Jazz er eit ord som ingen lenger veit kva tyder, men som truleg har seksuelle undertonar. Kort fortalt er jazz musikkformen som oppstod rundt førre hundreårskifte, då europeisk og afrikansk musikktradisjon møtte kvarandre og smelta saman i USA, mest truleg i New Orleans. Det same kulturmøtet har utvikla musikk som calypso, samba og tango lenger sør på det amerikanske kontinentet.
Boka En fortelling om jazz, Unipub forlag, er den første læreboka om jazz på norsk, og forfattaren Carl Petter Opsahl skildrar den enkle definisjonen om at jazzen er ei musikkform som oppstod "blant negrene i Amerika" som "både gammeldags og "corny"". Han vil heller presisera at det mellom svarte og kvite musikarar utvikla seg ein skilnad i måten å spela på, på grunn av at underhaldningsbransjen i USA var skilt i to på grunn av raseskillet fram til like etter Den andre verdskrigen. På den måten hadde svarte og kvite musikarar mest ingen sjanse til å spela saman.
"Yankee-doodle jazzband"
Reaksjonane på dei to første jazzkonsertane i Noreg i 1921 var også prega av rasistiske haldningar, går det fram av Dagbladet, som dagen etter skreiv at Grand hotell hadde engasjert eit "vaskekte yankee-doodle jazzband korps med saksofoner, niggere, treblåsere, trommer og annet som trengtes for å skape en riktig øredøvende festlig, eggende og fandenivoldsk dansemusikk". (Opsahl 2001:146 e. Stendahl 1987:23).
Seinare starta nordmenn eigne jazzband, som Noregs første, Lauritz Stangs orkester, og det med størst påverknadskraft, Sixpence, som var det første jazzorkesteret som spelte i Universitetets Aula. Seinare blei det starta jazzorkester over heile Noreg, går det fram av boka til Carl Petter Opsahl, som til dagleg er doktorgradsstipendiat ved Det teologiske fakultetet ved UiO samtidig som han underviser i jazz ved Institutt for musikk og teater.
Ingen lærebok på norsk
Der oppdaga han at det mangla lærebøker i jazz på
norsk.
- Difor bestemte eg meg for å skriva ei bok som ikkje skulle
fokusera på dopbruken blant enkelte jazzmusikarar, men på kva
jazzmusikken inneheld. Eg har delt inn jazzmusikken i
stilartar og lete ein eller fleire jazzmusikarar representera
sin stilart. Mange jazzmusikarar er ikkje nemnde, men eg har
tatt med dei mest kjende, som Louis Armstrong, Billy Holliday
og Benny Goodman, forklarar han.
Opsahl har vore oppteken av jazz sidan han var ein neve
stor.
- Eg trur eg var seks år då eg for første gong høyrde
Chicago-innspelinga frå 1956 med Louis Armstrong. Faren min
spelte trompet, og det var han som introduserte meg for
historia til jazzen og dei store meistrane i jazzmusikken.
Seinare har eg vore hekta på jazz, fortel Opsahl, som spelar
klarinett både i Caledonia Jazzband og i Chateau Neuf
Spelemannslag.
Jazz interesserer ungdom
Også ved Institutt for musikk og teater noterer han stor
interesse for jazz blant studentane.
- På ei forelesing er det kanskje to eller tre studentar som
rettar opp handa, når eg spør om det er nokon som absolutt
ikkje kan fordra jazz. Dei andre 20-30 studentane har
ingenting imot jazz, og skriv gjerne ei semesteroppgåve om
ein gitarhelt eller liknande innan jazzen. Radka Toneff er
nok den norske jazzartisten mest studentar er opptekne av.
Keyboardisten Bugge Wesseltoft er ein annan, seier Opsahl.
Interessa for jazz hos desse studentane gir han
storbandmiljøet æra for.
- Mange av dei har spelt i storband og framført eit arrangement av ein komponist som dei likar svært godt. Det fører til at dei gjerne vil skriva ei semesteroppgåve om den same komponisten, når dei kjem til UiO for å studera musikk. Studentane er ofte aktive musikarar og flittige brukarar av jazzklubbane Herr Nilsen og Blå i Oslo, konstaterer jazzlæraren og jazzmusikaren Opsahl, som ser lyst på framtida for norsk jazz.
Utvisking av sjangrar
- Det mest spennande som skjer no er utviskinga av sjangrar som til dømes samarbeidet mellom jazzgruppa The Source og rockegruppa Motorpsycho. Dessutan finst det mange gode døme på grupper som spelar musikk som kan definerast som ein glidande overgang mellom hip-hop og jazz. Men eg skulle gjerne sett at det var fleire jazzscener der ukjende og uetablerte jazzmusikararar også kunne prøvd seg slik som dei kunne tidlegare på "Oslo Jazzhus", seier han.
Jazzen starta i USA, utvikla seg vidare i Europa med frijazzen og gitarjazzen til Django Reinhardt, men også norske jazzmusikarar har vore viktige i utviklinga av denne musikken.
Norsk "sound"
- Tenorsaksofonisten Jan Garbarek og jazzsongarinna Karin Krog har begge skapt ei retning innan norsk og europeisk jazz som andre musikarar kan gå vidare på. Dei norske jazzmusikarane har vore flinke til å skapa ein eigen "sound" og eit eige uttrykk som vekkjer appell internasjonalt. Men den norske staten har derimot ikkje vore flink til å marknadsføra norsk jazz. Medan norsk pop kan skilta med få internasjonale namn, som til dømes aha, kan norsk jazz visa til rundt mange internasjonalt kjende utøvarar, understrekar Opsahl, som til våren kjem ut med sin første solo-CD.
(Kjelder: Carl Petter Opsahl, En fortelling om jazz, Unipub forlag, intervju med Carl Petter Opsahl)
Logg inn for å kommentere