Over 2000 besøkte Humanioradagane

Over 2000 personar besøkte Humanioradagane frå 29. mars til 1. april. - Publikumsoppslutnaden var langt over det me hadde vågd å håpa på på førehand, seier leiar for Humaniorakomiteen, Panos Dimas.

Panos Dimas var leiar for Humaniorakomiteen for 2001.
Foto: Ståle Skogstad

Humanioradagane hadde i år "Den filosofiske refleksjon" som hovudtema, og det var nettopp foredraget til Noregs mest berømte filosof, Arne Næss, som var det enkeltarrangementet som trekte mest folk. Heile 498 personar var til stades i Universitetets Aula, då Næss heldt foredraget "Hva er et menneske?"

- Ei stor spørjeundersøking som blei sett i gang av Informasjonsavdelinga i samarbeid med HF-fakultetet viser at det i gjennomsnitt var rundt 100 menneske på kvart av enkeltarrangementa, eit tal me er svært nøgde med. Dette er også eit bra tal i høve til oppslutnaden under Humanioradagane tidlegare år, synest Dimas. Dette tolkar han som eit godt døme på at Humaniorakomiteen trefte sitt publikum.

Tok feil

- Ja, dei som syntest me hadde lagt opp til for vanskeleg tilgjengelege tema og var redde for at me var i ferd med å overvurdera publikum tok grundig feil. Me prøvde berre å visa oss fram som det me er, nemleg forskarar og samtidig fortelja dei om filosofiske tema me er opptekne av. Dette interesserte folk; det viste ikkje minst det faktum at mange folk stilte spørsmål til paneldeltakarane etter desse debattane, seier Dimas. Dette var tema som til dømes "Metaforenes betydning for den kulturelle betydning, "Filosofi i øst og vest" og "Ondskap." I tillegg til filosofiske foredrag fekk også folk høve til å gå og sjå filmar som tok opp ting som hadde med livsfilosofi å gjera.

Forsking er også humaniora

- Den store publikumsoppslutnaden viser at det vil vera mogleg for HF-fakultetet å markera seg med liknande arrangement, men med meir varierte tema, også gjennom resten av året. Det kunne føra til at både politikarar og massemedia fekk augene opp for at forsking ikkje berre handlar om naturvitskap og teknologi, men også om ting som har med dei historisk-filosofiske faga å gjera, meiner Dimas.

Når det gjeld pressedekninga er han godt nøgd med at både Dagbladet, Dagsavisen, Aftenposten og NRK Radio har skrive om Humanioradagane.

- Me i Humaniorakomiteen satsa likevel mest på å få delt ut mest mogleg informasjon om Humanioradagane til vanlege folk. Difor kjørte me rundt i heile Oslo og la ifrå oss program. Det var så effektivt at til slutt var det pressefolka som ringde til oss fordi dei hadde fått vita om det som skulle skje gjennom sine kjentfolk, fortel Humaniorakomiteens leiar.

- Den store interessa for humaniora og filosofiske spørsmål er ein nisje som HF-fakultetet no må utnytta for alt det er verdt slik dei har gjort det i andre land, meiner Dimas.

Nyttig for å leva livet

Spørjeundersøkinga som blei utført under Humanioradagane viser også at dei rundt 2000 personane som deltok var godt nøgde med dei arrangementa dei hadde deltatt på. Ord som går igjen i svara deira er interessant, spennande, veldig bra og glimrande. Og ikkje minst fylgjande kommentar må varma hjarta til ein filosof: nyttig for å leva livet.

Det er helst dei tekniske tinga rundt arrangementa folk ikkje er nøgde med. Ikkje minst trekkjer dei fram dårleg lyd på grunn av for få mikrofonar. I tillegg har ein del personar hatt problem med å få tak i programmet. Når det gjeld innhaldet på foredraga og debattane er folk godt nøgde, og svært få av dei som svarte syntest foredraga var vanskelege å forstå.

Emneord: Humanioradagene Av Martin Toft
Publisert 5. apr. 2001 16:05 - Sist endra 10. des. 2008 15:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere