførast for å betra studiekvaliteten og få fleire studentar gjennom studiet. Slik fekk me innført ei ordning med bokstavkarakterar og obligatorisk oppgåveinnlevering for alle førsteårsstudentane, fortel Sletsjøe.

Kvar student får si eiga mappe som alle dei fem oppgåvene som blir leverte inn kvart semester, blir lagde i. Den samla mappekarakteren blir så slått saman med eksamenskarakteren for å bestemma endeleg karakter for kandidaten.

Arbeidskrevjande

- Det er klart at dette er arbeidskrevjande for oss. Til saman er det 300 studentar på dei tre byrjarkursa i matematikk, og me har rekna ut at kvar faglærar brukar 25 timar ekstra på å retta oppgåver i løpet av ein runde med innleveringar. Mange av faglærarane er hovudfagsstudentar, og dei taper verdifull tid på sine eigne studiar på grunn av rettearbeidet. Dette problemet kan ikkje løysast berre med å løyva meir pengar. Det er naudsynt med fleire folk, meiner Sletsjøe. Sjølv har han ei løysing klar.

- Det beste ville vera om det blei oppretta fleire fire år lange stipendiatstillingar med full arbeidsplikt på 25 eller 50 prosent av arbeidstida. Då vil ei ordning med innlevering av obligatoriske oppgåver gjennom heile semesteret kunna gjennomførast. Fagleg sett ville denne jobben også kunne gjerast best av stipendiatar fordi det også ville gå greiare for dei å møta unge studentar enn det ville ha vore for ein eldre forskar, slår Sletsjøe fast.

Vanskelege oppgåver

Innleveringane går føre seg fredag klokka 15 og studentane får oppgåvene tilbake ei veke seinare. I ekspedisjonen til Matematisk institutt treff me matematikkstudent Helge H. Follestad, som er godt nøgd med ordninga.

- Ja, eg synest det er svært greitt med vurdering undervegs i studiet. Det gir oss også høve til å læra gjennom å løysa oppgåver. Denne oppgåva er den andre eg leverer inn, og den var i vanskelegaste laget, meiner han. Han får støtte frå Anne Birgitte Ledang.
- Det var altfor mykje å gjera på ein gong denne gongen, meiner ho.

Emneord: Studentsaker, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 1. nov. 2001 13:29 - Sist endra 10. des. 2008 15:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere