Statistikken tar føre seg heile artiklar eller sitat frå artiklar som har blitt trykte i internasjonale forskingstidsskrift som Nature, Science, Lancet og The International Medical Journal i åra mellom 1981 og 1998.
Av dei norske forskarane kjem professor Per Brandtzæg ved Institutt for laboratoriemedisin ved UiO på topp med totalt 8657 sitat og 407 artiklar medan professor Ole Petter Ottersen ved Anatomisk institutt, fylgjer på andreplass med 6598 sitat og 182 artiklar. På tredjeplass fylgjer 60-årsjubilanten professor Jon Storm-Mathisen ved Anatomisk institutt med til saman 6196 sitat og 134 artiklar.
Først på fjerdeplass fylgjer første forskar frå eit anna norsk universitet. Det er medisinprofessor T. Espevik frå NTNU, som får notert 5929 sitat og 151 artiklar.
Godt nøgd
Medisinprofessor Per Brandtzæg er godt nøgd med å trona øvst på denne eksklusive lista.
- Det er klart at det er fint å koma så godt ut på ein slik
statistikk. Ikkje minst er eg glad for at forskingsgruppa mi
LIIPAT (Laboratory for Immunohistochemistry and
Immunopathology) stadig markerer seg sterkt på lista.
Samtidig skal ein vera litt forsiktig med å måla verdien av
slike sitatlister (citation indexes). I alle fall seier
indeksen noko om korleis publikasjonane blir lagde merke til
internasjonalt. Dessutan viser det kor viktig det er å skriva
vitskaplege artiklar på engelsk så tidleg som mogleg for å
bli lagt merke til at det internasjonale forskingsmiljøet,
meiner Brandtzæg.
- Kva trur du er grunnen til at dei medisinske forskarane ved UiO kjem så godt ut på denne lista?
- Det er ganske enkelt fordi UiO er det største og viktigaste universitetet i Noreg og har lang tradisjon med medisinsk forsking, seier Brandtzæg.
Viss me går lenger ned på lista ser me at Erik Thorsby, frå Institutt for laboratoremedisin, UiO fylgjer på femteplass, Kaare Berg ved Institutt for medisinsk genetikk, UiO på sjetteplass, medan Kirsten Sandvig, S.A. Fossa og Sjur Olsnes frå Radiumhospitalet og UiO kjem på dei neste plassane.
Logg inn for å kommentere