På verdsbasis er det altså Massachusetts Institute of Technology som har overtatt tetplassen etter Stanford-universitetet som inntok den i fjor.
Denne gongen hamnar Stanford på tredjeplass, og må sjå seg slått av Harvard-universitetet. Berkeley-universitetet er på fjerdeplass. Det første ikkje-amerikanske universitetet kjem først på 26-plass. Det er Cambridge-universitetet,som dermed også blir rekna som Europas beste.
Universitetet i Oslo hamnar på femteplass i Europa, men på 53. plass på verdsrankinga. Det går dermed ein plass opp på Europa-lista, men sju plassar ned på lista over verdas beste universitet, samanlikna med juli i fjor. Trøysta må vera at det beste svenske universitetet, Uppsala først kjem på 14. plass på Europa-lista, medan dei danske universiteta først dukkar opp på 30. plass og nedover. I år ligg NTNU på 15. plass og Universitetet i Bergen på 24. plass på Europa-lista.
Undersøkinga tar også denne gongen atterhald når det gjeld plasseringa til Universitetet i Helsingfors fordi det har fleire felles domene med Helsingfors by.
Webometrics blir publisert av den spanske forskargruppa Internet Lab. Den er knytt til Spanias forskingsråd og informasjonssenter om forsking og utdanning. Forskarane var veldig overraska over å oppdaga at webindikatorar mangla heilt i evalueringa av universiteta på andre rankinglister.
Dei meiner at å vera til stades på Internett betre reflekterer ei stor gruppe variablar som er med i hovudoppgåvene til eit universitet, nemleg undervisning, forsking og kunnskapsformidling. Når rankinglista blir sett opp, blir det tatt mest omsyn til kor mange forskingsartiklar kvart universitet har tilgjengeleg på Internett. Men dei tar også med tilbodet av digitale bibliotek, databasar, digitale kurs og bidrag på internasjonale forskingskonferansar.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere