UNESCO knyter seg til Abel-jubileet

I dag har UNESCO vedtatt å knyta seg til det norske Abel-jubileet som skal feirast neste år. Avgjerda gjer at Abel-jubileet også får stempel som eit UNESCO-jubileum. Det norske matematikkgeniet Niels Henrik Abel og den islandske forfattaren Haldor Laxnes er dei einaste namna frå Norden på UNESCOs liste.

Det var på generalkonferansen til UNESCO i Paris i dag, torsdag 25. oktober, det blei gjort kjent at FNs organisasjon for utdanning, vitskap og kultur vil knyta seg til Abel-jubileet. Niels Henrik Abel blei fødd på Finnøy i Rogaland i 1802, og vaks opp på Gjerstad i Aust-Agder. I 1829 døydde han av tuberkulose, 26 år gammal. Neste år er det altså 200 år sidan den verdskjente matematikaren blei fødd. Frå før er det også kjent at den norske regjeringa har løyvd 200 millionar kroner til ein eigen Abel-pris i matematikk som skal delast ut kvart år. Under Abel-jubileet kjem også den norske UNESCO-kommisjonen til å gjera ære på Abel i samarbeid med det matematiske miljøet i Noreg.

Emneord: Internasjonalisering
Publisert 25. okt. 2001 15:07 - Sist endra 10. des. 2008 16:06

Logg inn for å kommentere