Det er mottaket av dei 13 000 bosniske flyktningane som kom til Noreg i 1992-93, som er grunnlaget for dei funna Brekke har gjort i doktoravhandlinga si ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved UiO. Då var norske styremakter i ferd med å utforma ein ny flyktningpolitikk basert på mellombels kollektivt vern.
Hovudmålet med den nye politikken var at flyktningane skulle busetjast og integrerast, men sendast heim om det var mogleg i løpet av fire år. Lenge før dei fire åra var gått, innsåg styresmaktene at ordninga ikkje hadde nok støtte til at det var mogleg å tvinga folk tilbake sjølv om det var blitt fred i heimlandet.
Forførande
- Flyktningepolitikken som innebar mellombels vern var både tidsskjør, ambisiøs og forførande. Når eg seier forførande, så viser eg til at den har både ei mjuk og ei hard side, og den mjuke sida kjem før den harde. For det første tillet denne politikken å ta imot heile 13 000 flyktningar på ein gong. Den andre, men harde sida, er det faktum at sluttoppgjeret inneber ei frivillig eller tvungen tilbakevending til heimlandet når krigen er over.
- No gjekk det ikkje slik med dei bosniske flyktningane blant anna fordi ein del av dei ville ha blitt minoritet i sin eigen landsby eller by om dei hadde vendt tilbake, anten dei var kroatar, serbarar eller bosniske muslimar, konstaterer Brekke. Dersom regjeringa hadde sett hardt mot hardt, ville det truleg ført til protestar frå ordførarar, lokalpolitikarar og dei norske vennene til dei bosniske flyktningane.
- I denne saka overprøvde dåverande justisminister Grete Faremo statssekretær Roger Ingebrigtsen i Kommunal- og regionaldepartementet. Medan Ingebrigtsen ynskte å oppretthalda tilbakevendingspolitikken, ville ikkje Grete Faremo ha meir negativ omtale av flyktningpolitikken til regjeringa, og difor gav ho til slutt alle desse flyktningane permanent opphaldsløyve i Noreg, opplyser Brekke til Uniforum.
Kosovo-flyktningar prøvekaniner
- No ser det derimot ut som om det er dei flyktningane frå Kosovo som kom hit til Noreg under krigen om Kosovo som får rolla som prøvekaniner i utprøvinga av denne politikken. Heimsendinga av desse flyktningane er allereie i gang, seier Brekke.
Under innsamlinga av data til doktoravhandlinga si, intervjua han både bosniske flyktningar, byråkratar, organisasjonar og politikarar som var involverte i utviklinga av denne politikken.
- Ein viktig grunn til at dei norske styresmaktene ville innføra mellombels vern for flyktningar, var behovet for å visa at Noreg ikkje var eit lettare land å få asyl i enn dei andre europeiske landa. Viss Noreg fekk stempel som eit såkalla "soft spot", frykta dei at signaleffekten ville føra til at fleire flyktningar tok vegen rett til Noreg. I tillegg ville dei verna om asylkonvensjonen. Dei var også redde for at dersom for mange personar meldte seg som flyktningar medan dei reelt sett var innvandrarar, så kunne asylkonvensjonen bli undergraven, fortel Brekke.
Vanskeleg balansegang
Konklusjonen i doktoravhandlinga hans er at ein god
flyktningpolitikk er ein svært vanskeleg balansegang.
- Det mellombelse vernet gir flyktningane eit problem med å
skapa eit normalliv. Det fører også til at arbeidet med å
skapa seg ein eigen identitet blir mykje vanskelegare. Det er
ei grense for kor lenge ein person kan venta med å leva, slår
han fast. Brekke såg også nærare på den doble satsinga på
integrasjon og tilbakevending.
- Samfunnsøkonomisk tente nok Noreg godt på å lata dei
bosniske flyktningane få bli i landet. Mange lærte seg godt
norsk og fekk seg jobb relativt raskt, påpeikar han.
Dette var også tilfellet for Kosovo-flyktningane, trass i at
styresmaktene ikkje satsa på integrering for denne gruppa.
- Dei to tidlegare statsrådane Odd Einar Dørum og Odd Roger Enoksen var einige om at tilbakesendingspolitikken måtte gjelda for Kosovo-flyktningane. Dei ville nemleg venda tilbake til eit heimland der dei ville utgjera majoriteten og ikkje lenger risikera overgrep frå andre folkegrupper, fortel Brekke.
Logg inn for å kommentere