Skal styra genforskinga ved UiO

All forsking innan molekylærbiologi, bioteknologi og bioinformatikk ved UiO skal no samordnast av ei eiga styringsgruppe oppretta av Kollegiet. Ei av dei første oppgåvene er å tildela 3,6 millionar til tverrfakultære forskingsprosjekt, inkludert eit par postdoktorstipend.

Forskingsdekan Ole Petter Ottersen (t.v.) og prosjektleiar Tore Ellingsen fortel korleis EMBIO skal samordna forskinga på biofag ved UiO.
Foto: Ståle Skogstad

Det er forskingsdekan og professor ved Det medisinske fakultetet, Ole Petter Ottersen som leiar EMBIO eller Eininga for forsking innan molekylærbiologi, bioteknologi og bioinformatikk ved UiO. Prosjektleiar er seniorrådgjevar Tore Ellingsen ved Studie- og forskingsadministrativ avdeling i Sentraladministrasjonen. Begge er opptekne av å understreka kor viktig det er at det har lykkast å danna ei styringsgruppe på tvers av faggrupper.

- Dette må vera første gong ei styringsgruppe er danna på grunnlag av eit tverrfakultært forskingstema. I denne gruppa skal forskinga på molekylærbiologi, bioteknologi og bioinformatikk ved Det medisinske fakultetet, Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet og Det odontologiske fakultetet samordnast slik at me tar til oss kritikken frå Biofagevalueringa om at det sit for mange forskarar og jobbar på sitt fagfelt utan å ta omsyn til kva andre forskarar på tilgrensande fagfelt, men på andre fakultet, held på med, seier Ottersen og Ellingsen.

Det menneskelege genomet

Bakgrunnen for opprettinga av denne styringsgruppa starta med eit strategiutval, leia av matematikkprofessor Jens Erik Fenstad, som skulle sjå på korleis forskinga på molekylær biologi ved UiO kunne integrerast. Midt i dette arbeidet blir det menneskelege genomet ferdigsekvensert og kunngjort på ein pressekonferanse med USAs dåverande president Bill Clinton framfor Det kvite huset i Washington. Denne revolusjonerande hendinga innan forskingsverda førte også til at tidsskrifta Science og Nature gav ut kvar sine spesialnummer om det menneskelege genomet.

- Ferdigsekvenseringa av det menneskelege genomet gjer at ein kan sjå på funksjonen av tusenvis av genar samtidig, noko som er eit særtrekk for det forskingsfeltet som blir kalla funksjonell genomforsking. Kollegiet vedtok i oktober 2000 at UiO måtte satsa på dette området og oppretta ei eiga tverrfakultær styringsgruppe for molekylærbiologi, bioteknologi og bioinformatikkk, fortel Ottersen.

9 millionar

Det endelege mandatet til styringsgruppa blei vedtatt av Kollegiet i mai i år. Både Ottersen og Ellingsen håpar at sekretariatet for denne styringsgruppa blir ei eiga eining ved UiO. Styringsgruppa har 9 millionar kroner til disposisjon for andre halvår 2001. Av desse pengane skal 3,6 millionar gå til mellom fem og ti tverrfakultære forskingsprosjekt inkludert eit par postdoktorstipend. Innan 14. september må alle søknadane vera sende til Seksjon for forskingsadministrasjon ved UiO. Totalbudsjettet omfattar også seks doktorgradsstipend og tre postdoktorstillingar som er utlyste og som skal fordelast til fakulteta.

- Styringsgruppa skal ved hjelp av dette og andre tiltak fremja og leggja til rette for kvalitet og fornying innan denne forskinga ved universitetet. Når det gjeld satsinga på funksjonell genomforsking (FUGE), skal denne gruppa fungera som universitetet si interne styringsgruppe. Men den skal også fungera som universitetet si referansegruppe i høve til det strategiske samarbeidet innan biofaga med Noregs landbrukshøgskule og Noregs veterinærhøgskule, opplyser Ottersen til Uniforum.

- Framtida til Bioteknologisenteret er også eit spørsmål som styringsgruppa skal ta stilling til. I løpet av hausten blir det bestemt om senteret skal reorganiserast eller eventuelt på kva måte det skal vidareførast, legg Ellingsen til.

Emneord: Forskning Av Martin Toft
Publisert 22. aug. 2001 10:43 - Sist endra 10. des. 2008 15:48

Logg inn for å kommentere