Samtalane om Omstillingsavtalen held fram

Universitetsdirektøren og dei tre største tenestemannsorganisasjonane ved UiO, NTL. Forskarforbundet og 2FO (LUHF) er einige om å halda fram samtalane om Omstillingsavtalen.

Både universitetsdirektør Tor Saglie og tenestemannsorganisasjonane, NTL, Forskarforbundet og 2 FO ser behovet for å halda fram samtalane om Omstillingsavtalen frå 1994.

Etter at universitetsdirektøren i eit notat til Kollegiet kom med framlegg om at denne avtalen skulle seiast opp, slo tenestemannsorganisasjonane alarm og varsla at dei ikkje kom til å samarbeida om framtidig omorganisering ved universitetet om ikkje tenestemannsorganisasjonane blei inviterte til reforhandling av Omstillingsavtalen.

Denne åtvaringa førte til at spørsmålet om å seia opp Omstillingsavtalen blei trekt frå saklista til kollegiet før møtet 23. januar. Dagen etter, 24. januar, hadde universitetsdirektøren og organisasjonane eit møte der dei blei einige om å koma saman for å halda fram samtalane om heile avtalen, seier NTL-leiar Anita K. Solhaug.

- Universitetsdirektør Tor Saglie kom også med ynskjet om å skipa til eit dagsseminar om Omstillingsavtalen der fagforeiningane og universitetsleiinga kan diskutera alle problema rundt denne avtalen. Røynslene våre viser at den demokratiske prosessen alltid tar lang tid medan det tar kort tid å ta ei avgjerd over hovuda på folk. Men med ei avgjerd av den sistnemnde typen, vil etterarbeidet ta minst like lang tid, understrekar Solhaug. Frå NTLs ståstad er det positivt med eit slikt dagsseminar, synest ho.

- Ja, det tolkar eg som at synspunkta på Omstillingsavtalen i alle fall ikkje er fastlåste, seier ho.

Universitetsdirektør Tor Saglie stadfestar at desse samtalane vil halda fram.

-Me er einige om å halda fram samtalane om Omstillingsavtalen og me er også blitt samde om å skipa til eit dagsseminar om denne avtalen. Då vil både fagforeiningane og universitetsleiinga vera til stades i tillegg til at me håpar å få henta inn ekstern ekspertise, seier universitetsdirektør Tor Saglie. Dagsseminaret kjem til å bli halde om kort tid, får Uniforum opplyst.

Emneord: Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 26. jan. 2001 16:49 - Sist endra 10. des. 2008 15:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere