Den heldige studenten kan ta til med mastergradsstudiet i
internasjonal samfunnshelse ved UiO frå år 2002. I eit brev
rektor Kaare R. Norum og universitetsdirektør Tor Saglie har
sendt til Det kongelege slottet uttrykkjer dei eit håp om at
gåva kan signalisera at universitetet ynskjer å byggja bruer
over landegrensene. Dei understrekar også at samarbeid om
utdanning og forsking er ein grunnleggjande føresetnad for
utvikling. Og kampen for ei betre helse er eitt av dei felta
som krev eit breitt internasjonalt samarbeid.
- Me ynskjer å knyta brureparet sitt namn til dette
stipendet, utan at det vil gi stipendet eit institusjonelt
namn, skriv Norum og Saglie i dette brevet. På vegner av
Universitetet i Oslo håpar dei også kronprinsparet vil treffa
stipendiaten når han eller ho kjem til universitetet. På den
måten kan dei få førstehands kjennskap til dei helsefaglege
utfordringane han eller ho står overfor i det landet
stipendiaten kjem frå.
Stilig gåve
- Dette er ei skikkeleg stilig gåve som fylgjer opp det kongelege brureparet sitt ynskje om kva type folkegåve dei ynskte å få. Dette gjer jo også at me kan tilby ein studieplass ekstra neste år i høve til dei 20 plassane me har i dag, seier leiar for mastergradsstudiet i internasjonal samfunnshelse, professor Gunnar Bjune til Uniforum. Kvart år må får studiet inn over 200 søknader til dei 20 plassane på studiet.
25 land
- I dag er går det studentar frå over 25 land på dette studiet. Og når Verdas helseorganisasjon (WHO) går ut og fortel at norsk helsevesen ikkje er effektivt nok i høve til ressursane som blir brukt på det, er det noko med kan skriva under på. Me har nemleg hatt mange helsearbeidarar frå Sør som studentar her, og dei jobbar under langt trangare forhold enn det norske helsearbeidarar gjer. Likevel klarer dei å få mykje helse ut av det, fortel Bjune.
Halvparten av studentane på kurset er legar, medan resten er
sjukepleiarar og fysioterapeutar.
- Sidan søkinga har vore så stor, har me lagt lista over dei
me tar inn svært høgt, så difor har me krevd at dei har ein
del år med yrkeserfaring frå helsevesenet eller
helsebyråkratiet i heimlandet.Mange tidlegare studentar ved
mastergradstudiet deltar no i oppbygging av helseprogram i
heimlandet, seier professor i internasjonal helse, Gunnar
Bjune.
Logg inn for å kommentere