Førstkomande onsdag 24. januar skal universitetsdirektør Tor Saglie gjennomføra samtalar om saka med tenestemannsorganisasjonane ved UiO. Saka er difor trekt frå kollegiemøtet for at det skal bli tid til å gjennomføra desse samtalane i ro og fred og for å rydda opp i openberre misforståingar, opplyser Saglie til Uniforum. Utover det ynskjer ikkje universitetsdirektøren å kommentera denne saka no.
Dei tre tenestemannsorganisasjonane NTL, Forskarforbundet og 2FO(LUHF) reagerte før helga kraftig mot framlegget frå universitetsdirektøren til Kollegiet om å seia opp Omstillingsavtalen frå 1996. Dei meinte at det ville opna for oppseiingar ved UiO.
Logg inn for å kommentere