- Eg er glad for å ha blitt valt til rektor!

- Eg er glad for å ha blitt valt til rektor og eg set stor pris på den saklege måten denne rektorvalkampen er blitt ført på. Som eg tidlegare har sagt, så er eg ein keisam person, og valkampen har vel ikkje akkurat slått an blant dei store massane.

Vinnaren av rektorvalet, Arild Underdal blir gratulert med sigeren av motkandidaten, Eivind Osnes.
Foto: Ståle Skogstad

Dette var reaksjonen til Arild Underdal etter at leiar for valstyret ved UiO, Jon T. Johnsen hadde erklært han som vinnar av rektorvalet 2001 på valvaka på restauranten Proffen. Han sette pris på at motkandidaten, Eivind Osnes, heile tida hadde ført ein valdebatt i svært verdige former.

- Det faktum at det skilde berre fire prosent mellom oss, viser at me begge har fått ei tillitserklæring frå universitetet. Og eg lovar at eg skal vera rektor også for dei som ikkje stemde på meg, sa Underdal. Like etterpå blei han oppringt av rektor Kaare R. Norum som gratulerte han med sigeren på mobiltelefon frå Det russiske vitskapsakademiet i Moskva. - Takk, takk, eg ser på dette som ein stafett der eg har overtatt pinnen etter deg. I morgon drar eg på ein konferanse i Rio, var alt Underdal klarte å seia før kollegar, støttespelarar og fagdirektørar strekte fram handa for å gratulera han.

Kontaktskaping

Så kunne han endeleg fortelja Uniforums lesarar kva han ynskjer å gjera som rektor etter nyttår.

- Den viktigaste saka er truleg oppfylgjinga av Kvalitetsreforma, men også den føreståande omorganiseringa av Noregs forskingsråd blir ei viktig sak for oss. Me må no få eit forskingsråd som tar betre vare på grunnforskinga. Men også på det politiske plan blir det naudsynt å oppretta nye kontaktar både i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og i KUF-komiteen i Stortinget etter regjeringsskiftet, understreka Underdal.

Han hadde allereie filosofert litt over kva framtida ville bringa han, før han fekk vita resultatet av rektorvalet.

- Ja, på fredag sat eg på toget til Ljan og sette opp moglege livssituasjonar for meg sjølv dei neste åra: Anten eit liv som leiar i framskoten stilling eller eit tilbaketrekt liv som forskar der eg kunne lukka døra bak meg og kopla ut telefonen og via meg heilt til forskinga. Når eg vurderte det eine opp mot det andre, fann eg ut at eg likte begge dei to moglege livssituasjonane like godt, fortalde Underdal og smilte. Han la til at han såg fram til å samarbeida med den administrative leiinga ved universitetet.

- Det gjeld både dei som stemde på meg og på prorektorkandidat Anne-Brit Kolstø og dei som stemde på Osnes. Eg synest det er bra at dei som stemde på oss, har tru på at me kan gjera denne jobben.

Også motkandidat, Eivind Osnes gratulerte Underdal med sigeren og ynskte han lykke til med vervet som rektor.

- Det finst mange oppgåver ved Universitetet i Oslo, og det er difor svært lett å mista fokus. Samtidig vil eg ynskja deg lykke til med innsatsen som rektor, sa Eivind Osnes, som også gav uttrykk for at han hadde sett stor pris på samarbeidet med prorektorkandidat Camilla Serck-Hanssen.

Emneord: Universitetspolitikk, Rektorvalget Av Martin Toft
Publisert 9. okt. 2001 11:55 - Sist endra 10. des. 2008 14:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere