UiO-professor Bård Harstad gir prispengar til Regnskogfondet

Økonomiprofessor Bård Harstad  fekk i fjor tildelt HUMSAM-prisen frå Vitskapsakademiet.   No fortel BårdHarstad at han vil gi  Regnskogfondet like mykje som beløpet som kjem inn frå andre, opp til 250 000 kroner, fram til 50-årsdagen sin 16. mars,

Portrett av ein mann i ein skog

SAMLAR INN PENGAR: Økonomiprofessor Bård Harstad har bestemt seg for å oppfordra alle til å gi eit bidrag til Regnskogfondet, Sjølv vil han matcha beløpet kvar enkelt gir  opptil  250 000 kroner som han fekk for HUMSAM-prisen. Det er måten han vil markera 50-årsdagen sin på. (Arkivfoto)

Foto: Ola Gamst Sæther/UiO

– Det er fantastisk og svært raust, seier utanlandssjef Anna Bjørndal i Regnskogfondet  til Uniforum.

I førre veke fekk dei melding om at økonomiprofessor Bård Harstad ville gi  Regnskogfondet like mykje som beløpet som kjem inn, opp til 250 000 kroner.

• Les meir: UiO-professor Bård Harstad er tildelt HUMSAM-prisen av Det Norske Videnskaps-Akademi

– Me tar det som eit døme på at den jobben me gjer har høg kvalitet.Og så viser det at det arbeidet me gjer for å redda regnskogen, er viktig for han, seier Anna Bjørndal.

Ho tykkjer også det er ekstra stas at han går ut på sosiale media og oppfordrar andre til å yta ein skjerv til Regnskogfondet.

Matchar beløpet

Til Regnskogfondet fortel Harstad at han vil gi  Regnskogfondet like mykje som beløpet som kjem inn, opp til 250 000 kroner fram til 50-årsdagen sin 16. mars. Det vil seia at alle som gir, kan redda to tre til prisen for eitt tre. Harstad matchar beløpet. Slik gir han altså gjevarar moglegheiten til å få dobbelt så mykje regnskogvern ut av pengane.

– For oss er dette eit godt bevis på at det arbeidet me gjer, er den mest kostnadseffektive måten å redda regnskogen på., å ta vare på folk og på planeten ved å ta vare på regnskogen, understrekar Anna Bjørndal. 

Uniforum har også vore i kontakt med økonomiprofessor Bård Harstad ved Økonomisk institutt på Universitetet i Oslo.  

– Eg har vore heldig å få prisen for  forskinga mi  på nettopp effektiv miljøpolitikk!
Og regnskogsvern er det mest effektive eg kjenner til: Det vernar natur, miljø, klima, urfolk, og utvikling – i eitt og same jafs, fortel han i ein epost.  Og  Harstad  fylgjer nøye med på  utviklinga i det største regnskoglandet. 
– Brasil har verdas største regnskog og endeleg ei regjering som vil satsa på vern. Derfor trur eg midlar dit er svært kostnadseffektivt. Eg ynskjer jo at også andre gir, og kan med dette subsidiera andre sine  gåver, seier han. 

Har gjort miljøøkonomi meir relevant

Bård Harstad blei tildelt HUMSAM-prisen i november i fjor for arbeidet sitt  "med å vise hvordan økonomisk teori kan benyttes til å forbedre miljøpolitikken. Harstad har bidratt til å gjøre miljø-økonomi mer relevant, mer tverrfaglig og mer synlig. Det står det i grunngjevinga frå prisjuryen, ifølge ei pressemelding frå Vitskapsakademiet

Som takk for prisen skal økonomiprofessor Bård Harstad klokka 18.00 i dag halda førelesinga "Er økonomisk effektivitet politisk mulig?"  i Akademiets hus i Drammensveien 78. 

Utanlandsjef Anna Bjørndal har mykje å seia om kva støtta har å seia for Regnskogfondet og verdas regnskogar. 

Ho viser til at regnskogen i dag utgjer 6 prosent av jordas flate. Ein tredel av jordas regnskog er allereie borte, ein tredel er øydelagt, medan ein tredel er intakt slik den har vore i millionar av år. 

– 260 millionar menneske lever i regnskogane medan 80 prosent av alle dyre- og planteartar på jorda finst i desse regnskogane. 60 millionar av dei som bur i regnskogane er er urfolk som alltid har halde til i regnskogen. Dei har ein stor språkrikdom, ein rik kultur og lange tradisjonar. Me veit at å sikra rettane til dei som bur der, er den beste måten å ta vare på regnskogen. Dei som bur der, merkar også endå meir korleis klimanendringane  påverkar heile økosystemet, fortel ho.

FN.sambandet stadfestar desse tala i denne artikkelen

Stort norsk engasjement for regnskogane 

Amazonasjungelen er det største regnskogområdet i verda og er delt mellom Brasil, Peru og Colombia. Så fylgjer regnskogane i Den demokratiske republikken Kongo i Afrika, medan det i Asia finst mest regnskog i Indonesia og i Papua Ny Guinea. 

Anna Bjørndal har lagt merke til at det er eit stort engasjement for regnskogane i Amazonas i Noreg. 

– Den gongen store delar av Amazonas blei truga av store brannar, kom det inn mange bidrar frå frå folk over heile landet til Regnskogfondet. Det er fint at noko som er så langt borte kan vekkja så stor interesse blant folk her i landet, seier ho. 

(Oppdatert med kommentar frå Bård Harstad og speifisering av pengegåva 14. mars kiokka 12:36). 

 

• Les meir om klima i Uniforum: 

Jussprofessoren frå UiO passar på at landa etterlever Paris-avtalen

100 demonstrerte for at politikarane skal ta klimatrugsmålet meir alvorleg

Etterlyser flere samfunnsvitere inn i klimaforskningen - mener det trengs alternativ til FNs klimapanel

Forskarar og studentar med klimaprotest mot politikarane på Blindern

Derfor passer ikkje hjemmekontor som klimatiltak på UiO

Professor: Nedgangen i klimautslippene må komme før 2025

Klimarapporten: – Et nytt søkelys på gjennomgripende samfunnsendringer

FNs klimapanel advarer mot dramatiske klimaendringer

Emneord: Økonomisk institutt, Videnskaps-Akademiet, Miljøforskning Av Martin Toft
Publisert 13. mars 2023 15:19 - Sist endra 15. mars 2023 21:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere