UiO er framleis i Europas meisterliga

Universitetet i Oslo er på tjuandeplass av Europas mest synlege universitet på nett. I Norden tar det bronseplassen, viser januar-rangeringa frå Webometrics hos det spanske forskingsrådet.

NUMMER 20 i EUROPA: UiO tilhøyrer meisterligaen av universitet i Europa ved å bli nummer 20 på den siste rangeringa til Webometrics.  Fysikkbygningen er ein av universitetsbygningane på Nedre Blindern. (Arkivfoto)

Foto: Ola Gamst Sæther

Den aller første universitetsrangeringa for 2023 frå Webometrics har University of Oxford, University of Cambridge og University College London på dei tre øvste plassane i Europa. Det beste ikkje-engelskspråklege universitetet kjem på fjerdeplass. Det er det sveitsiske universitetet Eidgenössische Technische Hochschule (ETH) i Zürich.

Så kjem det tre nye britiske universitet før nederlandske Utrecht University på åttandeplass, King¨s College London på niandeplass og nederlandske Universty of Amsterdam som endar som nummer 10.

Beste i Noreg:

1.Unversitetet i Oslo

2. NTNU

3.UiB

4. UiT

5. Universitetet i Stavanger

6. Universitetet i Agder

6. NMBU på Ås

 

Beste i Norden:

1.Københavns Universitet

2. Helsingfors Universitet

3. Universitetet i Oslo

4. Aarhus Universitet

5. Lunds universitet

6. Uppsala universitet

Beste i Europa:

1. University of Oxford

2. University of Cambridge

3. University College London

4. ETH, Swiss Federal School of Technology

 

Beste i verda:

1. Harvard University

2. Stanford University

3. Massachusetts institute of Technology (MiT)

4. University of California, Berkeley

5. University of Oxford

(Kjelde: Webometrics)

To danske før beste svenske universitet

Københavns Universitet hamnar på ellevteplass i Europa, og plasserer seg dermed på førsteplass i Norden. Det blir fylgt av Helsingfors unversitet på 18. plass og Universitetet i Oslo som nummer 20. På denne rangeringa inntar dermed UiO bronseplassen i Norden. Det nest beste danske er Aarhus Universitet på 24.-plass. Dei beste svenske universiteta er Lunds universitet og Uppsala universitet på høvesvis 32. - og 33.-plass. I verda kjem UiO på plass nummer 96, ein plass ned frå resultatet på rangeringa frå julirangeringa i fjor.

– Me har forskarar i verdsklasse

Rektor Svein Stølen er godt nøgd med UiOs plassering på denne rangeringa.

– Det er alltid hyggeleg at Universitetet i Oslo held stand på internasjonale rangeringar. Webometrics-rangeringa handler først og fremst om å vera til stades digitalt, men også om forskingsformidling. Me  har forskarar i  verdsklasse som publiserer og blir siterte breitt, og me har administrativt tilsette som jobbar med å gjera UiOs nettstad stadig betre og meir relevant, peikar han på. 

– Så må me, som vanleg, vera forsiktige med å konkludera for bastant. Men eg seier tusen takk til alle våre for innsatsen! er sluttkommentaren frå Svein Stølen til Uniforum.  

USA toppar verdsrangeringa

På toppen av verdsrangeringa til Webometrics finn me Harvard University frå USA. Det blir fylgt av Stanford University og Massachusetts Institute of Technology på dei to andre pallplassane. På fjerdeplassen kjem Berkeley-universitetet i California, før det beste europeiske universitetet University of Oxford på femteplass. Universitetet i Oslo endar  altså på 96.-plass på denne lista over verdas beste universitet.

Soleklar førsteplass i Noreg

I Noreg tronar UiO på ein soleklar førsteplass, langt føre NTNU som kjem på 65.-plass i Europa og Universitetet i Bergen som denne gongen trår til med ein 73.-plass i Europa. Universitetet i Tromsø blir nummer 200, Universitetet i Stavanger nummer 407 og Universitetet i Agder nummer 416. Der deler det plassering med NMBU på Ås som også er blant dei 416 beste universiteta i Europa. 

OsloMet hamnar på 436.-plass på denne rangeringa medan Universitetet i Søraust-Noreg er nummer 565. Høgskulen på Vestlandet plasserer seg som nummer 610, Handelshøyskolen BI blir nummer 675 og Nord Universitet legg seg inn på plass nummer 700. Noregs Handelshøgskule er nummer 733 og Høgskolen i Østfold nummer 747. Noregs idrettshøgskule nummer 826, Høyskolen Kristiania er 978,  medan Høgskolen i Molde er nummer 1090.  Til og med Universitetssenteret på Svalbard er inkludert. Det blir rangert som nummer 1120 i Europa, medan VID vitskaplege høgskule får ei plassering som nummer 1182.  Diakonhjemmets høgskole finn me som nummer 1385 og  Arkitektur- og designhøgskulen i Oslo får plassering 1520.

Kina gjer det best i Asia

Kinas beste universitet Tsinghua University blir nummer 23. Og Peking University finn me på 31.-plass. National University of Singapore er nummer 46 i verda og på tredjeplass i Asia. Det beste japanske universitet, University of Tokyo blir nummer 65.

I Australia gjer University og Melbourne det best med ein 39.-plass på denne rangeringa.  University of New South Wales kjem på 40.-plass, University of Sydney på 49.-plass og University of Quendsland som nummer 51.  Dei er dermed dei fire klart beste universiteta i Australia på denne målinga.

Brasil og Mexico på topp i Latin-Amerika

I Latin-Amerika er framleis Sao Paolo-universitetet på  topp. Det blir fylgt av Nasjonaluniversitetet i Mexico (UNAM). Medan det første blir nummer 68 på verdsrankinga, plasserer UNAM seg som nummer 116. 

Sør-Afrika dominerer

I Afrika er det dei sørafrikanske universiteta som dominerer. University of Cape Town er på topp med  University of the Witwatersrand, Stellenbosch University og Pretoria University på dei neste plassane. På femte- og sjetteplass kjem Kairo-universitetet og Alexsandria-universitetet frå Egypt. Dei er dei to einaste universitetet som ikkje kjem frå Sør-Afrika på ti på topp-lista.

Saudiarabiske universitet på topp

Dei to egyptiske universiteta er også med på lista over dei beste universiteta i den arabiske verda. Der kjem dei på fjerde- og femteplass. Dei tre første plassane tar dei saudiarabiske universiteta, King Saud University (1), King Abdulaziz University og King Abdullah University of Science and Technology. Israelske universitet figurerer på Europa-statistikken. Det hebraiske universitet i Jerusalem blir nummer 83 i Europa og nummer 247 i verda. Det beste arabiske universitetet, King Saud University ligg som nummer 320 i verda.

Metodologien bak målinga

Webometrics er ein del av det spanske forskingsrådet, og det måler i hovudsak kor synleg og tilgjengeleg eit universitet er på nett. Då handlar det både om nettsider, forskingsartiklar og anna materiell som universiteta gir ut.

Kor synleg ein institusjon er på nett utgjer 50 prosent av det endelege resultatet. Det som tel nest mest er kor mange vitskaplege artiklar institusjonen har mellom dei 10 prosent mest siterte forskingsartiklane i 26 ulike fag i perioden 2017–2021. Det utgjer 35 prosent av den samla poengsummen.Talet på siteringar frå dei beste forskarane tilgjengelege på nett, utgjer 10 prosent, medan det samla talet på nettsider med felles nettadresse bidrar med 5 prosent av den samla karakteren institusjonen får på målinga til Webometrics. Sjølv meiner det spanske forskingsrådet som står bak rangeringa, at desse indikatorane også gir eit godt og rett bilete av kvaliteten til kvart av dei universiteta og kvar av dei høgskulane som målinga har vurdert.

• Les heile rangeringa til Webometrics

• Les meir om rangeringar i Uniforum: 

UiO er nummer 126 på verdas mest prestisjetunge rangering

UiO er mellom dei 20 beste i Europa på Shanghai-rangeringa

UiO er på nittandeplass i Europa av dei mest synlege universiteta på nett

UiO når nye høyder på prestisjefylt universitetsrangering

UiO på tredjeplass i Norden i fersk rangering

UiO er på tredjeplass i Norden på Shanghai-rankinga

UiO ramlar tre plassar ned i Europas meisterliga

Universitetet i Oslo går oppover på ny universetsrangering 

UiO er i Europas meisterliga for å vera mest synleg på nett

UiO er mellom dei fire mest internasjonale universiteta i Norden

UiO er på sjuendeplass i Norden på rangeringen til Times Higher Education

UiO skårer høyt på Shanghai-rangeringen

UiO er på bronseplass mellom Nordens mest synlege universitet på nett

 

 

 

 

Emneord: Rangeringer. Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 7. feb. 2023 04:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere