Det er kunstnarane og kunstlærarane Guttorm Guttomsgaard og Dag Hofseth som står bak utstillinga, og dei har også gitt ut ei bok med same tema. Også medisinhistorikaren Øyvind Larsen har medverka i boka. Alle kunstverka er henta frå kunstskattane til universitetet. Særleg har Anatomisk institutt kome med mange illustrasjonar.
Blant dei mest eksklusive verka er første- og andreutgåva av medisinaren Andreas Versalius` banebrytande bok De humani corporis fabrica libri septem, utgjeven første gong i 1543. Dei anatomiske illustrasjonane er gjorde av Tizians verkstad i Venezia, og viser forholdet mellom kunst og vitskap i renessansen, skriv Universitetet i Oslo i ei pressemelding.
Blant dei 80 illustrasjonane er det også nokre norske bidrag. Målaren og litografen Johan Ludvig Losting frå Bergen lagde i 1847 fargerike illustrasjonar til eit stort verk om spedalsksjuken.
Utstillinga, som omfattar tidsrommet 1540-1870, blir opna av rektor Kaare R. Norum onsdag 4. april klokka 13.00.
Logg inn for å kommentere