UiO-stipendiat ny statssekretær i KUF

Nina Tangnæs Grønvold (31) frå Oslo blei statsråd fredag utnemnt til ny statssekretær i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. Ho kjem opphavleg frå Dokka i Oppland og er i dag doktorgradsstipendiat ved Institutt for medisinske åtferdsfag ved Universitetet i Oslo.

Tangnæs Grønvold har vore turnuslege i kommunehelsetenesta i Os i Østerdalen og på Tynset sjukehus. Ho etterfølgjer Berith Bergersen, som går tilbake til jobben som konsulent for AOF i Sarpsborg.

Tangnæs Grønvold har medisinsk embetseksamen frå 1997, mastergradsstudium i helseadministrasjon og statsvitskap. Ho kan likevel ikkje lova meir pengar til universitet- og høgskulesektoren sjølv om ho kjem frå denne sektoren.

Yngste statssekretær

- Nei, eg skal jobba med andre fagfelt enn forsking og høgare utdanning i KUF. Men eg vil sjølvsagt bringa med meg bakgrunnen eg har frå UiO, slik at departementet kan dra nytte av mine røynsler innan forsking og den kunnskapen eg har om universitets- og høgskulesektoren, seier Tangnæs Grønvold til Uniforum. Ho er også litt kry over å vera den yngste statssekretæren til regjeringa.

- Eg ser på dette som ei stor utfordring og føler meg som ein svamp sidan eg heile tida må suga til meg nye inntrykk. Ho reknar heller ikkje med å få problem med å halda fram med forskinga om tida som statssekretær skulle ta slutt etter Stortingsvalet til hausten.

- No har eg eit personleg forskingsstipend frå Noregs forskingsråd, så difor trur eg ikkje det skal bli noko problem å få permisjon frå forskingsprosjektet no, og så ta til igjen når tida som statssekretær er over, seier Tangnæs Grønvold.

Nina Tangnæs Grønvold har hatt ei rekkje politiske verv innan arbeidarrørsla. Ho har mellom anna vore leiar av St. Hanshaugen-Ullevål Arbeidarparti, medlem i representantskapen i Oslo Arbeidarparti, leiar i Sosialdemokratisk Studentforbund (SSF) og medlem i AUFs programkomité 2000.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 5. juni 2001 12:06 - Sist endra 10. des. 2008 16:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere