Fleire universitet og større stipend

Alle vitskaplege høgskular og høgskular med rett til å tildela doktorgrad kan få kalla seg for universitet og alle studentar skal få tildelt 11 000 kroner ekstra i stipend i året. Dette er dei viktigaste nyhenda i stortingsmeldinga om reformer i høgare utdanning, som blei presentert av utdanningsminister Trond Giske 9. mars.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Trond Giske saman med statssekretær Randi Øverland.
Foto: Martin Toft

Den auka utdanningsstøtta til alle studentar vil til saman koma på 1,3 milliardar kroner frå budsjettåret 2002. Dei 11 000 ekstra stipendkronene vil bli gjorde om til stipend straks studenten har bestått eksamen. Dermed vil den samla utdanningsstøtta koma opp i 80 000 kroner. I tillegg ynskjer regjeringa at kvar student kan få tena 100 000 kroner i året utan at utdanningsstøtta blir redusert.

Ny gradsstruktur og ny karakterskala

Utdanningsminister Trond Giske og regjeringa går også inn for å innføra ny gradsstruktur ved norske universitet og høgskular frå hausten 2002. Då blir dei angloamerikanske gradane bachelor på tre år og master på fem år for første gong introduserte i Noreg. I tillegg skal kvar student inngå ein studieavtale med kvar institusjon og bli fylgd betre opp av institusjonen. Difor ynskjer regjeringa at det skal leggjast vekt på studentaktive undervisningsformer saman med evalueringar som skal fremja læring gjennom jamnlege tilbakemeldingar.

Regjeringa kjem med framlegg om å ta i bruk heile studieåret, og ynskjer å vurdera om studieåret skal utvidast til tre årlege terminar. Utdanningsminister Trond Giske kunne ikkje lova at institusjonane skulle få ekstraløyvingar for å innføra denne ordninga.

- Eg nektar å tru at det ikkje er mogleg å finna pengar til dette gjennom omfordeling av ressursar på institusjonane. Dessutan ser eg for meg ei ordning der forskarar i ein periode kan driva med 80 prosent undervisning og 20 prosent forsking, og i neste periode gjera det omvendt. Eg kan i alle fall lova at me ikkje kjem til å gå inn for å oppretta reine undervisningsstillingar ved universiteta, sa Giske på direkte spørsmål frå Uniforum.

Regjeringa går inn for å innføra karakterskalaen A-E, og F for stryk, i alle fag der det skal gjevast karakterar. Det blir også gjort framlegg om å innføra ei ny vekting av studia der eit fullt studieår gir ei utteljing på 60 studiepoeng i staden for 20 vekttal slik det er i dag. På denne måten skal det bli lettare å få norske vekttal til å samsvara med vekttala i andre europeiske land. Både ex.phil. og ex.fac. skal inngå i den tre år lange bachelorgraden. Dei skal begge telja 10 studiepoeng innanfor dei 60 studiepoenga som ein student helst skal skaffa seg i løpet av eit studieår.

Fleire universitet

Utdanningsminister Trond Giske og regjeringa vil altså gå inn for at alle dei vitskaplege høgskulane kan få kalla seg for universitet. Men også høgskular med rett til å tildela ein eller fleire doktorgradar kan få søkja om å få kalla seg for universitet. Dette framlegget er ikkje så strengt som tilrådinga frå Mjøs-utvalet, som gjekk ut på å lata berre dei høgskulane som hadde rett til å tildela doktorgrad i fire eller fem fag få høve til å søkja om å kalla seg for universitet. Statsråd Giske forsvarte etter beste evne det mange vil kalla for frisleppet av omgrepet universitet

- Dersom me hadde sett som krav at berre høgskular som hadde rett til å tildela doktorgrad i fire eller fem fag kunne få søkja om å kalla seg for universitet, ville mange høgskular retta alle ressursar inn mot å oppretta mange nok doktorgradsstudium. Med det framlegget me presenterer, vil høgskulane heller konsentrera seg om å gjera det doktorgradsstudiet dei har så godt som mogleg, meinte han.

Giske nekta også for at dette ville føra til ei utvatning av løyvingane til grunnforsking.
- Pengane til grunnforsking vil gå der det er grunnlag for å driva med slik forsking, sa statsråden.

Tredelt finansieringsmodell

I stortingsmeldinga går regjeringa inn for å innføra ein ny tredelt finansieringsmodell for universiteta og høgskulane. Først skal det vera ei basisløyving som skal ta vare på omsynet til framtidsplanlegging og gjennomføring av særskilde prioriteringar, som til dømes kostnader ved breidde i fagtilbod og distriktsomsyn. Denne basisløyvinga skal dekka delar av kostnadane til undervisning og forsking slik at institusjonane blir mindre sårbare for variasjon i studentsøkinga. Den andre delen av denne finansieringsmodellen er studiefinansiering, som er basert på oppnådde resultat av undervisninga. Dette skal målast i talet på studiepoeng og uteksaminerte kandidatar. Den tredje delen av den nye modellen, er forskingsfinansiering, basert både på forskingskvalitet og forskingsomfang, men også på særskilde strategiske forskingsmidlar.

Rektorval kvart fjerde år og dekanar på åremål

Når det gjeld styringsmodell, går departementet inn for at universitet og høgskulane blir forvaltingsorgan med særskilde fullmakter. Regjeringa ynskjer også å leggja til rette for meir fleksibel bruk av personalressursar. Rektor skal framleis veljast i demokratiske rektorval, men regjeringa går inn for å auka valperioden frå tre til fire år. Styret, eller ved UiO, Kollegiet, skal få fleire eksterne medlemar, medan talet på medlemar som representerer dei tilsette blir redusert. Fleirtalet i styret vil likevel vera sett saman av representantar for institusjonen.

Regjeringa foreslår at både instituttstyrarar og dekanar blir tilsette på åremål og ikkje valde i demokratiske val som i dag. Universiteta skal også få full fridom til å organisera institutt og fakultet på den måten dei finn det best tent med. Dei skal også få oppretta og leggja ned fag på alle nivå utan førehandsgodkjenning frå departementet.

Auka internasjonalisering

Målet til regjeringa er også at universiteta og høgskulane skal bli meir internasjonaliserte. Difor kjem den til å krevja at alle høgare utdanningsinstitusjonar skal kunne tilby studentar som ynskjer det eit studieopphald i utlandet som ein del av eit gradsstudium.

Regjeringa vil gjerne gå gjennom ordninga med gebyr- og tilleggsstipend for å sjå om det er mogleg å bruka ein del av desse pengane på å styrkja internasjonaliseringa ved norske lærestader. Men også utanlandske studentar både frå industrialiserte land og frå utviklingsland skal stimulerast til å ta høgare utdanning i Noreg. Difor foreslår regjeringa at det blir oppretta fleire fagtilbod på engelsk. Institusjonane blir også oppfordra til å inngå samarbeids- og utvekslingssamarbeid med utanlandske utdanningsinstitusjonar slik at norske utdannings- og forskingsinstitusjonar blir attraktive arbeidsplassar for utanlandske vitskapleg tilsette.

Glede og vonbrot

I Studentparlamentet i Oslo skaper denne stortingsmeldinga glede.
- Giskes framlegg om å ei heilskapleg evaluering gjennom året er eit stort framsteg for norsk høgare utdanning, meiner leiar av Studentparlamentet i Oslo, Anne Berit L. Grøtterud. Ho trur at denne evalueringsforma gir studentane høve til å læra på ein heilt annan måte enn i dag. Auken av stipenddelen av utdanningsstøtta er ho også glad for.

- Me har jobba lenge for 40 prosent stipenddel. Endeleg har regjeringa sett realitetane i krava og behova til studentane, seier Grøtterud. Leiaren for ANSA (Foreininga for norske studentar i utlandet) Eirik Bogsnes er derimot ikkje nøgd med framlegga til Giske.

- Får Giske det som han vil, så vil ein norsk student i Japan få 12.500 kroner mindre i studiestøtte i året, medan ein student i Sveits taper 3.100 kroner. Dette opplever me som urettvist når alle studentar i Noreg får over 12.000 kroner ekstra å rutta med, seier Bogsnes i ei pressemelding.

Leiaren for Norsk Studentunion Ine Saxvik, er heller ikkje nøgd med innhaldet i stortingsmeldinga sidan den ikkje foreslår noko organ for kvalitetssikring.

- Dette er svært uheldig. Mjøs-utvalets framlegg om eit uavhengig senter for kvalitetssikring var eit av dei viktigaste framlegga, seier Saxvik. I Stortinget er Venstres utdanningspolitiske talsmann Odd Einar Dørum lite imponert over regjeringa sine framlegg til reformer i høgare utdanning.

- Kunnskap og kvalitet kan ikkje kjøpast billeg. Dei foreslåtte reformene for høgare utdanning er viktige, men dei er lite verdt når dei skal oppnåast gjennom sparing i staden for satsing. I motsetning til Trond Giske trur ikkje eg at me kan organisera oss bort frå ei kraftig opptrapping av samfunnet sin ressursbruk på forsking og høgare utdanning, meiner Dørum.

Stortingsmeldinga skal no handsamast av KUF-komiteen i Stortinget før ho kjem opp til endeleg votering ein gong før sommarferien.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 12. mars 2001 13:40 - Sist endra 10. des. 2008 15:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere