Tysklandsstudenten Elling Kvamme: – Det var eit under at me overlevde!

For 70 år sidan blei Elling Kvamme og 1200 andre studentar arresterte av den tyske okkupasjonsmakta. To månader etterpå kom han til konsentrasjonsleiren Buchenwald. – Eg lærte mykje om mennesket sin vondskap, men også om heltemot, seier 95-åringen.

EIT UNDER: – Me overlevde jo, og det var det viktigaste. Men det var eit under, seier Elling Kvamme, 70 år etter at han blei arrestert og send til konsentrasjonsleiren Buchenwald i Tyskland.

Foto: Ola Sæther

Medisinstudenten Elling Kvamme frå Råde i Østfold var i praksis på klinikken til professor Monrad Krohn den dagen den tyske okkupasjonsmakta slo til og arresterte 1200 studentar ved Universitetet i Oslo.

–Då eg kom til klinikken, stod medisinstudenten Jon Lundeval der. Han åtvara meg om at tyskarane var på jakt etter studentar etter at nokon hadde forsøkt å setja fyr på Aulaen. Då gjekk eg inn til Monrad Krohn og spurde han kva eg skulle gjera. «Det er naturleg å halda fram med praksisen», sa han til meg. Medan me diskuterte det, kom tyskarane, fortel Elling Kvamme til Uniforum.

Sende til Stavern

Kvinnene blei sette på ei rad og mennene blei sette på ei anna rad. Kvinnene fekk gå, medan mennene måtte sitja igjen før dei blei sende vidare til Aulaen.

– Der fekk me høyra på ein toretale frå ein tysk offiser om forsøket på å setja fyr på Aulaen. Rikskommissær Josef Terboven kom og gjekk. Me blei samla saman og måtte gå inn i dei kvite bussane som skulle frakta oss til Stavern. Eg sat der i kvit legefrakk. Men fram kom me, og då blei me delte inn i ulike grupper og måtte bu i forskjellige brakker. Dei som såg mest germanske ut, og som dei hadde håp om å få omvenda til den rette naziideologien, blei sende til Tyskland rett før jul. Me som blei rekna som dei vanskelegaste å omvenda blei sende ned i januar, minnest Elling Kvamme. Transporten gjekk med skipet Donau.

– Det var ei lite hyggeleg reise. Skipet kunne gå på ei mine. Det hadde skjedd med ein fangetransport ein gong tidlegare. Alle omkom, hugsar Kvamme.

– Barberte bort alt hår

Dei kom til Stettin som den gongen låg i Tyskland, og blei deretter sende med tog til konsentrasjonsleiren Buchenwald.

– Dei lova oss at me skulle til ein annan leir, ein såkalla særleir med spesialbehandling. Bjeffande hundar og tyskarar som skreik «los! los!», var det som møtte oss, då me kom fram. Der måtte me først kle oss nakne, så barberte dei kvart einaste år på kroppen vår. Deretter blei me duppa i eit svovelliknande bad. Gud veit kvifor, men dei meinte sikkert at det skulle vera ei slags desinfisering. Dei gav oss pyjamasliknande, stripete klede og treskor. Slik måtte me gå ut i den kalde januarnatta til brakka vår.

– Korleis opplevde du det?

 – Eg trur ikkje eg opplevde det i det heile tatt. Det var så uventa.

Kålrabi og turnips

Elling Kvamme og medfangane hans hadde det etter forholda bra.                                                                                                                                                                                                                                       – I karantenebrakka der me budde, låg me tett inn på kvarandre. Etter nokre dagar kom kommandanten i Buchenwald, Herman Pister inn med flott uniform, medaljar og distinksjonar. Han fortalde oss at me ikkje var vanlege fangar, og derfor skulle til ein sonderlager, altså ein særleir. Dit blei me transporterte og der fekk me SS-kost, som var heilt ålreit. I byrjinga hadde me fått fangekost, og det var noko forferdelege greier. Hovudretten var ei blanding av kålrabi og turnips. Men me fangar var så desperate, at me konkurrerte om å skrapa ut restane frå dei tønnene denne fangekosten blei transportert i, fortel Elling Kvamme.

Alt blei betre etter at dei fekk endra statusen sin.

– Me fekk ta imot pakkar frå Raudekrossen, og me fekk lov til å senda strengt sensurerte brev heim. Det einaste me kunne skriva, var at me hadde det bra. På den måten fekk familiane våre i alle fall eit livsteikn frå oss.

Redda livet til medstudent

– Sat du saman med dei andre Tysklandsstudentane?

– Dei fleste eg sat saman med, kjende eg ikkje frå før. Då eg var på Stavern blei eg kjent med andre studentar. Eg sat og spelte bridge med fire av dei, då ein av dei brått fekk frykteleg vondt i magen. Og som medisinar gjekk eg sjølvsagt laus på han. Eg fann ut at han hadde fått ein akutt bukhinnebetennelse, truleg med sprukken blindtarm. Då tilkalla me ein ferdig utdanna lege, som var einig i det, og han blei send på sjukehus. Heldiggrisen, tenkte me. Etter krigen såg eg namnet hans i avisa, og oppdaga at han var dømd for landssvik. Så han var tydelegvis planta mellom studentane. På Stavern undersøkte dei også vår nasjonale haldning, og me blei spurde om me trudde Storbritannia ville vinna krigen. Det svarte me ja på, og det var ikkje særleg populært.

– Kva opplevde du i Buchenwald?

– Me fekk pakker frå Raudekrossen og delte det med barna i området. Då blei me veldig populære blant dei. Fleire gonger etter krigen opplevde eg å treffa folk som kom bort til meg og som hugsa det.

– Kvifor blei de behandla så godt samanlikna med andre fangar?

– Tyskarane sin plan var å senda studentane til utdanningsleiren Sennheim. Det var dei som dei trudde kunne omvendast til deira ideologi. Dei måtte gi frå seg kleda sine, og fekk uniformer med belte og distinksjonar. Det var utoleleg, så dei reiv av distinksjonane og klistra plaster over beltet. Dei to nøytrale landa Sveits og Sverige hadde reagert mot den praksisen. Sidan Tyskland var spesielt vare for Sverige sin reaksjon, delte dei til slutt ut uniformer utan belte og utan distinksjonar.

Fekk vita om den allierte invasjonen

– Kva måtte du gjera?

– Eg var vanleg fange, så eg måtte stilla opp på appellar. Men som legestudent fekk eg også høve til å få undervisning i patologi. Og då kom eg inn i løvas hole. I klasserommet sat den tidlegare overborgarmeisteren i Praha, Peter Zenkl. Han hadde kontakt med den hemmelege fangeleiinga i Buchenwald, så me fekk greie på dei allierte sin invasjon den same dagen det hende. Då me kom tilbake til brakka, hadde det også blitt kunngjort på tysk radio. Men då blei det sagt at me kastar dei tilbake igjen, slik som sist. Men denne gongen klarte dei det altså ikkje.

– Når kunne du dra tilbake til Oslo?

– Den 1. mars 1945 blei me sende med tog til Neuengamme. Me hadde med oss ti overlevande norske jødar, mellom dei Leo Eitinger, Julius Paltiel og Samuel Steinmann. Me rekna dei som nordmenn og ville ha dei med oss. Men dei måtte stå igjen. Det var eigentleg bra at dei ikkje blei med, for då me kom fram var mellom andre bølla frå Lublin der,  Toman. Han var sjef, og det var ei anna fangegruppe som styrte der. Dei var kriminelle, og om jødane hadde blitt med, ville dei blitt skotne. Politiske fangar hadde raud trekant, kriminelle hadde grøn trekant og homoseksuelle ein annan trekant. Sjølv om dei var leie seg for at dei ikkje kunne bli med, var nok det deira redning.

– Korleis blei de behandla?

– Me overlevde jo, og det var det viktigaste. Men det var eit under. Me opplevde bombardementa i Einfuhrt. Nabotoget vårt blei råka, og då sprakk det for dei tyske fangevaktarane. Det førte til at fangane opna dørene, og eg måtte springa ut medan toget var i rørsle og eg klarte å hoppa av, og seinare kom me oss i tryggleik. Me såg mange bomba byar som såg ut som Pompei.

– Og kvar var de då de kunne venda heim?

– Ja, me var i Neuengamme, like ved Hamburg. Der blei me henta i dei kvite bussane av Bernadotte-aksjonen, den 20. april 1945.

– Kva lærte du av opphaldet i konsentrasjonsleirane i Tyskland?

– Lærte eg noko i det heile tatt? Eg såg mykje og opplevde mykje, men det var viten eg godt kunne vore forutan. Eg lærte ein god del om mennesket sin vondskap. Det såg eg ein god del av i leirane, og det var lite positivt.

Streika mot tvangsarbeid

– Såg du godleik også?

– Ja, i forholdet mellom fangane. Ein gong blei me sette til å bemanna ei ferje som gjekk over Rhinen. Utan uniformer. Dei sa at det var humanitært arbeid. Me oppdaga fort at me frakta dei slåtte tyske soldatane som vende heim frå Frankrike. Alle bruer var sprengde i stykke, og det var eit tidsspørsmål før denne ferja også ville bli utsett for bombing. Me gjekk til kommandanten og fortalde at dette var imot alle folkerettslege reglar. Det var forbode å lata krigsfangar ta del i krigen på fienden si side. Difor gjekk me til streik. Han blei rasande og truga oss med skyting. Me blei plasserte på rådhuset i ein by som heiter Burkheim. Sjølv drog han til Freiburg for å få ordre om at han kunne skyta nokre av oss. Akkurat då blei Freiburg bomba, og då var også nokre av våre medfangar forlagt der. Dei hadde hjelpt dei som kunne reddast. Ein av dei redda eit lite barn og mora, ved å springa med barnet i armane og mora ved sida av seg gjennom ruinane for å finna ein sikker stad. Himmler bestemte difor at me skulle tilbake til Buchenvald. Me måtte ut på vandring gjennom Schwarzwald, og fekk ein halv liter med suppe på tre dagar. Seinare blei me sette på eit tog som frakta oss den siste delen av vegen. Me var nokså utkjørte. Då blei me plasserte i ein leir, der det også var 2000 danske politifolk. Dei smugla mat til oss under luene sine i lommene sine og andre stader i kleda sine og la dei frå seg på utedassen. Der fann me maten. Dei redda livet vårt på den måten.

– Hadde det vore mogleg å ha unngått arrestasjonen og bli sendt til Tyskland?

– Ja i høgste grad. Eg var blitt tilsett som fast lege på Fredrikstad fylkessjukehus, og jobba med difteri og dysenteri og andre sjukdomar. Og eg kunne ha halde fram med å jobba der, men eg ville gjerne halda fram med medisinstudia. Då takka eg nei til det. Klart det var dumt, men eg såg ikkje klart i krystallkula då.

Grå mus

– Korleis var det å koma tilbake til Oslo?

– Då var me berre nokre grå mus. Dei store heltane var gutta på skauen og dei som hadde deltatt i motstandsarbeidet frå Storbritannia og USA. Me synest det var heilt greitt.

 – Kva kan dagens generasjon læra av dykk?

– Ingen generasjon har noko å læra av andre generasjonar. Dei lærer av det dei opplever undervegs.

– Korleis var det å ta oppatt studia igjen etter krigen?

– Livet i Oslo gjekk fint etter Den andre verdskrigen. Medisinstudiet fungerte som ei form for terapi. Noreg hadde bruk for legar på den tida. Fakultetet innførte tre semester i staden for to semester i året utan å redusera pensumet, så eg blei ferdig lege allereie i 1947. Slik kom me oss gjennom studiet på ein brukbar måte.

Seinare blei Elling Kvamme professor i nevrokjemi ved Universitetet i Oslo.

Den 30. november i år sat Elling Kvamme på fremste benk i Aulaen då Universitetet i Oslo markerte 70-årsminnet for arrestasjonen av Tysklandsstudentane.

 – Det var ei fin markering, synest Elling Kvamme, som også er leiar for Buchenwaldforeininga.

Av dei 644 norske studentane som blei sende til Tyskland, døydde 17 i fangenskap.

 

 

ÆRA I AULAEN: 70-årsminnet for arrestasjonen av 1200 norske studentar blei markert i Universitetets aula den 30. november. Då sat Elling Kvamme og dei andre Tysklandsstudentane på fremste benk. (Foto: Ola Sæther)

 

 

 

Emneord: Studentsaker, Studentforhold, Menneskerettar, Universitetshistorie Av Martin Toft
Publisert 15. des. 2013 12:18 - Sist endra 15. des. 2013 12:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere