– Viktigare enn kampen om tungtvatnet

– Senkinga av dei seks skipa på Nylands og Akers Mekaniske verksted i november 1944 var viktigare for krigens gang enn tungtvassaksjonen i Vemork. Det meiner Sverre Kokkin (89), som var med i Pelle-gruppa som stod bak aksjonen.

ENORMT VIKTIG: Aksjonen mot dei tyske krigsskipa på Nylands og Akers mekaniske verkstad var viktigare for krigens gang enn tungtvassaksjonen i Vemork, synest krigsveteran og medlem av Pelle-gruppa, Sverre Kokkin (89).

Foto: Ola Sæther

I november 1944 eksploderte seks tyske skip som var inne til overhaling på Nylands og Akers mekaniske verkstad i Oslo. Aksjonen var organisert og planlagt av Pelle-gruppa. Medlemane av gruppa var tilsette på verftet, og dei hadde gjennom mange månader smugla inn dynamitt i lommer og matboksar, før dei hadde plassert dei på strategiske plassar på dei tyske skipa.

– Denne aksjonen blei svært vellykka, og eg er overtydd at den var viktigare enn Vemork-aksjonen, der norske soldatar sprengde Hydros fabrikk for å hindra at tyskarane skulle produsera tungvatn, slik at dei kunne utvikla atombomber. Sabotasjen mot dei seks båtane på Akers mekaniske verkstad hindra nemleg at tyskarane kunne flytta soldatar frå Noreg til andre frontar i Europa der det var meir behov for dei. På den måten klarte aksjonen å forkorta krigen, sa Sverre Kokkin i eit intervju med sosiologiprofessor Willy Pedersen på SV-fakultetet i går. Sverre Kokkin og Reidar Formo er dei to einaste attlevande frå Pelle-gruppa.

9. april 1940

Sverre Kokkin var enno ikkje fylt 15 år då Tyskland invaderte Noreg 9. april 1940.

– Eg budde i Ullevål hageby og høyrde flyalarmen. Bortsett frå det visste eg ikkje kva som hadde hendt. Difor tok eg ein sykkeltur til sjukeheimen på Tåsen og klatra opp i øvste etasje for å få eit godt utsyn over Oslo. Då såg eg eit fly som sleppte bomber på Frøen gård. Eg forstod ingenting, vedgjekk han. Seinare gjekk han ned på Akershuskaia og observerte tyske soldatar som var komne til byen.

Rekruttert til Pelle-gruppa

Sverre Kokkin gjekk på reallinja på Berg middelsskole og heldt på med det fram til han var russ i 1944. Då blei han og tre av vennene hans verva inn i den topphemmelege Pelle-gruppa.

– Då me fekk førespurnaden om å bli med, sa me ja med ein einaste gong. For oss som var midt i sesjonsalderen, var det ikkje særleg spennande berre å aksjonera mot tyskarane ved å ha ei raud topplue eller gå med ein binders. Me ville gjerne delta i tøffare aksjonar, fortalde Sverre Kokkin.

Lynopplæring i våpenbruk

På ei hytte langt inne på Krokskogen fekk dei fire gutane opplæring av ein instruktør som kom om morgonen og forlet dei om ettermiddagen.

– Då fekk me opplæring i bruk av maskinpistol og andre skytevåpen. Og så lærte han oss korleis me skulle laga ei bombe, mintest Sverre Kokkin. På seks dagar skulle dei læra nok til at dei kunne driva sabotasje mot den tyske okkupasjonsmakta.

Rana dynamitt og pengar

Sjølv blei han ikkje imponert av verken opplæringa eller planlegginga til Pelle-gruppa.

– Den første aksjonen me skulle gjennomføra var å få ut ein såra motstandsmann frå Ullevål sjukehus. Me klatra over muren og kom oss inn på sjukehuset, men fann aldri pasienten. Resultatet blei at me måtte rømma ut igjen den same vegen me var komne, hugsa han.

Dei mest vellykka aksjonane han sjølv deltok i, var ranet av to tonn med dynamitt frå ein byggjeplass utanfor Hønefoss og ranet av 115 000 kroner frå Sporveiens lønningskontor.

– Pengane blei gitt direkte til ein advokat som hindra at pengane blei brukt på tull og tøys, men til finansiering av mat, hus og losji for leiaren av Pelle-gruppa, Ragnar Sollied. Han var nemleg ikkje-eksisterande og fekk ikkje rasjoneringskort på lik linje med dei andre i Noreg, fortalde Kokkin.  Pengane finansierte også i stor grad aksjonane til Pelle-gruppa.

Blei skadd

Seinare deltok Sverre Kokkin i ein aksjon mot eit fabrikkanlegg på Fetsund.

– Alt gjekk gale, og bomba eksploderte før den skulle. Hovudpersonen blei drepen inne i fabrikken, medan eg gjekk i bakken og bygningsrestar fall ned og dekte meg fullstendig til. Då eg vakna igjen, spytta eg ut sand og stein.Eg hugsa kvar syklane låg, tok ein av dei og sykla hardt skadd heim til foreldra mine i Ullevål hageby. Så for eg til Aker sjukehus, der dei passa på at eg ikkje blei plassert på rom med nazistar eller at eg blei behandla av nazistar.

– Seinare fekk eg vita at Pelle-gruppa hadde ordre om å ta livet av dei i gruppa som blei hardt skadde i ein aksjon. Eg bør difor vera glad for at ingen av mine gruppekollegaer klarte å finna meg, sa han.

– Ingen helt

Etter hans meining ville 80 prosent av alle norske ungdommar ha handla på same måte som han i den situasjonen.

– Eg er ingen helt. Det einaste eg og vennene mine ville gjera var å yta ein innsats for å gjera det vanskelegare for tyskarane å vera i Noreg. Difor ville me lytta på radio og gi ut ei illegal avis. Det førte etter kvart til at me blei spurde om å bli med som sabotørar i Pelle-gruppa.

– Og kva skjedde med dei Aker-tilsette som stod bak aksjonen mot dei tyske krigsskipa?

– Dei måtte rømma til Sverige. Det ville ha vore svært lett for tyskarane å finna ut kven dei var.

– Og kva dreiv du med etter at Den andre verdskrigen blei slutt?

– Då utdanna eg meg til røyrleggjar og tok seinare ei ingeniørutdanning. Til slutt hadde eg eit røyrleggjarfirma med 35 tilsette, sa Sverre Kokkin.

Sein heider

Pelle-gruppa fekk i byrjinga ikkje den same heideren som blei dei andre motstandsgruppene til del. Først i 2013 blei gruppa heidra med eit minnesmerke, som i dag står på Aker brygge. Skulptøren er Kirsten Kokkin, Sverre Kokkins dotter.

Truleg var grunnen til at æra kom så seint, at ein av leiarane i gruppa hadde vore med i Osvald-gruppa, som hadde nær tilknyting til kommunistpartiet.

– Rett etter krigen skifta fiendebiletet raskt frå nazistane og fascistane til kommunistane. Av dei som ivra mest for det, var LO og LO-leiaren Konrad Nordahl. Han var redd for at Noregs kommunistiske parti, skulle få endå større oppslutnad. I det første stortingsvalet etter fredsvåren 1945 fekk partiet 16 representantar inn i Stortinget. Ein viktig grunn til det var vanlege folks oppfatning av at Sovjetunionens innsats var banebrytande for at Tyskland tapte krigen.

– Heller ikkje eg ynskte at bolsjevikane skulle få makta i Noreg. Difor støtta eg innhaldet i Einar Gerhardsens Kråkerøy-tale, fortalde Sverre Kokkin studentar og forskarar ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi på UiO.

 

 

Emneord: Historie, Sosiologi, SV-fakultetet Av Martin Toft
Publisert 9. apr. 2015 15:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere