Etter det avisa kjenner til har UiO bestemt seg for å bruka Fronters løysing etter ei omfattande vurdering som har gått føre seg rundt eit års tid. Løysinga er sett saman av eit rammeverk, som gjer det mogleg å laga virtuelle klasserom i tilknyting til alle kurs som blir tilbydde ved universitetet. Ved hjelp av web-baserte applikasjonar, kan studentane diskutera oppgåver, jobba på eigne og andre sine dokument og henta inn stoff.
Dagleg leiar Roger Larsen i Fronter seier til avisa at selskapet leverer sjølve det virtuelle klasserommet medan universitetet syt for innhaldet. Verdien av kontrakten, vil ikkje Larsen ut med.
Selskapet har tidlegare selt løysinga si til dei fleste universiteta og høgskulane i Noreg, til saman 150 000 lisensar. I sitt første driftsår, 2000, omsette Fronter for 6,5 millionar kroner og fekk eit resultat på rundt 500 000 kroner.
Digital integrering i undervisning
Det er IT-direktør Arne Laukholm ved UiO som har leia forhandlingane om innkjøp av det virtuelle klasserommet til Fronter. Og senioringeniør Jon Lanestedt, som er prosjektleiar for gruppe for digitale medier i læring, er godt nøgd med avtalen.
- Kjøpet er eit ledd i arbeidet for at IT, digitale læremiddel og ein digital infrastruktur skal integrerast i undervisning og læring ved UiO slik IT-strategien og langtidsplanen etterlyser. Men det skal også bidra til å vidareutvikla læringsformer og betra studiekvaliteten ved universitetet, seier Lanestedt til Uniforum.
UiO har eit fritt tal på lisensar til brukarane sine. Systemet er "først ut" av ei lita gruppe med slike løysingar som alle UiOs fagmiljø skal få tilbod om.
- USITs krav til programvaren har vore at den i tillegg til å
understøtta relevant pedagogikk, også må spela saman med
resten av den digitale infrastrukturen og dei eksisterende
brukaradministrative systema til universitetet slik
som til dømes Felles Studentsystem og UREG
2000, seier Lanestedt.
Logg inn for å kommentere