Prorektor og psykologiprofessor Rolv Mikkel Blakar tar gjerne
over stafettpinnen etter rektor Kaare R. Norum når han må gå
av for aldersgrensa ved årsskiftet. Difor melder han seg som
kandidat til rektorvervet. Valet er den 1. eller 8.
oktober.
- Dette gjer eg først og fremst fordi eg har lyst til å halda
fram den universitetspolitikken som Kaare R. Norum og eg har
stått for i denne rektorperioden, som altså tok til i 1999
etter at me blei valde ved rektorvalet 12. oktober 1998. Det
første året brukte me jo på å laga den offensive
Langtidsplanen, og no prøver me å setja i verk dei første
tiltaka frå planen. Mykje er sett i gang, men det meste av
gjennomføringa står naturleg nok att. Difor har også ein del
vendt seg til meg og bede meg om å sikra kontinuitet i den
valde leiinga ved universitetet, seier Blakar. Han viser til
at dei tre føregåande rektorata med høvesvis Bjarne Waaler,
Inge Lønning og Lucy Smith alle sat i to rektorperiodar på
til saman åtte og seks år.
Dødens posisjon
I moderne tid har ingen av prorektorane som har stilt opp
vorte valde, noko Blakar er fullstendig klar over.
- Det har vore Dødens posisjon å ha vervet som
prorektor og så seia seg interessert i å overta rektorkappa.
I løpet av ein rektorperiode blir jo prorektor sjølvsagt
identifisert med dei avgjerdene rektoratet tar, og dei kan
naturleg nok ikkje vera like populære i alle miljø. Men
samtidig er jo det å vera prorektor den beste
rektorutdanninga nokon kan få. Eg ser det dessutan som mitt
ansvar å føra alt det vi har sett i gang vidare, og difor
seier eg no ja til å ta ein ny valperiode for dette
rektoratet, forklarar Blakar.
Han trur også at han som prorektor vil kunne ha større sjanse enn dei tidlegare prorektorane som har stilt opp.
- Etter seks til åtte år med den same rektoren var det behov for noko nytt. Og reaksjonane mot det som hadde vore gav sjølvsagt ikkje den sitjande prorektoren stor sjanse, konstaterer Blakar. Norum kan berre sitja som rektor ut denne perioden, altså i tre år.
- Det vil seia at dersom prorektor overtek som rektor, vil det sikra at den noverande politikken til rektoratet og dei pågåande prosjekta me har sett i gang, kan halda fram i to periodar eller seks år slik det har vore normalt for tidlegare rektorat. Så pass lang tid trengst for å få gjennomført noko i ein så stor organisasjon, understrekar prorektor Blakar.
Ikkje kjendis
Han seier seg ikkje lei for at han ikkje er kjendis slik som Kaare R. Norum, Lucy Smith og Inge Lønning.
- Nei, eg veit godt at eg ikkje har noko kjent ansikt. Men eg har i alle fall god røynsle i å vera prorektor slik at eg veit betre enn dei fleste kva for oppgåver som ventar rektor. Eg vil heller ikkje trengja nokon innføringsperiode.
Han legg heller ikkje skjul på at verva som tidlegare dekan ved SV-fakultetet og styrar ved Psykologisk institutt gjer han godt skodd for ein eventuell rektorposisjon. Ein annan grunn til at han trur det kan vera større sjansar for prorektor denne gongen i høve til 1998 er at det er så kort tid sidan den store valkampen med heile fem kandidatar.
- Det kan difor godt vera at universitetssamfunnet ikkje er så oppsett på ein ny og stor rektorvalkamp no, også fordi me er midt inne i ein omfattande fagdimensjonerings- og omstillingsperiode, resonnerer han.
Kontinuitet
Hovudårsaka til at han stiller som rektorkandidat er at han meiner at eit rektorat treng meir enn ein valperiode på tre år for å få gjennomført politikken sin.
- Dersom universitetssamfunnet ynskjer kontinuitet i arbeidet, tar eg gjerne over og fører arbeidet til dette rektoratet vidare ein periode til. Hyppige mannskapsskifte og kursendringar kan sjølvsagt få uheldige fylgjer for styringsorganisasjonen ved Universitetet i Oslo, konkluderer prorektor Rolv Mikkel Blakar.
Logg inn for å kommentere