Det var for ein månad sidan UiO fekk ein førespurnad frå Kunnskapsdepartementet om det var mogleg å organisera opptaksprøve for ukrainske ungdommar i Noreg. Og det skjedde etter ein førespurnad frå Ukrainas ambassade i Noreg. Det opplyser studiedirektør Hanna Ekeli til Uniforum. Dei unge det gjeld bur som flyktningar i Noreg, og dei vil søkja opptak på bachelorstudiet på universitet og høgskular i Ukraina.
– I den perioden det gjeld i juni er alle eksamenar over for studentane på UiO. Derfor kan me også bruka eksamenslokala i Silurveien til dette, fortel Ekeli.
– Det er fint
– Kva ressursar vil UiO bruka på dette?
– Folk frå IT-avdelinga til UiO skal rigga dette til i samarbeid med Ukrainas ambassade. Og dei unge som skal delta har direkte kontakt med ambassaden.
Studiedirektør Hanna Ekeli synest det er positivt at UiO har fått ein slik førespurnad.
– Det er fint å kunna leggja til rette for at unge ukrainarar i Noreg kan ta utdanning på det høgaste nivået i Ukraina.
– Den russiske krigsmaskina har drepe tusenvis av ukrainske sivile
Førstesekretær ved Ukrainas ambassade Oksana Gaiduchok fortel at dette er eit viktig tiltak midt i den brutale invasjonen Russland er i gang med på andre året og som har ført til at mange studentar mellombels har kome bort frå heimstadane sine.
– Den russiske krigsmaskina har drepe tusenvis av mange ukrainske sivile, mange av dei er barn og studentar. Heilt medvite er mange universitet, sjukehus, skular og barnehagar og anna sivil infrastruktur, øydelagde, skriv ho i ein epost til Uniforum.
Samarbeid mellom KD, UiO og Ukrainas ambassade
Det var i 2022, det ukrainske kunnskapsdepartementet tok avgjerda om å gjennomføra ein digital opptaksprøve for å gjera det mogleg for ukrainarar å kunna koma inn på høgare utdanning frå utlandet.
– I Noreg blei avtalen inngått i nært samarbeid med Kunnskapsdepartementet, Universitetet i Oslo, Ukrainas ambassade og Ukrainas nasjonale organ for kvalitet i utdanning. Det var ein heller rask og effektiv prosess. Alle arbeidde for det same målet og med felles motivasjon – å hjelpa våre studentar som mellombels var fordrivne, fortel Oksana Gaiduchok.
På spørsmål om det vil vera nødvendig for studentane å dukka opp fysisk på den aktuelle institusjonen i Ukraina, viser ho til dei tilsette ved Ukrainas nasjonale organ for kvalitet i utdanning.
Denne gongen er det berre ved Universitetet i Oslo det blir halde opptaksprøve for framtidige ukrainske studentar.
– Studentane må altså dra til Oslo og vera til stades fysisk for å kunna ta opptaksprøven. Samtidig kan søkjarar også ta den same opptaksprøven i andre land og i Ukraina. Samla vil 171 ukrainske studentar ta opptaksprøven i Noreg i år, opplyser ho.
– I svært gode hender
Så langt kan ho ikkje lova at representantar frå ambassaden vil koma og helsa på desse unge når dei kjem for å ta opptaksprøven i Silurveien.
– Uansett, så skal me i alle fall sjå nøye på korleis prosessen går. Og me trur at studentane våre er i svært gode hender hos kollegaene våre på Universitetet i Oslo, Ukrainas nasjonale organ for kvalitet i utdanning og ukrainske lærarar som har meldt seg frivillig til å hjelpa til. Me er svært takksame overfor alle som har vore involverte og tatt initiativet til at dette prosjektet har blitt til, seier Oksana Gaiduchok til Uniforum.
• Les meir om Ukraina i Uniforum:
Ukrainas fredsprisvinnar Oleksandra Romantsova: – Putin må i fengsel!
LEIAR: Det står respekt av akademias støtte til Ukraina
Det er uheldig for ein diktator å koma mellom to tigrar
Regjeringen fryser det akademiske samarbeidet med Russland
– Den internasjonale domstolen i Haag kan erklæra Russlands invasjon som illegitim
UiO set av 10 millionar kroner til Ukraina-beredskap
Tidlegare forsvarssjef: – Truleg er dette byrjinga på slutten av Putins regime
Suspenderer akademisk samarbeid med Russland
Russland kan bli stengt ute frå Horisont Europa
Universitetet i Tromsø fratok Sergei Lavrov æresdoktoratet
LEIAR: Ein maktsjuk mann som set verdsfreden i fare
Logg inn for å kommentere