KRONIKK: Oppgjer, forsoning og attreising

75 år sidan frigjeringa 8. mai 1945.

I samband med koronakrisa har ein fått kjenna litt på gleda av eit samfunn som opnar opp igjen. Det er likevel ikkje mogeleg å samanlikna denne gleda med den som braut ut i Norge 8. mai 1945.

Skulptur av ein person på sykkel framfor Universitetets aula på Karl Johan

Universitetets aula var midt i sentrum av dei spontane feiringane 8 mai, 1945. I front av biletet er skulpturen av Gunnar Sønsteby. Biletet er tatt i samband med 70-årsdagen for frigjeringa av Norge.

Foto: Martin Toft

K R O N I K K

Nederlaget ved Stalingrad i 1943, landgangen i Normandie i 1944 og frigjeringa av Danmark bare nokre dagar tidlegare, hadde alt gjeve håp og peika framover mot denne dagen. Overgangen frå ein gledelaus kvardag med matmangel, utan ytringsfridom og med fengsling og tortur av motstandarar av okkupasjonen, må ha kjentes som ei indre vårløysing.

Etter frigjeringa kunne Universitetet i Oslo opna for studentar igjen. Autoritære regime  har

Jørn Øyrehagen Sunde. Foto: UiO

aldri vore komfortable med den frie og kritiske tanken. Difor oppstod det fort ei spenning mellom universitetet og okkupasjonsmakta. I november 1943 vart tilsette og studentar arrestert, universitetet stengt for undervisning, og meir enn 600 studentar sett i fangeleir i Tyskland. Ikkje alle kom tilbake til Norge våren og sommaren 1945.

Saman med gleda kom òg sorg og sinne over den urett og dei tap mange hadde lidd under okkupasjonen. Etterkrigsoppgjeret kom raskt i gang og var omfattande med tanke på alle dei som vart stilt til rette for sitt forhold under krigen. Det er slett ikkje alt ved etterkrigsoppgjeret som er minneverdig, og det må underleggjast same kritiske gransking som andre historiske hendingar. Likevel representerer det ein heilt ny måte å få i gang forsoning og attreising på.

Etterkrigsoppgjeret i Norge, som i andre land som hadde vore okkupert under Den andre verdskrigen, var eit stort framsteg i måten å restarta eit samfunn på etter ein krig. Gjennom å rettsleggjera oppgjeret sette ein openheit og kontradiksjon framfor rein makt. Slik tok ein både avstand frå metodane og framgangsmåten til okkupasjonsmakta, og fekk eit stort, omfattande men raskt avslutta oppgjer som gjorde at ein kunne ta til med kvardagen igjen.

Sjølv med sine manglar, peika etterkrigsoppgjera framover mot dei mange ulike oppgjer og forsoningsprosessar ein har fått etter krigar og når autoritære regime har kapitulert, med Sør-Afrika, Balkan og Rwanda som døme. Dei oppgjera og forsoningsprosessane har heller ikkje vore perfekte, men likevel eit endelaust betre alternativ enn ny undertrykking og valdsbruk.

Dei feirande menneska på Karl Johan og Universitetsplassen 8. mai 1945 jubla fordi dei var fri undertrykkinga. Men dei jubla òg for framtida. Ein bør ha begge deler i minnet ved markering av at det i år er 75 år sidan frigjeringa. For ein må ikkje gløyma lidingane autoritære regime påfører borgarane. Diverre er dette igjen eit høgaktuelt tema. Ein må heller ikkje gløyma å retta blikket framover og bruka kreftene på å byggja samfunn. Koronakrisa har minna oss på kor viktig samfunn, fellesskap og samhandling er. Meir enn noko prega det forsoninga og attreisinga av Norge etter dei harde krigsåra.

(Jørn Øyrehagen Sunde er professor på Institutt for offentleg rett ved UiO. Teksten stod opphavleg  i Rektorbloggen.)

 

Emneord: Universitetshistorie, Historie Av Jørn Øyrehagen Sunde, professor i offentleg rett, UiO
Publisert 8. mai 2020 13:09 - Sist endra 8. mai 2020 13:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere