UiO tangerer tjuandeplassen i Europa på ny rangering

Universitetet i Oslo er nummer 20 i Europa og nummer 96 i verda over universiteta som har forskingspublikasjonar best synlege og tilgjengelege på nett.  Det viser den siste undersøkinga frå Webometrics hos det spanske forskingsrådet.

BRONSEPLASS: UiO ligg framleis på bronseplass i Norden på Webometrics nyaste rangering over universiteta som er best til å gjera forskingpublikasjonar og vitskaplege artiklar synlege og tilgjengelege på nett. 

Foto: Ola Sæther

Det er University of Oxford som er best i Europa når det gjeld å gjera mest mogleg av forskingsartiklar og anna forskingspublisering av høg kvalitet tilgjengeleg og synleg på nett. Det syner juli-tala frå det spanske forskingsbyrået Webometrics. På dei neste plassane fylgjer University of Cambridge og University College, London. Det beste ikkje-britiske universitet er ETH Zürich frå Sveits som tar fjerdeplassen.

UiO-rektor takkar dei tilsette

I Norden er Københavns Universitet høgast plassert med ein ellevteplass, medan Helsingfors universitet kjem på 18. plass, to plassar over Universitetet i Oslo på 20. plass.  Det gir dermed UiO ein bronseplass i Norden, slik universitetet har hatt for vane på denne målinga. UiO kom også på 20.-plass i målinga frå januar i år.

Rektor Svein Stølen er godt nøgd med plasseringa. 

– Det er alltid hyggeleg at Universitetet i Oslo gjer det godt på internasjonale rangeringar. Denne handlar i stor grad om digital "tilstedeværelse", men òg om formidling av forsking, understrekar han overfor Uniforum.   

UiO-rektoren gir også honnør til alle dei UiO-tilsette.

– Me publiserer og vert mykje sitert, og me har ein nettstad som stadig blir betre og meir relevant. Så må me som vanleg, vera forsiktige med konklusjonane, men det er lov å seia tusen takk til alle som bidrar. Det er UiOs folk som gjer at me hevdar oss så godt på så mange arenaer og rangeringar, peikar Stølen på. 

Dei beste svenske universiteta er Lunds universitet og Uppsala universitet på høvesvis 32.- og 33-plass i Europa på målinga frå Webometrics.  Det nest beste danske universitet Aarhus Universitet, slår likevel dei beste svenske universiteta og tar 24.plassen mellom dei europeiske universiteta.

Best i Noreg:

Universitetet i Oslo

NTNU

Universitetet i Bergen

Universitetet i Tromsø

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Agder

NMBU

Best i Norden:

Københavns Universitet

Helsingfors universitetet

Universitetet i Oslo

Aarhus Universitet

Lunds universitet

Uppsala universitet

Best i Europa:

University of Oxford

University of Cambridge

University College, London

ETH Zürich

Best I verda:

Harvard University

Stanford University

Massachusetts Institute of Technology (MiT)

University of Oxford

Best i Latin-Amerika:

Universitetet I Sao Paolo, Brasil

Nasjonaluniversitetet i Mexico (UNAM)

Best i Afrika:

University of Cape Town, Sør-Afrika

University of the Witwatersrand, Sør-Afrika

Best I Asia:

Tsinghua University, Kina

Peking University, Kina

Den arabiske verda:

King Saud University, Saudi-Arabia

King Abduladiz University, Saudi-Arabia

Oseania:

University of New South Wales, Australia

University of Melbourne, Australia

(Kjelde: Webometrics)

Harvard på topp i verda

På verdsrangeringa tronar Harvard University frå USA på topp. Deretter fylgjer dei to andre amerikanske universiteta Stanford og Massachusetts Institute of Technology på dei neste pallplassane. På fjerdeplass kjem University of Oxford.  Det er berre britiske og amerikanske universitet på dei 15 første plassane.  University of Toronto i Canada kjem på 16.plass, medan det kinesiske universitetet Tsinghua University endar på ein 21. –plass.   Og på verdsrangeringa kjem UiO altså på plass nummer 96.

NTNU nest best i Noreg

Dei andre beste norske universiteta plasserer seg mellom nummer 201 og 1015 på denne rangeringa.

Ifylgje Webometrics er det nest beste norske universitetet NTNU i Trondheim som kjem på 62.-plass i Europa og som nummer 201 i verda. Deretter fylgjer Universitetet i Bergen på 74.plass i Europa og 223 i verda. Universitetet i Tromsø blir nummer 494 i verda og nummer 198 i Europa.

Universitetet i Stavanger får plasseringa som nummer 395 i Europa og legg seg inn på plass 994 i verda.  Universitetet i Agder fylgjer nokre plassar bak som nummer 401 i Europa og nummer 1015 i verda. NMBU er nummer 1097 i verda og nummer 431 i Europa.

Metodologien bak målinga

Webometrics er ein del av det spanske forskingsrådet, og det måler i hovudsak kor synleg og tilgjengeleg eit universitet er på nett. Då handlar det både om nettsider, forskingsartiklar og anna materiell som universiteta gir ut.

Kor synleg ein institusjon er på nett utgjer 50 prosent av det endelege resultatet. Det som tel nest mest er kor mange vitskaplege artiklar institusjonen har mellom dei 10 prosent mest siterte forskingsartiklane i 27 ulike fag i perioden 2018–2022. Det utgjer 40 prosent av den samla poengsummen.

Talet på siteringar frå dei beste forskarane tilgjengelege på nett, utgjer 10 prosent.

Sjølv meiner det spanske forskingsrådet som står bak rangeringa, at desse indikatorane også gir eit godt og rett bilete av kvaliteten til kvart av dei universiteta og kvar av dei høgskulane som målinga har vurdert.

• Les meir om rangeringar i Uniforum: 

UiO er framleis i Europas meisterliga

UiO er nummer 126 på verdas mest prestisjetunge rangering

UiO er mellom dei 20 beste i Europa på Shanghai-rangeringa

UiO er på nittandeplass i Europa av dei mest synlege universiteta på nett

UiO når nye høyder på prestisjefylt universitetsrangering

UiO på tredjeplass i Norden i fersk rangering

UiO er på tredjeplass i Norden på Shanghai-rankinga

UiO ramlar tre plassar ned i Europas meisterliga

Universitetet i Oslo går oppover på ny universetsrangering 

UiO er i Europas meisterliga for å vera mest synleg på nett

UiO er mellom dei fire mest internasjonale universiteta i Norden

UiO er på sjuendeplass i Norden på rangeringen til Times Higher Education

UiO skårer høyt på Shanghai-rangeringen

UiO er på bronseplass mellom Nordens mest synlege universitet på nett

 

 

 

 

 

Emneord: Rangering, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 8. aug. 2023 04:29 - Sist endra 8. aug. 2023 09:24
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere