UiO er mellom dei 20 beste i Europa på Shanghai-rangeringa

Universitetet i Oslo fell seks plassar frå i fjor og endar mellom dei 67 beste universiteta i verda på Shanghai-rangeringa for 2022.  I Norden er UiO på tredjeplass, medan det ligg blant dei 20 beste i Europa.

NED SEKS PLASSAR: UiO ramlar ned seks plassar på årets Shanghai-rangering over verdas beste universitet. Universitetet er likevel blant dei 20 beste i Europa. (Arkivfoto)

Foto: Martin Toft

Shanghai Jiao Tong-universitetets verdsrangering over universiteta er ei av dei to mest prestisjetunge kåringane av verdas beste universitet. Også årets rangering blir dominert av universitet frå USA med Harvard University på topp, tett fylgt av Stanford University og Massachusetts Institute of Technology (MIT). Resultata blei kunngjorde i dag. Dei viser også at  det beste europeiske universitetet på denne rangeringa er University of Cambridge som kjem på fjerdeplass i verda.  Naboen University of Oxford plasserer seg som nummer sju.

Best i verda:

1. Harvard University

2. Stanford University

3. Massachusetts Insitute of Techology (MIT)

4. University of Cambridge

Best i Europa: 

1. University of Cambridge

2. University of Oxford

3. Paris-Saclay-universitetet 

4. ETH.Zurich

Best i Norden: 

1. Købehavns Universitet

2. Karolinska Institutet

3. Universitetet i Oslo

4. Aarhus Universitet

Best i Noreg:
1. Universitetet i Oslo

2. NTNU

3. Universitetet i Bergen

4. Universitetet i Tromsø

5. NMBU

(Kjelde: ShanghaiRanking' s Academic Ranking of World Universities)

UiO på topp i Noreg og nummer tre i Norden

I Noreg er altså Universitetet i Oslo på topp med ein 67.-plass i verda og ein tjuandeplass i Europa.  I Norden gir det ein tredjeplass etter Københavns Universitet på  plass nummer 39 og Karolinska Institutet i Stockholm  som  kjem som nummer 41 på verdsrangeringa. 

Av dei beste universiteta utanfor det engelske språkområdet, finn me Paris-Saclay-universitetet i Frankrike som tar ein 16.plass i verda. Det tyskspråklege ETH Zürich som vanlegvis er på topp i den kategorien, må denne gongen altså sjå seg slått av eit franskspråkleg universitet, og det plasserer seg denne gongen som nummer 20 i verda.  

Japansk universitet best utanfor Nord-Amerika og Europa

Av universiteta utanfor Europa og Nord-Amerika, er det The University of Tokyo som gjer det best, og hamnar som nummer 24.  Av dei kinesiske universiteta er det Tsinghua University som skårar høgast. Det hamnar på 26.plass i verda.  Peking University gjer det nest best av dei kinesiske universiteta, og blir nummer 34.

Sju norske blant dei 1000 beste

I Noreg er det ingen som gjer UiO rangen stridig som det beste universitetet.  Tettast på fylgjer NTNU i Trondheim som ligg ein stad mellom nummer 101 og 150 på lista over verdas beste universitet. Universitetet i Bergen finn me mellom dei 301-400 beste universiteta i verda i selskap med mellom andre University of Tehran og University College Dublin.  Universitetet i Tromsø dukkar opp mellom nummer 501 og 600 av verdas beste universitet.  NMBU ligg inne mellom universiteta som plasserer seg mellom 801 og 900. Og mellom dei 901 og 1000 beste universiteta i verda figurerer også for første gong Noregs handelshøgskule (NHH) i Bergen og Høgskulen på Vestlandet. 

Dei andre norske universiteta er ikkje med  på lista over dei 1000 beste universiteta i verda.

I Australia/Oceania er det The University of Melbourne som tar leiartrøya og passerer mållinja som nummer 32. Deretter kjem  The University of Queensland som nummer 47.

I Midtausten gjer Weizman Institute of Science og Technion-Israel Institute of Technology  frå Israel det best med ein delt 83.plass.

I Latin-Amerika er det Universtiy of Sao Paulo som plasserer seg høgast. Det ligg melom dei 101 og 150 beste, akkurat som NTNU.

Metodologien bak rangeringa

Shanghai-rangeringa inkluderer alle universitet som har nobelprisvinnarar, vinnarar av Fields-medaljeni matematikk, dei mest siterte forskarane eller vitskaplege artiklar publiserte i Nature eller Science.  I tillegg er også universitet som har med vitskaplege artiklar i Science Citation Index-Expanded og Social Science Citation Index (SSCI) inkluderte.  Samla har 2500 universiteta vorte rangerte, medan  resultata for dei 1000  beste er blitt publiserte. Det går fram av nettsidene til Shanghai-rangeringa.

Dette er vektlegginga:

Utdanningskvalitet for ein institusjon som har vunne nobelprisar eller Fieldsmedaljar:  10 prosent

Staben til ein institusjon som har vunne nobelprisar eller Fieldsmedaljar: 20 prosent

Forskingskvalitet: Mest siterte forskarar: 20 prosent

                                Vitskaplege artiklar publiserte i Nature eller i Science: 20 prosent

Forskingsresultat: Artiklar publiserte i SCI-index-Expanded og i SSCI: 20 prosent

Akademisk innsats for kvar tilsett: 10 prosent. 

 

• Les meir om universitetsrangeringar i Uniforum: 

UiO er på nittandeplass i Europa av dei mest synlege universiteta på nett

UiO på tredjeplass i Norden i fersk rangering

UiO er på tredjeplass i Norden på Shanghai-rankinga

UiO ramlar tre plassar ned i Europas meisterliga

Universitetet i Oslo går oppover på ny universetsrangering 

UiO er i Europas meisterliga for å vera mest synleg på nett

UiO er mellom dei fire mest internasjonale universiteta i Norden

UiO er på sjuendeplass i Norden på rangeringen til Times Higher Education

UiO skårer høyt på Shanghai-rangeringen

UiO er på bronseplass mellom Nordens mest synlege universitet på nett

 

 

 

 

 

Emneord: Rangeringer. Internasjonalisering Av Martin Toft:
Publisert 15. aug. 2022 14:11 - Sist endra 15. aug. 2022 14:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere