Både Schibsted, Orkla, Telenor, NORAD, Manpower, Den norske Bank, Forsvaret, Finansdepartementet, Studentsampskipnaden i Oslo og Universitetet i Oslo var representerte med eigen stand på Arbeidslivsdagen i Idrettsbygningen på Blindern i dag, torsdag 4. oktober. Til saman var over 50 potensielle arbeidsgjevarar for UiO-studentar til stades for å visa seg fram og rekruttera nye arbeidstakararar.
- Her kan studentane flørta med ein mogleg arbeidsgjevar før dei endeleg finn ut kven dei til slutt vil gifta seg med, sa viseadministrerande direktør Trond Bakke i SiO under velkomstseremonien. Nordens største aviskonsern Schibsted ASA var ein av arbeidsgjevarane som ville prøva å fri til studentane.
Traineeprogram
- Me ynskjer å rekruttera fleire til konserntraineeprogrammet vårt, seier Martin Frey, som er sivilingeniør og som deltar på dette programmet. - Folk som deltar er både utdanna statsvitarar, siviløkonomar og sivilingeniørar som meg sjølv, fortel han, og legg til at det er eit viktig krav dei stiller til mogleg søkjarar.
- Dei må sjølvsagt visa interesse for det som går føre seg i mediebransjen og samtidig lika å stella med økonomi. Viss dei innfrir desse krava, så kan dei berre senda inn ein søknad og leggja ved ein CV, oppfordrar han.
Då Uniforum var til stades, var Idrettsbygningen godt besøkt av studentar som elles brukar dette lokalet til hjernetrim under eksamen og til kroppsøving gjennom resten av studieåret.
Logg inn for å kommentere